På denne turen skal vi bu på Askvoll Fjordhotell eller på Fabel i Dale. Kvar deltakar ordnar sjølv med reisa dit, eller til flyplassen i Førde. Fotefar temareiser hjelp gjerne til med tips og råd til reisa. Busstransport frå flyplassen i Førde til hotellet i Askvoll, og attende siste dag, kan kjøpast mot tillegg. All busstransport mellom Dale og Askvoll Fjordhotell som står i turprogrammet, er inkludert i turprisen.
Kl. 14.30 er det frammøte og innsjekking på hotellet i Askvoll. Her møter vi vår trivlege reiseleiar frå Fotefar før vi tek bussen til Dale for opning av turopplegget i Klokkargarden i Dale i Sunnfjord. På bussen gjev reiseleiaren oss informasjon om turen og dei neste dagane.
På tunet til Klokkargarden vil turleiaren frå Fotefar temareiser, Gunnstein Akselberg, ønske deltakarane velkomne til fire dagar med program om den populære diktaren Jakob Sande. Vidare vil vi få opningstale av Liv Hege Skagestad med tittelen: Jakob Sande i mitt hjarta.
Kulturelt innslag med diktlesing, song og allsong.
Klokkargarden var Jakob Sande sin barndomsheim. Faren var lærar, klokkar og ein viktig kulturperson i bygda. Vi får omvising i Klokkargarden i mindre grupper. Her ser vi barndomsheimen, skulehuset, tusenårsstaden, bysta av Jakob Sande og gravplassen hans.
Det blir så bli-kjend-kveld i Løa i Klokkargarden. Første post på programmet er kåseri av Gunnstein Akselberg med tittel: Jakob Sande - Liv og dikting med vekt på kontrastar. Vi får så servert middag før vi avsluttar dagen med underhaldning av dugande aktørar som syng og deklamerer dikt av Jakob Sande.
Busstransport til Askvoll Fjordhotell (ca. 20 min).
(M)
Vi et ein god frukost på hotellet før vi går om bord i bussen som tek oss til Dale. På Klokkargarden får vi kåseri av Gunnstein med følgjande tema: Jakob Sande på sjølvstyr i Rotterdam.
Etterpå startar vi dagen med gaida vandring rundt om i tettstaden. Dale har alltid har vore ein møtestad og stått fram som særeigen i Sunnfjord med aktivitetar innan kultur, skule, danning og gründerverksemd. På vandringa med Gunnstein og Liv Hege vil vi møte fleire sentrale personar og høyre om historia til bygdesamfunnet og utfordringane det har i dag.
Før det blir lunsj og litt fritid på eiga hand, får vi eit foredrag av lektor Ove Eide med tittel: Jakob Sandes mange ansikt (The Many Faces Of Jakob Sande). Eide er gjerne den fremste kjennaren av diktaren då han har skrive biografien om han.
I lunsjpausen vil vi foreslå ein gåtur opp til Nordisk kunstnarsenter, som ligg like ovanfor Dale sentrum. Etterpå møtest vi i skulehuset att og får to foredrag arrangert av Jakob Sande-senter for forteljekunst. I løpet av dagane vi er i Dale, arrangerer dei føredrag og kåseri om forteljekunst og vi gler oss til fleire spennande innlegg av kunnskapsrike føredragshaldarar.
Bussen køyrer oss så til hotellet i Askvoll for å slappe av og kjøpe oss middag. Tidleg om kvelden dreg vi tilbake til Dale og deltek på kulturprogram og fest der.
Vi blir først med på festframsyning i Klokkargarden. Dette er eit årleg arrangement med ulikt innhald kvart år som heiter Fest i Fjaler, eit treffande namn. Vi koser oss med musikk og godt selskap og satsar på ein svingom før vi dreg tilbake til Askvoll.
(F)
Etter frukost køyrer vi til Flekke med Gunnstein som gaid og ut langs fjorden slik vi kan sjå Kobbeskjeret på nært hald. Heile turgruppa syng “Morgon på Kobbeskjeret” og Gunnstein fortel litt om dette vakre diktet og deklamerer elles “Då Gud heldt fest i Fjaler”.
Vi dreg vidare til den vesle idylliske bygda Flekke og besøkjer United World College (UWC). Dette er ein internasjonal skule som ligg side om side med Raude Kross sitt rehabilitetssenter Hauglandsenteret og samlar om lag 200 ungdommar frå 90 ulike nasjonar. Her får vi omvising av Arne Osland, som er lærar på UWC. Han vil også halde foredrag med tittel: Jakob Sande og havet.
Vegen går så til Lillingstonheimen, som var ein gamal embetsmannsgard og engelsk overklassebustad like fram til 1968. Her blir vi ynskt velkomne av Fortidsminneforeiningen ved historikar Alexander Rauboti. Vi får servert føremiddagste/-kaffi med noko å bite i ved den vakre hagen medan Alexander fortel om historia til denne unike eigedommen. Han vil dele oss inn i mindre grupper og ta oss med inn i draumehuset. Elles legg vi opp til vandring på eiga hand i hagen og i det vakre landskapet rundt om på eigedommen.
Om ettermiddagen tek bussen oss til Dale der vi møtest i skulehuset til foredrag av Gunnstein Akselberg med tittel: Jakob Sande sitt ettermæle.
Det blir middag i Løa på Sande-senteret før vi får kveldsunderhaldning i regi av Jakob Sande-senter for forteljekunst.
Buss tilbake til Askvoll og overnatting på hotellet vårt.
(F, M)
Om morgonen køyrer bussen oss tilbake til Dale. Der går vi samla til Nikka Vonens Pigeinstitutt og får omvising av Greta Hekneby og Liv Hege Skagestad. Nikka Vonen var forfattar, folkeminnesamlar og ei særs gåverik kvinne. Mest kjend er ho for arbeidet ho la ned i den landskjende pensjonatskulen, der Bergljot Bjørnson, dotter av Bjørn og Karoline Bjørnson, var blant ei dei om lag 800 jentene under Nikkas kateter. Etter omvisinga går vi til skulehuset og får forfattarsamtale mellom Gunnstein og Greta Hekneby om Nikka Vonen. Greta har skrive biografi om den fascinerande og spennande føregangskvinna.
Vi avsluttar turopplegget med programposten Ønskjediktet. Her kan deltakarane ha komme fram med dikt av Jakob Sande som dei gjerne vil høyre til slutt. Gunnstein og Liv Hege les dikta.
Avslutningsord ved Gunnstein Akselberg frå Fotefar temareiser og Liv Hege Skagestad frå Sande-senteret.
Busstransport frå Dale til Askvoll, og vidare til flyplassen i Førde mot tillegg.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
12/8 | Askvoll | Askvoll | Meir enn 8 | 13 950,- | BestillMer informasjon |
12/8 | Askvoll | Fabel i Dale | Meir enn 8 | 13 250,- | BestillMer informasjon |
12/8 | Askvoll | Ingen overnatting | 5 | 11 950,- | BestillMer informasjon |