Reisa startar frå Oslo. Vi er framme i Tel Aviv om kvelden. Der ventar bussen vår på oss og køyrer til hotellet i Jerusalem. Hotellet vårt ligg sentralt, i den vestlege delen av byen. Vi bur på same hotellet under heile opphaldet.
Etter ein god frukost køyrer bussen oss austover til Olivenåsen, som ligg aust for sentrum i Jerusalem. (Det norske ’Oljeberget’ er eigentleg ei misvisande omsetjing.) Frå Olivenåsen ser vi rett mot vest, ut over heile gamlebyen i Jerusalem. Gamlebyen er i dag delt inn i fire kvartal - det jødiske, det muslimske, det armenske og det kristne. Olivenåsen har i hovudsak vore ein jødisk gravplass opp gjennom historia, og nokre av gravene har opphavet sitt frå tusenåret før Jesu tid. Framleis blir åsen brukt som gravstad.
Frå Olivenåsen vandrar vi ned i Getsemane og opp til bymuren, som ligg rundt det historiske Jerusalem. Vi går inn i gamlebyen gjennom Løveporten, og med det er vi rett i bibelsoga. Lidingsvegen til Jesus, Via Dolorosa, startar drygt hundre meter lenger inne. Til høgre ligg det som på Jesu tid var Betesda-dammen, der sjuke vart lækte. Til venstre ligg restane av Antonia-borga der Pilatus sat og dømde og administrerte. Vi går så vidare til Golgata, vitjar Klagemuren og ser Tempelhøgda før vi besøker Davidsbyen og Sions berg, der Jesus i påskeveka hadde kveldsmåltid med disiplane sine.
Det kan bli varmt denne dagen, så ein bør kle seg ledig og med høveleg fottøy. Etter rundturen køyrer bussen oss frå gamlebyen og attende til hotellet, og om kvelden møtest vi til fellesmiddag der.
Etter middagen vil Lomheim kåsere og trekkje fram opplevingar vi har hatt i det gamle Jerusalem denne dagen.
(F, M)
Etter frukost køyrer vi med buss nordover til Nasaret i Galilea. Der besøker vi bybrønnen frå Jesu tid og Maria Bodskapskyrkje, før turen går til Magdala og vidare mot Kapernaum som ligg ved Genesaretsjøen. Denne sjøen ligg som kjent om lag to hundre meter under havet! I bakkane vest for Kapernaum heldt Jesus i følgje tradisjonen Bergpreika si. Når vi forlét Kapernaum, dreg vi vidare langs sjøen, der vi kjem til å stanse og ta lunsj. Her blir det høve til å smake «Petersfisken» frå Genesaretsjøen. Det er ein abbortype med mykje bein. Etter lunsj blir det ein liten båttur før vi tek fatt på Jordan-dalen sørover og vonar å få med oss eit godt utsyn mot Jeriko, som er rekna for å vere blant dei eldste bydanningane i verda.
Retur til hotellet i Jerusalem der vi igjen har middag på hotellet, med program og opplegg som dei andre kveldane.
(F, L, M)
Etter frukost går turen til Daudehavet. Vi startar i Jerusalem på vel 700 m.o.h. og køyrer først aust og så sørover, alt medan det blir meir og meir øydemark. Kanskje ser vi nokre beduinfamiliar langs vegen. Etter mindre enn ein times køyring er vi ved sjøen som ligg 410 meter under havet. Dette er verdas lågaste punkt.
Første stopp i øydemarka er ved fjellet Masada, eit hebraisk ord som betyr ’borg’. På toppen bygde kong Herodes både palass og forsvarsborg i åra 37-31 f.Kr. Under det jødiske opprøret mot romarane rundt år 70 e.Kr. forskansa ei motstandsgruppe seg her. Først etter langvarig kringsetjing av romerske legionar måtte folka oppe på fjellplatået gje tapt. Historia fortel at 976 jødar tok sitt eige liv då romarane til slutt braut gjennom muren rundt toppen.
Etter denne hendinga har jødane eit ordtak som seier «Aldri meir Masada». Vi nyttar gondolbane opp og ned. Det er flott utsikt over Daudehavet frå det 700 meter høge fjellet. Etter Masada dreg vi til naturreservatet En Gedi med legendariske kjelder og ein sjeldan vegetasjon. Ifølgje Det gamle testamentet var det i denne vesle oasen ved Daudehavet at den unge David gøymde seg etter å ha hamna i unåde hjå kong Saul.
Deretter køyrer vi vidare nordover att til Qumran ved enden av Daudehavet, der dei mykje omtalte Daudehavsrullane vart funne i åra etter siste verdskrigen. Her er gjort arkeologiske utgravingar med funn av bygningsrestar frå før Kristi fødsel. Lunsj på eiga hand i Qumran.
Etter lunsj spaserer vi ned til Daudehavet, og dei som vil, kan prøve ein symjetur før vi dreg attende til hotellet i Jerusalem. På vegen opp att til Jerusalem vil vi sjå den staden der etter evangelia den godhjarta samaritanen tok seg av den forkomne mannen som hadde blitt utsett for landevegsrøvarar.
Middag på hotellet.
(F, M)
Etter frukost blir det ein kort køyretur til den nye delen av Vest-Jerusalem for å besøkje museet Yad Vashem, som er til minne om Holocaust. På vegen dit passerer vi Knesset, det israelske parlamentet.
Etter Holocaust-museet dreg vi sørover til Betlehem for å besøkje Fødselskyrkja. Byen Betlehem ligg i ei skråning, og vi tek også turen ned på markene der gjetarane ifølgje Lukas var med flokken sin om natta då Jesus vart fødd. Når vi er i Betlehem, vil vi oppleve at det i ganske stor grad er ein kristen, palestinsk by.
På køyreturen til Betlehem passerer vi den høge muren som vart reist for nokre år sidan, og vi får eit sterkt inntrykk av at Palestina og Israel i dag er to skilde nasjonar.
Bussen tek oss tilbake til hotellet, der vi også denne kvelden møtest til fellesmiddag.
Ved middagen blir det snakk og song ved Lomheim, med høve òg for andre å komme med innslag.
(F, M)
Etter frukost er det tid på eiga hand denne siste dagen i Jerusalem. Reiseleiarane står til rådvelde for idear og forslag. Hotellet vårt ligg ikkje langt frå eit par av dei mest travle og fargerike marknadsgatene i Vest-Jerusalem. Her blir det rikeleg høve til å handle og å oppleve folkelivet.
Dei som ikkje synest så mykje om dét, kan ta trikken fire stoppestader austover frå hotellet og stige av ved Jaffa-porten. Derifrå kan ein vandre inn i gamlebyen og velje sine attraksjonar denne dagen. Reiseleiarane kjem med tips og svarar på spørsmål.
Middag på hotellet med avslutningssamvær, og Lomheim tek gitaren med.
(F, M)
Dette er dagen for avreise frå Israel. Flyet har avgang om morgonen, så etter frukost køyrer bussen oss vestover, direkte til flyplassen i Tel Aviv.
(F)