Skip to main content

I Jesu fotefar med Sylfest Lomheim

30. mars - 5. april 2022.

Den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim, er reiseleiar til Israel, dette spennande og motsetnadsfylte landet i Midt-Austen. Tidleg på totusentalet var han med på å nyomsetja Lukas, Markus, Matteus og Apostelgjerningane. Han har mellom anna skrive Adam og Eros (Dreyer 2013) der han har samla opp historier om ord og uttrykk frå Bibelen og mytologi, ei bok med mange underhaldande anekdotar.

Lomheim tek oss med på ei fascinerande reise til dei kjende bibel-stadene i Jerusalem, som Klagemuren, Salomos tempel, Via Dolorosa, Golgata, Jesu grav, Pilatus si borg, Sions berg, Tempelhøgda med den blå-vakre moskeen Al-Aqsa. I tillegg får deltakarane dagsturar til blant anna Nasaret, Jeriko, Betlehem, Daudehavet og Kapernaum. Sjølvsagt blir det lunsj ved Genesaretsjøen – med fisk på menyen.

Alle får ved starten på turen eit eksemplar av Lomheims roman Menneskesonen som kom ut i april 2021, og boka er inkludert i turprisen.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 30. mars - Avreise til Tel Aviv og Jerusalem

    Reisa startar frå Oslo og Bergen. Vi er framme i Tel Aviv om kvelden. Der ventar bussen vår på oss og køyrer til hotellet i Jerusalem. Hotellet vårt ligg sentralt, i den vestlege delen av byen. Vi bur på same hotellet under heile opphaldet.

  • Dag 2: Torsdag 31. mars - Olivenberget og gamlebyen i Jerusalem

    Etter ein god frukost køyrer bussen oss austover til Olivenåsen, som ligg aust for sentrum i Jerusalem. (Det norske ’Oljeberget’ er eigentleg ei misvisande omsetjing.) Frå Olivenåsen ser vi rett mot vest, ut over heile gamlebyen i Jerusalem. Gamlebyen er i dag delt inn i fire kvartal - det jødiske, det muslimske, det armenske og det kristne. Olivenåsen har i hovudsak vore ein jødisk gravplass opp gjennom historia, og nokre graver der har opphavet sitt frå før Jesu tid. Framleis blir åsen brukt som gravstad.

    Frå Olivenåsen vandrar vi ned til bymuren, som ligg rundt det historiske Jerusalem. Vi går inn i gamlebyen gjennom Løveporten. Med det er vi rett i bibelsoga. Lidingsvegen til Jesus, Via Dolorosa, startar drygt hundre meter lenger inne. Til høgre ligg det som på Jesu tid var Betesda-dammen, der sjuke vart lækte. Til venstre ligg restane av Antonia-borga der Pilatus sat og dømde og administrerte. Vi går så vidare til Golgata, vitjar Klagemuren og ser Tempelhøgda før vi  besøkjer Davidsbyen og Sions berg, der Jesus i påskeveka hadde kveldsmåltid med disiplane sine.

    Det kan bli varmt denne dagen, så ein bør kle seg ledig og med høveleg fottøy. Etter rundturen køyrer bussen oss frå gamlebyen og attende til hotellet. Om kvelden møtest vi til fellesmiddag på hotellet.

    Etter middagen vil Lomheim kåsera og trekkja fram opplevingar vi har hatt i det gamle Jerusalem denne dagen.
    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 1. april - Nasaret, Magdala, Kapernaum med Gennesaretsjøen og Jordan-dalen

    Etter frukost reiser vi med buss nordover til Nasaret i Galilea. Der besøkjer vi Maria Bodskapskyrkje, før turen går til Magdala og vidare mot Kapernaum som ligg ved Gennesaretsjøen. Denne sjøen ligg som kjent om lag to hundre meter under havet! I bakkane vest for Kapernaum heldt Jesus i følgje tradisjonen Bergpreika si. Når vi forlét Kapernaum, dreg vi vidare langs sjøen, der vi kjem til å stanse og ta lunsj. «Petersfisken» frå Gennesaretsjøen står på menyen. Det er ein abbortype med mykje bein. Etter lunsj tek vi fatt på Jordan-dalen sørover og vonar å få med oss eit godt utsyn mot Jeriko, som er rekna for å vere ei av dei eldste bydanningane i verda.

    Retur til hotellet i Jerusalem der vi igjen har middag på hotellet, og med program og opplegg som dei andre kveldane.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 2. april - Daudehavet, gondoltur på Masada, En Gedi og Qumran

    Etter frukost går turen til Daudehavet. Vi startar i Jerusalem på vel 700 m.o.h. og køyrer først aust og så sørover, alt medan det blir meir og meir øydemark. Kanskje ser vi nokre beduinfamiliar langs vegen. Etter mindre enn ein times køyring er vi ved sjøen som ligg 410 meter under havet, verdas lågaste punkt.

    Første stopp i øydemarka er ved fjellet Masada, eit hebraisk ord som betyr ’borg’. På toppen bygde kong Herodes både palass og forsvarsborg i åra 37-31 f.Kr. Under det jødiske opprøret mot romarane rundt år 70 e.Kr. forskansa ei motstandsgruppe seg her. Først etter langvarig kringsetjing av romerske legionar måtte folka oppe på fjellplatået gje tapt. Historia fortel at 976 jødar tok sitt eige liv då romarane til slutt braut gjennom muren rundt toppen.

    Etter denne hendinga har jødane eit ordtak som seier «Aldri meir Masada». Vi må nytta gondolbane opp og ned. Det er flott utsikt over Daudehavet frå det 700 meter høge fjellet. Etter Masada dreg vi til naturreservatet En Gedi med legendariske kjelder og ein sjeldan vegetasjon. Ifølgje Gamletestamentet var det her i denne vesle oasen ved Daudehavet at den unge David gøymde seg etter å ha hamna i unåde hjå kong Saul.

    Deretter køyrer vi vidare nordover att til Qumran ved enden av Daudehavet, der dei mykje omtalte Daudehavsrullane vart funne i åra etter siste verdskrigen. Her er gjort arkeologiske utgravingar med funn av bygningsrestar frå før Kristi fødsel. Lunsj på eiga hand i Qumran.

    Etter lunsj spaserer vi ned til Daudehavet, og dei som vil, kan prøva ein symjetur før vi køyrer attende til hotellet i Jerusalem. På vegen opp att til Jerusalem vil vi sjå den staden der etter evangelia den godhjarta samaritanen tok seg av den forkomne mannen som hadde blitt utsett for landevegsrøvarar.

    Middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 3. april - Yad Vashem, Knesset og Betlehem med Fødselskyrkja

    Etter frukost blir det ein kort køyretur til den nye delen av Vest-Jerusalem for å besøkja museet Yad Vashem, som er til minne om Holocaust. På vegen dit passerer vi Knesset, det israelske parlamentet.
    Etter Holocaust-museet køyrer vi sørover til Betlehem for å besøkja Fødselskyrkja. Byen Betlehem ligg i ei skråning, og vi tek også turen ned på markene der gjetarane ifølgje Lukas var med flokken sin om natta då Jesus vart fødd. Når vi er i Betlehem, vil vi oppleva at det i ganske stor grad er ein kristen, palestinsk by.

    På køyreturen til Betlehem passerer vi den høge muren som vart reist for nokre år sidan, og vi får eit sterkt inntrykk av at Palestina og Israel i dag er to skilde nasjonar.

    Bussen tek oss tilbake til hotellet, der vi også denne kvelden samlast til fellesmiddag.
    Ved middagen blir det snakk og song ved Lomheim, med høve òg for andre å komma med innslag.
    (F, M)

  • Dag 6: Måndag 4. april - Eiga tid i Jerusalem

    Etter frukost er det tid på eiga hand denne siste dagen i Jerusalem. Reiseleiarane står til rådvelde for idear og forslag. Hotellet vårt ligg ikkje langt frå eit par av dei mest travle og fargerike marknadsgatene i Vest-Jerusalem. Her blir det rikeleg høve til å handla og å oppleva folkelivet.

    Dei som ikkje synest så mykje om dét, kan ta trikken fire stoppestader austover frå hotellet og stiga av ved Jaffa-porten. Derifrå kan ein vandra inn i gamlebyen og velja sine attraksjonar denne dagen. Reiseleiarane kjem med tips og svarar på spørsmål.

    Middag på hotellet med avslutningssamvær. Lomheim tek gitaren med.
    (F, M)

  • Dag 7: Tysdag 5. april - Heimreise

    Dette er dagen for avreise frå Israel. Flyet har avgang om morgonen, så etter frukost køyrer bussen oss vestover, direkte til flyplassen i Tel Aviv.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/3OsloIsraelMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
30/3BergenIsrael719 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo