Skip to main content

I Jesu fotefar med Sylfest Lomheim

16. - 22. oktober 2021.

Sylfest Lomheim blir kjentmannen vår på turen til dette spennande området i Midt-Austen. Han var med på nyomsetjinga av Lukas, Markus og Matteus evangelia og har elles skrive boka Adam og Eros. Her har han samla opp historier om ord og uttrykk frå Bibelen og mytologi, så det blir mange underhaldande anekdotar. Lomheim tek oss med på ei innhaldsrik reise til dei kjende stadene frå bibelsoga, som Klagemuren, Salomos tempel, Via Dolorosa, Golgata, Jesu grav, Pilatus si borg, Sions berg, Tempelhøgda med Al-Aqsa moskeen i Jerusalem. I tillegg blir det dagsturar til blant anna Nasaret, Jeriko, Betlehem, Daudehavet og Kapernaum. Og sjølvsagt blir det lunsj ved Genesaretsjøen med fisk på menyen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 16. oktober - Avreise til Tel Aviv og Jerusalem

    Reisa startar frå Oslo med utreise frå andre byar på førespurnad. Vi er framme i Tel Aviv om kvelden, og bussen vår køyrer oss til hotellet i Jerusalem. Hotellet ligg sentralt, i den vestlege delen av byen. Vi bur på same hotellet under heile opphaldet.

  • Dag 2: Søndag 17. oktober- Olivenberget og gamlebyen i Jerusalem

    Etter ein god frukost køyrer bussen vår oss austover til Olivenberget, aust for sentrum i Jerusalem. (Det norske ’Oljeberget’ er ei misvisande omsetjing). Frå Olivenberget ser vi rett vestover, ut over heile gamlebyen i Jerusalem. Gamlebyen er i dag delt inn i fire kvartal - det jødiske, det muslimske, det armenske og det kristne. Olivenberget har i hovudsak vore ein jødisk gravplass opp gjennom historia, og nokre graver der har opphavet sitt frå før Jesu tid. Framleis i dag blir åsen brukt som gravstad.

    Frå Olivenberget vandrar vi ned til bymuren som ligg rundt det historiske Jerusalem. Vi går inn i gamlebyen gjennom Løveporten. Med det er vi rett i bibelsoga. Lidingsvegen til Jesus, Via Dolorosa, startar drygt hundre meter lenger inne. Til høgre ligg det som på Jesu tid var Betesda-dammen, der sjuke vart lækte. Til venstre ligg restane av Antonia-borga der Pilatus sat og administrerte. Vi går så vidare til Golgata, vitjar Klagemuren og ser Tempelhøgda, og vi besøkjer Davidsbyen og Sions berg, der Jesus i påskeveka hadde kveldsmåltid med disiplane sine. Denne dagen bør ein kle seg ledig og med høveleg fottøy. Etter rundturen køyrer bussen oss frå gamlebyen og attende til hotellet. Om kvelden møtest vi til fellesmiddag på hotellet vårt.

    Etter middagen vil Lomheim kåsere og trekkje fram opplevingar vi har hatt i det gamle Jerusalem denne dagen.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 18. oktober - Nasaret, Magdala, Kapernaum med Genesaretsjøen og Jordan-dalen

    Etter frukost reiser vi med buss nordover til Nasaret i Galilea. Der besøkjer vi Maria Bodskapskyrkje, før turen går til Magdala og vidare mot Kapernaum ved Genesaretsjøen, som ligg om lag to hundre meter under havet! I bakkane vest for Kapernaum heldt Jesus i følgje tradisjonen Bergpreika si. Når vi forlèt Kapernaum, dreg vi vidare langs sjøen, der vi kjem til å stanse og ha lunsj. «Petersfisken» frå Genesaretsjøen står på menyen. Det er ein abbortype med mykje bein. Etter lunsj tek vi fatt på Jordan-dalen sørover og vonar å få med oss eit godt utsyn mot Jeriko, som er rekna for å vere ei av dei eldste bydanningane i verda.

    Retur til hotellet i Jerusalem der vi igjen har middag på hotellet, og med program og opplegg som dei andre kveldane.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 19. oktober - Yad Vashem, Knesset og Betlehem med Fødselskyrkja

    Etter frukost blir det ein kort køyretur til den nye delen av Jerusalem for å besøkje museet Yad Vashem, som er til minne om Holocaust. På vegen dit passerer vi Knesset, det israelske parlamentet.
    Deretter køyrer vi sørover til Betlehem for å besøkje Fødselskyrkja. Byen Betlehem ligg i ei skråning, og vi tek også turen ned på markene der gjetarane i følgje Lukas var med flokken sin om natta. Vi opplever at Betlehem i stor grad er ein kristen, palestinsk by. Når vi på køyreturen denne dagen passerer den høge muren, blir vi minna om at Palestina og Israel i dag er to skilde statar.

    Bussen køyrer oss tilbake til hotellet, der vi også denne kvelden har fellesmiddag.
    Under og etter middagen blir det innslag og kåseri av Lomheim, og det blir høve for andre å bidra.
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 20. oktober - Daudehavet, gondoltur på Masada, En Gedi og Qumran

    Etter frukost går turen til Daudehavet. Vi startar i Jerusalem på 700 m.o.h. og køyrer så sørover, alt medan det blir meir og meir øydemark. Kanskje ser vi nokre beduinfamiliar langs vegen. Etter mindre enn ein times køyring, er vi ved sjøen som ligg 410 meter under havet, verdas lågaste punkt. Første stopp i øydemarka blir ved fjellet Masada, eit hebraisk ord som betyr ’borg’. På toppen bygde kong Herodes både palass og forsvarsborg i åra 37-31 f.Kr. Under det jødiske opprøret mot romarane rundt år 70 e.Kr. forskansa ei motstandsgruppe seg her. Først etter langvarig kringsetjing av romerske legionar, måtte folka her gje tapt. Historia fortel at 976 jødar tok sine eigne liv då romarane til slutt braut gjennom muren rundt toppen. Etter denne hendinga har jødane eit ordtak som seier «Aldri meir Masada». Vi må nytte gondolbane opp og ned. Det er flott utsikt over Daudehavet frå det 700 meter høge fjellet. Etter Masada dreg vi vidare til naturreservatet En Gedi med dei legendariske kjeldene og sjeldne vegetasjon. I følgje Det gamle testamentet var det her i denne vesle oasen at den unge David gøymde seg etter å ha hamna i unåde hjå kong Saul.

    Deretter køyrer vi vidare nordover att til Qumran ved enden av Daudehavet, der dei kjende Daudehavsrullane vart funne i åra etter siste verdskrigen. Her er også gjort arkeologiske utgravingar med funn av bygningsrestar frå før Kristi fødsel. Lunsj på eiga hand  i Qumran. Etter lunsj spaserer vi ned til Daudehavet, og dei som vil, kan prøve  ein symjetur her før vi dreg attende til hotellet i Jerusalem. På vegen opp att til Jerusalem vil vi sjå den staden der den miskunnsame samaritanen etter tradisjonen tok seg av den forkomne mannen som hadde vorte overfalle av landevegsrøvarar.

    Middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 6: Torsdag 21. oktober - Eiga tid i Jerusalem

    Etter frukost er det tid på eiga hand på denne siste dagen i Jerusalem. Reiseleiarane står til rådvelde for idear og forslag. Hotellet vårt ligg ikkje langt frå eit par av dei mest travle og fargerike marknadsgatene i Vest-Jerusalem. Her blir det rikeleg høve til å handle og å oppleve folkelivet. Dei som ikkje synest så mykje om dét, kan ta trikken fire stoppestader austover frå hotellet og stige av ved Jaffa-porten. Derifrå kan ein vandre inn i gamlebyen og velje attraksjonar denne dagen. Reiseleiarane kjem med tips og svarar på spørsmål.

    Middag på hotellet med avslutningssamvær.
    (F, M)

  • Dag 7: Fredag 22. oktober - Heimreise

    Dette er dagen for avreise frå Israel. Flyet har avgang om morgonen, så etter frukost køyrer bussen oss vestover, direkte til flyplassen i Tel Aviv. Vi er framme i Oslo om ettermiddagen.
    (F)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/10OsloIsraelMeir enn 819 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo