Skip to main content

I Luthers fotefar med Gunnstein Akselberg

18. - 24. april 2022.

I 2017 vart 500-årsjubileet for reformasjonen markert. To gonger tidlegare har vi i Fotefar arrangert tur i Luthers fotefar. Professor Gunnstein Akselberg er fagperson på denne turen. Han har lenge interessert seg for Martin Luther, besøkt byar der Luther virka, halde foredrag om han og skrive om livet hans og reformasjonen. Vi er svært glade for at Gunnstein, kjend frå Eides språksjov, har sagt seg villig å vere med oss på tur til Tyskland i 2022.

Turen går gjennom eit av dei vakraste områda i Tyskland, og vi besøkjer blant anna Eisleben, Mansfeld, Eisenach, Erfurt, Halle, Leipzig og Wittenberg. Vi opnar kvar dag med kåseri der Akselberg fortel om livet til Luther, kva som skjedde under reformasjonen og korleis den har påverka Europa fram til i dag. Han vil også knyte innhaldet i foredraga til dei byane Luther oppheldt seg i, og som vi besøkjer.

Johan Sebastian Bach budde i denne regionen, og både Telemann og Händel vart fødde her. Vi satsar også på å få med oss minst ein klassisk konsert av høg kvalitet på turen. Lars Nes og Rasmus Sunde er med på turen frå Fotefar. Lars har musikkbakgrunn, fortel litt om tysk musikk og har ansvar for konsertopplegget. Rasmus Sunde er historikar, og på bussturen vil han halde korte forelesingar om tysk historie.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 18. april - Frå Berlin til Eisleben

    Fly frå Oslo og Bergen om morgonen. I Berlin hentar bussen oss på flyplassen og køyrer sørover. På turen held Gunnstein Akselberg opningsforedraget sitt om Martin Luther. Rasmus vil i tillegg ta føre seg ein del av forelesinga si med tema: Frå Luther til Hitler. Innimellom spelar Lars litt av musikken til Bach og fortel om komponisten. Tidleg om kvelden reknar vi med å vere framme i Eisleben, byen der Luther både vart fødd og døydde.

    Etter innsjekkinga på hotellet vårt, slappar vi litt av før det blir fellesmiddag. Denne kvelden kosar vi oss på hotellet og blir kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 19. april - Eisleben, Mansfeld og Eisenach

    Vi startar dagen med frukost og deretter kåseri med Gunnstein Akselberg. Etterpå sjekkar vi ut av hotellet og set bagasjen i bussen før reiseleiarane tek gruppa med på ein liten vandretur i den vakre, historiske byen. Vi går først til restane av bygningen der Luther vart fødd 10. november 1483. Sjølve huset her er frå 1693, og er museum i dag. Deretter ruslar vi til St. Petri-Pauli-Kirche der Luther vart døypt dagen etter fødselen. Vi ser også huset der han døydde 14. februar 1546, og til slutt kikkar vi litt på Andreas-Kirche.

    Deretter er det tid for lunsj på eiga hand.

    Etter lunsj køyrer bussen oss den korte vegen til Mansfeld der Luther voks opp og gjekk på skule. I denne vesle, sjarmerande byen budde foreldra til Luther mesteparten av liva sine. I tilknyting til huset der Luther voks opp, er det eit nytt og svært godt museum som handlar om barndommen og skuletida hans i byen. Til slutt får vi med oss eit besøk i Stadskirche St. Georg.

    Vi køyrer så sørover til Eisenach. Undervegs vil Rasmus fortelje litt meir frå tysk historie. I byen Eisenach budde Martin Luther i åra 1498–1501, då han gjekk på latinskule der. Seinare skildra han tida der som dei aller beste åra i livet sitt.

    Vi sjekkar inn på eit sentralt og koseleg hotell. Felles middag på hotellet eller på ein god restaurant i byen.
    (F, M)

  • Dag 3: Onsdag 20. april - Eisenach og Erfurt

    Etter frukost blir det som vanleg foredrag på hotellet med Gunnstein Akselberg. Vi sjekkar ut av hotellet og set bagasjen i bussen.

    Deretter tek reiseleiarane gruppa med på ein spasertur i denne sjarmerande byen som var fødebyen til Johan Sebastian Bach. Først vandrar vi til Georgenkirche der Luther heldt preiker. Så besøkjer vi Lutherhaus, eit seingotisk bindingsverkshus. På museet går vi for oss sjølve, men det har gode illustrasjonar og tekstar både på engelsk og tysk. Deretter ruslar vi eit kort stykke vidare til Bachhaus, der ein guide fortel om livet til den store komponisten og held i tillegg ein minikonsert med musikk av Bach på gamle instrument. Lunsj på eiga hand.

    Bussen køyrer oss så opp til borga Wartburg der det vert ei spennande omvising på ein time. Hit drog Luther då han vart erklært fredlaus av riksdagen i Worms i mai 1521, og her omsette han Det nye testamentet frå gresk til tysk. Også Johann Wolfgang von Goethe held til her ein periode på slutten av 1700-talet.

    Vi dreg vidare til Erfurt. Luther kom til denne byen i 1502 for å studere, men fullførte ikkje studiet. Tradisjonen fortel at han i 1505 kom ut for eit lynnedslag og fekk kallet til å bli munk. Han melde seg til teneste som munkelærling i Augustinarklosteret i Erfurt, avla endeleg munkeløfte i 1506 og vart ordinert som prest i Marienkirche i 1507.

    Vel framme i Erfurt sjekkar vi inn på eit sentralt og godt hotell. Etterpå får vi tid til ein rusletur rundt om i den pittoreske byen med sine vakre bindingsverkhus og eit besøk i Marienkirche (no Erfurter Dom).

    Middag på eiga hand, og dette kan også vere ein kveld som gir høve til musikkopplevingar.
    (F)

  • Dag 4: Torsdag 21. april - Erfurt og Halle

    Foredrag om morgonen av Gunnstein. Deretter sjekkar vi ut frå hotellet, set bagasjen i bussen og går til Augustinarklosteret og klosterkyrkja. Her tek ein lokal guide gruppa vår med på omvising.

    Turen går vidare til Halle, der vi sjekkar inn på eit flott hotell som ligg midt i byen. Vel framme på hotellet blir det lunsj på eiga hand, og deretter blir det byvandring i Halle med reiseleiarane. Vi besøkjer mellom anna Marktkirche der det er høve til å sjå Luthers dødsmaske. I denne kyrkja heldt også Luther preiker. Elles er byen kjend for «Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg» og for Francke-stiftinga som vi kikkar på under vandringa vår.

    Om kvelden fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Fredag 22. april - Halle og Leipzig

    Etter frukost og foredrag med Gunnstein kan deltakarane oppleve Halle på eiga hand. Reiseleiarane vil gi råd om besøk til Händel-huset (Händel var fødd i Halle i 1685), Moritzburg kunstmuseum og Beatles-museet. Lunsj på eiga hand. Kanskje fleire vil nytte sjansen til litt handel?

    Etter lunsj køyrer bussen til storbyen Leipzig der ein lokal guide gjennom tre timar viser oss byen. Det er ikkje berre Luther som har sett sitt preg på denne gamle metropolen. Byen har i mange hundreår vore eit kultursentrum, og Johan Sebastian Bach arbeidde her store delar av livet. På den guida vandreturen får vi blant anna med oss det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vidare går vi til Nikolaikyrkja, der det vart halde fredsbønner i 1989 ved murens fall, vi kikkar på det kjende konserthuset Gewandhaus og elles kunstmuseet som huser verk frå gamle tyske og nederlandske målarar. Vi besøkjer også den lutheranske Thomaskyrkja, der Luther tala ved innføringa av reformasjonen i 1539. Her var Johann Sebastian Bach musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212.

    Middag på eiga hand.

    Leipzig har eit rikt musikkliv. I god tid på førehand sender vi ut informasjon om dei ulike musikktilboda i byen denne kvelden. Buss tilbake til Halle etter musikkopplevingane.
    (F)

  • Dag 6: Laurdag 23. april - Wittenberg

    Frukost og det daglege kåseriet til Gunnstein før vi set oss i bussen på veg til Wittenberg. Denne byen var eit av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther etter tradisjonen slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja. Her hadde Luther nokre av dei viktigaste åra i livet sitt, og det er i denne byen han er gravlagd. Både huset til Luther, Bykyrkja og Slottskyrkja er oppførte på UNESCO si verdskulturarvliste.

    Når vi kjem fram til Wittenberg, set vi bagasjen inn på hotellet vårt. Første post på programmet er besøk på det imponerande museet Lutherhaus der Luther og familien budde i åra 1508–1546. Dette museet er svært bra med rike illustrasjonar og god teksting på engelsk og tysk. Deretter tek vi lunsj på eiga hand før vi sjekkar inn på romma. Om ettermiddagen går vi til Bykyrkja og så til Slottskyrkja der døra er dekorert med dei 95 tesane. I denne kyrkja finn vi grava til Luther. Deretter blir det litt tid på eiga hand før vi har avslutningsmiddag på hotellet med det som hotellet kallar eit Luther-måltid.
    (F, M)

  • Dag 7: Søndag 24. april - Heimreise

    Frukost og så det siste kåseriet av Gunnstein. Avreise med bussen vår til Berlin der det blir heimreise med fly, både til Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/4BergenTysklandMeir enn 816 490,-BestillMer informasjon
18/4OsloTysklandMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo