Sidan det er fleire måtar å komme seg til Voss på, ordnar kvar deltakar transporten sjølv. Fotefar kan hjelpe til med forslag til reisa.
Innsjekking på Park Hotel Vossevangen frå kl. 14.00 der deltakarane møter Gunnstein Akselberg og reiseleiar Rasmus Sunde frå Fotefar.
Turopplegget startar kl. 15.00 med eit besøk i den gamle, flotte Vangskyrkja med Gunnstein. I april 1940 var Voss eit sentralt område for mobilisering av norske styrkar. Det resulterte i at tyske fly sette i gang terrorbombing av tettstaden. Om lag 150 hus vart heilt eller delvis øydelagde. Mest berre fengselet, sparebanken og kyrkja stod att etter flyåtaket.
Etter besøket i kyrkja blir det ei fantastisk utflukt med Voss Gondol til fjellpartiet Hanguren. Denne gondolbana er den største og mest moderne i heile Nord-Europa. Vi startar ved Voss stasjon og endar opp på Hangurstoppen som ligg 820 moh. Under turen opp får vi eit storslege utsyn over Vossevangen og bygda. På restauranten på toppen har vi samling med kaffi og vaffelkake, og Gunnstein fortel gruppa litt om Voss.
Om kvelden blir det middag på hotellet. Vi bruker tida etter middag til å bli kjend med kvarandre, Rasmus og Gunnstein.
(M)
Etter frukost kåserer Gunnstein Akselberg over emnet: Per Sivles liv og dikting.
Dette blir ein dag med utflukter, og første stopp er Finnesloftet som ligg like i utkanten av sentrum. Denne vakre bygningen frå mellomalderen er datert tilbake til 1295 og er blant dei eldste profane trebygningane i landet vårt.
Vi køyrer så til bygda Vossestrand og stoppar ved Oppheim gamle kyrkje for å sjå minnesmerket «Mor si grav» frå 2007. Her er mor til Per Sivle gravlagd. Diktaren har heidra minnet hennar gjennom diktet «Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga».
Deretter køyrer vi vidare til Stalheim og Sivle Gard. Per var fødd i Flåm i Aurland i Sogn, men han voks opp i dette området som ligg mellom høge fjell og djupe dalar. Vi blir tekne imot av Randi Engelsen Eide som er vertinna på Sivle Gard. Ho fortel om den gamle garden med allsidig jordbruks- og stølsdrift med åker og husdyrhald. No driv dei garden økologisk og dyrkar poteter og fleire typar grønsaker og bær, i tillegg til sauehald og hjortejakt.
I dag satsar dei på turisme på den gamle garden med bygningar tilbake til 1500-talet. Det er ei stor oppleving å gå inn i Gamlastovo, som skriv seg attende til denne tida. Vi gir oss god tid på Sivle Gard, der vi får servert heimelaga betasuppe til lunsj. Under måltidet fortel Randi om oppveksten til Per Sivle og deklamerer dessutan Vossa-stubbar på ein glimrande måte. Vi er innom Stalheim Hotell før bussen køyrer oss tilbake til hotellet og Voss.
Om kvelden blir det middag og underhalding i konferansesalen. Denne kvelden står diktinga til Olav H. Hauge i fokus. Vi kan sjå fram til å høyre fleire av dei kjende dikta hans.
(F, L, M)
Denne dagen startar vi også etter frukost med eit kåseri av Gunnstein. Dagens emne er: Livet og diktinga til Olav H. Hauge. Utflukta denne dagen går frå innlandsbygda Voss i møte med fjordbygda Ulvik. På vegen stoppar vi ved Skjervsfossen for å ta foto og få ein liten beinstrekk. I Ulvik besøkjer vi Olav H. Hauge-senteret som rommar forteljingar knytte til dikta av den store poeten. Vi får også kåseri om livet til diktaren i lokalsamfunnet. I utstillinga kan vi også møte Hauge på film, der han les eigne dikt.
Ulvik er ei svært vakker bygd, og kvar sommar strøymer mange turistar dit. Vi kosar oss her og et lunsj på det kjende Brakanes Hotel. Etter den gode lunsjen køyrer bussen oss til garden til Olav H. Hauge, der grandnevøen hans viser gruppa rundt. På tilbaketuren til Voss fortel Gunnstein om gardar og stadnamn i området.
Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet, og vi hyggjer oss med innslag med Gunnstein, Rasmus og folkemusikarar frå Voss. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
(F, L, M)
Etter frukost får vi det siste kåseriet av Gunnstein med emnet: Diktinga til Per Sivle og Olav H. Hauge i perspektiv og jamføring.
Denne siste dagen blir det tur til Voss Folkemuseum på Mølster, som ligg høgt og fritt med flott utsikt over Vossevangen. Dette er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar frå dei to bruka som heldt til her fram til 1927. Vi får omvising i det gamle tunet og i museumsbygningane.
Tilbake til hotellet for felles lunsj og utsjekking.
Heimreise på eiga hand.
(F, L)