Skip to main content

Island med Sylfest Lomheim

6. – 11. mai  2021.

Denne turen handlar om historie, natur, kultur og folkeliv. Vi bur i Reykjavik og blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. Vi besøkjer nasjonalparken Þingvellir, med den verdskjende tingplassen, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skálholt. Vi skal også nordover til Borgarfjörður, der den kjende høvdingen og sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Og vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Det var garden til Snorre Sturlason, som blant anna skreiv Heimskringla. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya, men også store og velstelte gardar. Det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune. Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som reiseleiar og guide på heile turen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 6. mai - Avreise til Reykjavik, Den blå Lagune og Höfði-huset

    Utreise frå Bergen og Oslo på morgonen. På veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk ved bassenget.

    Deretter køyrer vi til sentrum av Reykjavik der vi stoppar ved Höfði-huset. Her møttest Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i oktober 1986. Møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen. Til slutt tek bussen oss med til hotellet vårt der vi skal bu i fem netter. Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag der.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 7. mai - Guiding, konserthuset Harpa og Hallgrímskyrkja

    Denne morgonen besøkjer vi det imponerande konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Vi dreg vidare til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.
    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet.
    Om kvelden blir det avreise frå hotellet til Restaurant Reykjavik. Før middagen der (evt. ein annan dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Már Guðmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Sylfest har med seg bøker (på norsk) som ein kan kjøpe og få ei signert helsing ifrå forfattaren.
    På restauranten blir det servert stor islandsk buffétmiddag i eige rom berre for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 8. mai - Borgarnes, Borgarfjörður og Reykholt

    Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjörður, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning Reykholt, og på Fosstun får vi servert lunsj med lammekjøtsuppe, brød, kaffi og kake.
    På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane der. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit interessant kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.
    På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med gode gardsbruk, og vakker natur med fjordar og fjell.
    Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 4: Søndag 9. mai - Þingvellir, Geysir, Gullfoss, Skálholt og Selfoss

    Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir og til det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss. Her blir det også ein god lunsj. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt som har ei spanande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt er vi innom jordbruksbyen Selfoss.
    Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 5: Måndag 10. mai - Alltinget, Domkyrkja, Rådhuset og museum

    Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjerna i Reykjavik. Vi får med oss besøk i Alltinget, museet The Settlement Exhibition, 871 + /-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.
    Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum.
    Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 6: Tysdag 11. mai - Heimreise

    Etter ein tidleg frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen på morgonen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/5BergenIsland818 950,-Bestill
6/5OsloIslandMeir enn 818 950,-Bestill
  • RGF Logo