Skip to main content

Med Fotefar til Island med Tysvær og Haugesund historielag

31. juli - 06. august 2021.

På denne turen står historie, natur, kultur og folkeliv i fokus. Vi bur i Reykjavik og blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. Vi besøkjer nasjonalparken Þingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skálholt. Vi skal også nordover til Borgarfjörður, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Det var garden til Snorre Sturlason som blant anna skreiv Heimskringla. Frå Reykholt køyrer vi nordover til Siglufjörður og besøkjer det kjende sildemuseet der og får sjå Fiskarheimen. Vi overnattar på det gode Siglo Hotel. Dagen etter får vi med oss eit besøk i Hólar, det gamle bispesetet, og gardsmuseet Glaumbær før bussen køyrer oss tilbake til Reykjavik. På denne turen nordover opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya, men også store og velstelte gardar. 

Det er elles ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 31. juli - Avreise til Reykjavik, Den blå Lagune og Höfði-huset

    Utreise med fly frå Haugesund på morgonen, og framme på Island på tidleg ettermiddag. På veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk på området.

    Deretter køyrer vi gjennom sentrum av Reykjavik før vi stoppar ved Höfði-huset, der Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest i oktober 1986. Dette møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen. Til slutt tek bussen oss med til hotellet vårt der vi skal bu i fem netter. Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag der i eit eige rom berre for gruppa. Her arrangerar vi litt underhaldning og dans.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 1. august - Guiding, konserthuset Harpa og Hallgrímskyrkja

    Denne morgonen besøkjer vi det imponerande konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord og var den første landnåmsmannen på Island i år 874. Vi dreg vidare til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står det ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.
    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet.
    Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Måndag 2. august - Borgarnes, Borgarfjörður, Reykholt og Siglufjörður

    Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes og Borgarfjörður, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning Reykholt. Vi et lunsj når vi kjem dit.
    På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane der. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit spennande kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.
    Turen går vidare til Siglufjörður der vi først besøkjer det kjende sildemuseet, Herring Era Museum. Det har vunne europeiske prisar, og der ikkje minst haugalendingar vil kjenne seg igjen. Vi tek så inn på Siglo Hotel (4 stjerner) og kosar oss på hotellet med ein god middag.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 3. august - Nord-Island og tilbake til Reykjavik

    Etter frukost besøkjer vi først Fiskarheimen i Siglufjörður som Sjur Espeland frå Frakkagjerd fekk reist i 1915 av tømmer skore til i Haugesund. Den er no freda og er kulturskule i byen.
    Heile føremiddagen nyttar vi nord på Island og besøkjer det gamle bispesetet Hólar. Vi køyrer også til Glaumbær i Skagafjörður for å sjå dei gamle gardane og tuftene der. I denne samanheng kan det vere interessant å sjå «Sagaen om Gudrid Torbjørnsdotter», som blei vist på NRK i oktober 2020. Lunsj før vi om ettermiddagen køyrer tilbake til hotellet i Reykjavik. På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande og mektig landskap med gode gardsbruk og vakker natur med fjordar og fjell.
    (F, L)

  • Dag 5: Onsdag 4. august - Þingvellir, Geysir, Gullfoss, Skálholt og Selfoss

    Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir og til det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss. Her blir det også ein god lunsj. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt er vi innom jordbruksbyen Selfoss.
    Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 6: Torsdag 5. august - Alltinget, Domkyrkja, Rådhuset og museum

    Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjerna i Reykjavik. Vi får med oss besøk i Alltinget, museet The Settlement Exhibition, 871 + /-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.
    Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum.
    Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet i eit eige rom berre for gruppa. Høve til underhaldning og litt dans.
    (F, M)

  • Dag 7: Fredag 6. august - Heimreise

    Etter ein tidleg frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Fly til Haugesund på morgonen.
    (F)

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo