23. - 25. juni 2022.
Nikolai Astrup er rekna som ein av våre aller største kunstmålarar. Han nytta sterke, klåre fargar og henta mange av motiva sine frå den vakre naturen i Jølster der han voks opp på prestegarden. Etter nokre år i inn- og utland slo han seg til for godt i bygda.
Denne jonsokhelga skal vi høyre mykje om kunstnaren Astrup og sjå mange av arbeida hans. Vi besøkjer Astruptunet, heimen hans, som i dag er kunstmuseum. Vidare skal vi til Eikaasgalleriet og møte arbeida til ein anna stor kunstnar frå Jølster, nemleg Ludvig Eikaas.
Jonsokaftan skal vi feire på Jølstramuseet, som er ei lita privat perle av galleri og museum. Her blir det middag, jonsokbål og dans på låven.
Fagguiden på denne turen er forfattar og journalist Katrine Sele, som er busett i Jølster. Ho har skreve biografiar om Oddvar Torsheim og Kenneth Sivertsen. Dei to nyaste bøkene hennar, som ho har fått mykje oppmerksemd for, er Jølster hotell: historier frå eit asylmottak og Einars bok, begge utgitt på Samlaget. Ho er mellom anna tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i tillegg til både Samlagsprisen og Språkprisen.