Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 27. november - Mange vegar fører til Oset Fjellhotell

    Avreise med buss frå Sogn og Fjordane
    Vi reiser frå Førde Rutebilstasjon kl. 08.15, vidare køyrer vi til Skei (09.05), Sogndal (10.00) og Lærdal (11.15). Vi reknar med å vere framme på Oset ca. kl. 13.30. Det er mogeleg å gå på bussen langs heile ruta. Tilknyting frå andre stader med offentleg transportmiddel er mogleg til dei nemnde buss-stoppa.

    Undervegs på bussturen fortel reiseleiar Anne litt om stadene vi køyrer gjennom. Det blir små beinstrekkar, og vi nyttar tida til å bli litt kjende med kvarandre. Ta gjerne med noko lite å ete då det bli lenge frå tidleg frukost heime til lunsj på hotellet. Vel framme på Oset sjekkar vi inn på hotellet og får tildelt romma våre. Så går vi til restauranten og hygger oss med ein god lunsjbuffét.

    Etter den velsmakande lunsjen har gjerne fleire behov for litt avslapping på rommet, medan andre vil ta seg ein gåtur. Her på Oset har vi turløypene rett utanfor «stovedøra».

    Tog til og frå Gol
    Bussen vil hente deltakarar som vel å komme med toget til Gol stasjon. Dette gjeld for dei to toga som kjem frå aust og frå vest, og som er framme på Gol mellom kl. 15.00 og 16.00. Meir informasjon om dette vil bli publisert nærare tur. Togbillett t/r Gol er ikkje inkludert i turprisen.

    Før vi går til middagen om kvelden møtest alle i eit eige lokale der fotefarar og historikar Rasmus Sunde vil fortelje om utvandringa frå Norge til Amerika. Han er ekspert på temaet og vil halde eit kåseri om dette spennande emnet. Etter kåseriet og tre-retters middag blir det dans etter levande musikk.
    (L*, M)
    * Lunsj er ikkje inkludert for dei som kjem med tog.

  • Dag 2: Torsdag 28. november - Hygge på Oset Fjellhotell

    Etter ein god frukost legg hotellet opp til ein flott julemarknad. Hotellet er pynta og klart for    julehandel. Kanskje vi kan kjøpe med oss noko fint nettopp herifrå? Alternativt kan ein nytte føremiddagen til ein fin tur i fjellheimen. Deretter får vi servert ein såkalla fjell-lunsj med blant anna rømmegraut, spekemat og betasuppe. Etter lunsjen og gjerne noko avslapping på rommet, blir vi med på ein hyggeleg “gammaldags” juletrefest med kaffi og kaker. Så kan vi berre gle oss og sjå fram til kvelden med den stor julebordsmiddagen i restauranten. Vi avsluttar kvelden med dans etter levande musikk!
    (F, L, M)

  • Dag 3: Fredag 29. november - Frukost, Gol og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av romma våre. Bussen vil køyre dei som skal med tog ned til Gol stasjon. For alle andre anbefaler vi ein tur nedom eit julepynta Gol sentrum. Der planlegg vi lunsj saman før vi reiser kvar til vårt. Bussen til Sogn og Fjordane reknar med avreise frå Gol ca. 14.00. Vi køyrer same vegen tilbake til Lærdal (stopp på Haabakken), Sogndal, Skei og Førde.
    (F, L*)
    * Lunsj er ikkje inkludert for dei som kjem med tog.