Skip to main content

Julemarknad og konsertar i vakre Wien

16. - 19. november 2023.

Bli med på julemarknad og klassisk konsert til fantastisk flotte Wien. Denne byen har alt ein kan ønske seg av ein europeisk storby med storslegne slott, praktfulle bygningar, konsertar, galleri og museum. Den sjarmerande bykjerne står på UNESCO si verdsarvliste. Heilt frå omkring 1800 har Wien vore den leiande musikkbyen i verda med berømte komponistar og utøvande kunstnarar. Vi kjenner alle til den årlege nyttårskonserten frå Wien som blir TV-overførd til heile verda.

Frå siste helga i november og ut desember blir byen forvandla til eit juleparadis. Her finn vi ein julemarknad på nesten kvart einaste torg, der ein kan kose oss med blant anna rista mandlar, nydeleg glühwein og andre godsaker. Salsbuene blir fylte med julepynt, ymse handverk og lokale matvarer medan folk strøymer til.

I tillegg til julehandel legg vi opp til bysightseeing, konsert på vakre Schönbrunn slott, og vi bur sentralt på eit 4-stjerners hotell i sentrum av byen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 16. november - Avreise til Wien

    Vi reiser frå Oslo på føremiddagen. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar på førespurnad.

    Vel framme på flyplassen i Wien køyrer bussen vår oss til Lindner Hotel Am Belvedere, der vi skal bu under opphaldet. Hotellet er svært bra, har 4 stjerner og ligg sentralt til nær julemarknadene. Wien har ein av dei største julemarknadene i Europa på over 20 ulike torg og plassar i byen. Julemarknaden ved Belvedere slott, rett ved hotellet, er ein av dei mest populære.

    Etter at vi har sjekka inn på romma våre, slappar vi av og møtest gjerne i den koselege baren før det blir fellesmiddag.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 17. november - Guiding, brunsj og julemarknad

    Etter ein god bufféfrukost blir det sightseeing med ein skandinavisktalande guide, som først viser oss byen med to timars busstur før det blir ein time til fots for å bli kjende med sentrale delar av bykjernen.

    Kafélivet i Wien har lang tradisjon. Frå 1890-åra og utover byrja ei gruppe unge forfattarar, såkalla «Jung Wien» å møtast på kafé. Dette vart starten på ein ny trend. Forfattarar, kunstnarar og andre intellektuelle fann favorittkafeane sine der dei drakk kaffi og diskuterte litteratur, kunst og politikk. I dag er kafélivet framleis ein stor del av livet i Wien. Dei som vil, kan bli med reiseleiaren på ein klassisk  lunsjbuffé (må forhandsbestillast mot tillegg i pris).

    Etter lunsjen må vi ut i byen for å oppleve den flotte og spennande julemarknaden. Det er mykje liv og røre, og vi kan verkeleg suge inn folkelivet og julestemninga denne laurdags ettermiddagen. Vi kikkar på utstillingane, smakar på fleire av dei gode smårettane vi kan kjøpe i dei mange buene og nippar elles til den berømte Glühwein-en.

    Denne kvelden kan du bli med på ein klassisk konsert med musikk av Strauss & Mozart på vakre Vienna Kursalon (denne aktiviteten må forhandbestillast mot tillegg i pris). Melodiane er nøye utvalde av dei beste musikkstykka til både Johann Strauss og Wolfgang Amadeus Mozart. Musikken blir presentert av Salonorchester Alt-Wien sine musikarar, operasongarar og ballettdansarar. Vienna Kursalon ligg i hjarte av Wien og vart bygd på midten av 1800-talet i italiensk renessanse stil. I dag vert bygget nytta som musikkhall og inneheld fire fantastiske ballsalar fordelte på to etasjar.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 18. november - Julemarknad, middag og konsert

    I dag nyttar vi store delar av dagen til å gå på julemarknad. Likevel er det mykje anna å oppleve i Wien. Vi kan anbefale eit museumsbesøk på Mozarthaus Vienna, eller Kunsthistorisches museum eller lære meir om hertuginne Elisabeth av Bayern på Sisi museum.

    Viss du ikkje har smakt Sachertorte tidlegare på turen, anbefaler vi sterkt at du legg inn eit besøk på ein av dei ærverdige kaféane denne siste dagen. Dei mest kjende kaféane hevdar alle at dei har den beste oppskrifta, og den berømte kaka er ein så viktig del av Wien-kulturen at ho har fått plass på UNESCO si verdsarvliste.

    Om kvelden møtest vi på hotellet, før bussen køyrer oss til eit av verdas vakraste slott, nemleg Schönbrunn slott. Her et vi ein nydeleg middag etterfølgd av ein flott konsert med klassisk musikk. Schönbrunn er eit av dei mest imponerande barokkslotta i Europa og er den største attraksjonen i Wien og i heile Austerrike. Slottet vart bygt på slutten av 1600-talet som sommarresidens for keisarane i Habsburg-imperiet.

    Bussen tek oss tilbake til hotellet etter konserten.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 19. november - Heimreise

    Etter ein god og lang frukost køyrer bussen vår oss til flyplassen. Flyet går til Oslo på tidleg ettermiddag.
    (F)

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo