Skip to main content

Juletur til Fredrikstad og Hadeland

Bli med Anne Henden på ein sosial førjulstur på leit etter julestemninga.
2. – 6. desember  2021.

Endeleg er det tid for å reise att! Bli med Anne Henden på ein liten førjulstur til Fredrikstad og Hadeland. Anne er ei reiseglad dame frå Sandane, og mange kjenner henne nettopp som reiseleiar på turar i både inn- og utland. Mange har også ein relasjon til henne frå tida hennar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fredrikstad har fått namnet sitt etter kong Fredrik av Danmark og Norge midt på 1500- talet. Byen ligg ved utløpet av Glomma, og elva deler byen i to, Vestsiden og Gamlebyen. Husa i Gamlebyen ligg tett og med sjarmerande brusteinsgater. Her er det som skapt for god, gammaldags julestemning! Granbaret er ekte, opplevingane er mange og det er fleire innhaldsrike julemarknader her i helgene før jul.

Hadeland Glassverk, Glassverklandsbyen med sine raudmåla hus og mange tusen julelys i adventstida er nesten å rekne som definisjonen på julestemning. I helgane i desember er det lagt til rette for å kombinere julehandel med gode opplevingar. Her er både serveringsstader, butikkar og ulike aktivitetar. Glasshytta er open og der vil du kunne sjå korleis glasblåsarane arbeider.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 2. desember Førde – Fredrikstad

    Bussen går frå Førde kl. 09.00. Vi køyrer til Skei og vidare til Sogndal, Lærdal og over Hemsedalsfjellet til Gol. Her blir det ein pause, men høve til å ete lunsj og til å sjå seg litt rundt i butikkane i eit julepynta Gol sentrum. Vidare fortset vi nedover Hallingdalen mot Hønefoss, over Sundvollen til Sandvika og gjennom Oslo. Sørover i Østfold køyrer vi E6, den strakaste vegen til Fredrikstad. Undervegs denne dagen vert det lagt inn nokre små beinstrekk. Vi brukar elles tida til å slappe av, prate med naboen og bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to også om stemninga er ekstra god.

    Framme i Fredrikstad sjekkar vi inn på Scandic City Fredrikstad som vi skal bu på i tre netter.

    Felles middag på hotellet.
    (L, M)

  • Dag 2: Fredag 3. desember Fredrikstad

    Etter frukost blir det sentrumsvandring med lokal guide. Guiden møter oss på hotellet, før vi ruslar turen forbi Fredrikstad Domkirke mot Cicignon Ferjeleie (ca. 1,2 km å gå). Her går vi om bord i ei av byferjene, for å krysse elva over til Gamlebyen. Byferjene i Fredrikstad er eit av varemerka for byen. Ferjene er ein del av den offentlege kommunikasjonen og er gratis å følgje. I Gamlebyen viser guiden oss rundt i dei trivelege og julepynta gatene. Etter byvandringa vert det tid på eiga hand til å handle eller kose seg på ein av mange hyggelege kafear. Vi avtalar ei tid for å ta byferja tilbake til vestsida, denne gongen tek vi ferja ein stoppestad lenger, altså heilt inn til sentrum, berre nokre hundre meter frå hotellet vårt.  

    Lunsj denne dagen er på eiga hand.

    Felles middag på lokal restaurant.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 4. desember Tur til Svinesund og/eller eigentid i Fredrikstad

    Etter frukost kan ein denne dagen velje om ein vil bruke dagen i Fredrikstad eller om ein vil bli med ein tur over svenskegrensa til Svinesund. Fredrikstad ligg berre ca. 40 minutt å køyre frå Svinesund og det er derfor ein fin avstikkar med ein tur over grensa for litt «svenskehandel».

    Lunsj på eiga hand, før vi på ettermiddagen returnerer til Fredrikstad.   

    Felles middag på lokal restaurant.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 5. desember Fredrikstad - Hadeland

    Etter ein god frukost set vi oss I bussen og tek turen mot Hadeland og Thorbjørnrud Hotell. Reiseleiar Anne Henden har tankar om eit par beinstrekk undervegs.

    Framme på Hadeland (Jevnaker) sjekkar vi inn på hotellet vårt. Resten av dagen skal vi nytte slik vi vil, på Hadeand Glassverk, på hotellet eller til å gå tur i nærområdet.
    https://thorbjornrudhotell.no/

    Hadeland Glassverk har open julemarknad kl. 12.00 – 18.00
    https://www.hadeland.com/jul-pa-hadeland-glassverk

    Lunsj på eiga hand.

    Felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 6. desember Heimreisedag

    Etter frukost sjekkar vi ut og tek fatt på heimreisa. Vi køyrer Hallingdal og Hemsedalsfjellet også heim att. Som på torsdag vert det ein stopp på Gol for ein lunsjpause. Kanskje kan du også få handla nokre siste julegåver før vi er heime?

    Det er berekna at vi er tilbake i Førde på kveldstid.
    (F, L)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/12FørdeFredrikstad og Hadeland78 750,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo