Skip to main content

Krigen på Vestlandet med Steinfeld

5. - 8. august.

På denne turen til Bergen kan vi tilby spennande foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld, Torgrim Titlestad og Dag Steinfeld, og vi får med oss utflukter til Telavåg og til Bjørn West-museet. Elles blir det guiding rundt om i Bergen der vi blant anna besøkjer Gestapomuseet og Theta-museet.

9. april 1940 vart Bergen til liks med dei andre største byane i landet angripne av den tyske krigsmakta. Inntrengjarane møtte nokså liten motstand i byen, og like etter kl. 05.00 om morgonen hadde tyskarane teke over Bergenhus festning og heist det tyske flagget.

Krigsåra var likevel på fleire måtar like harde her i vest som elles i landet. Voss vart terrorbomba av tyskarane i slutten av april, og Bergen opplevde den store katastrofen i 1944 med eksplosjonen ved Festningskaien, der 169 personar omkom. Verst var det som skjedde på Laksevåg i oktober 1944 då britiske fly to gonger bomba den tyske ubåtbunkeren der. Mange av bombene fall ned i bustadområdet, øydela nær 150 hus og Holen skole, der 61 barn omkom. I alt miste 276 sivile personar livet i dei to bombeåtaka.

For både tyskarane og britane var det særs viktig å få herredøme over havområda langs kysten vår. I denne kampen gjorde norske motstandsfolk ein formidabel innsats. For Vestland fylke kan vi innleiingsvis nemne Shetlandsgjengen, Telavåg-tragedien, angrepa mot mål på kysten som raidet i Måløy, der kaptein Linge fall, og Bjørn West-basen i Matre med kampane der vinteren/våren 1945.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 5. august - Til Bergen

    Kvar deltakar ordnar sjølv med reisa til og frå Bergen.
    Kl. 16.00 er det samling i konferansesalen på hotellet der Hans-Wilhelm Steinfeld held det første foredraget med temaet: Kapplaupet om Norge. Den tyske krigsmakta hærtek Bergen og Voss i april 1940.
    Tyskarane hadde alt frå hausten 1939 planer om å hærta landet vårt. Særleg ivra admiral Erich Raeder om at Tyskland måtte få kontroll over havområda i nord. På den andre sida hadde Storbritannia og Frankrike konkrete planar om å innta Narvik og Nord-Sverige for å yte assistanse til Finland i Vinterkrigen. Desse planane vart oppgjevne, då Finland og Sovjetunionen fekk i stand fredsavtale 12. mars 1940, men engelskmennene la likevel ut miner i norske farvatn som i Vestfjorden i Lofoten 8. april 1940.
    Etter foredraget er det høve til kommentarar frå deltakarane.
    Om kvelden er det felles middag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 6. august - Utflukter til Telavåg og Bjørn West museet i Matre

    Etter ein god frukost går vi frå hotellet til Zachariasbryggen der vi ser statuen av Shetlands-Larsen og Steinfeld fortel kort om den legendariske mannen. Denne dagen er sett av til utflukter relatert til krigen i Bergensregionen. Hans-Wilhelm er guiden vår heile denne dagen. Etter samlinga på Zachariasbryggen køyrer vi med buss til Telavåg, og Hans-Wilhelm tek for seg følgjande emne: Shetlandsgjengen og Shetlands-Larsen.
    I Telavåg skal vi sjå Nordsjøfartsmuseet, som er via til Shetlandsfarten og Shetlands-Larsen.
    Banda mellom Shetland og Norge har vore sterke frå vikingtida, og fram til 1469 var øygruppa under namnet Hjaltland ein del av Noregsveldet. Under krigen vart kontakten i høgste grad fornya. Hausten 1940 etablerte ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen seg i byen Scalloway for operasjonar mot Norge. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende av dei, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.
    Etter kvart kom hurtiggåande marinebåtar (MTB-ar) til å erstatte fiskeskøytene. SOE (Special Operations Executive) var oppdragsgjevar, og denne etterretningstenesta var leia frå Storbritannia. Telavåg-tragedien skuldast eit oppgjer mellom to SOE-agentar og Gestapofolk som var på leit etter radioapparat. Agentane låg i dekning i heimen til Lauritz Telle, då ein Gestapomann vart skoten og drepen. Som hemn vart heile bygda jamna med jorda, og alle menn sende til Tyskland medan kvinner og barn vart internerte i Hardanger. Vi får omvising på Nordsjøfartsmuseet om denne dystre hendinga i Norge under krigen.
    Etter besøket i Telavåg og lunsj køyrer bussen oss til Bjørn West-museet som ligg i Matre i Nordhordland. Museet har fått namnet sitt etter geriljabasen som vart etablert i fjellområdet rundt Matre dei siste seks månadane av 2. verdskrig. I planane til dei allierte skulle basen operere som reserve bak dei tyske linene i tilfelle alliert invasjon. I oktober 1944 blei sju offiserar frå kompani Linge sende frå Shetland med ein ubåtjagar, og dei etablerte seg i fjellområda ved Martre og stod under direkte kommando av Forsvarets Overkommando i London. Dei 259 soldatane i basen vart rekrutterte frå Heimefronten (Milorg) i Bergen og motstandsfolk frå Os-traktene og bygdene omkring baseområdet.
    Soldatane fekk forsyningar frå England for det meste med ubåtjagarar frå Shetland. Ute ved kysten blei forsyningane lasta over i mindre båtar og frakta inn til utvalde stader. Utan aktiv støtte og hjelp utanfrå og frå sjølvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt basen, ville ikkje geriljabasen ha klart seg. Dei siste krigsvekene vart motstandsfolka i Bjørn West angripne av overlegne, tyske styrkar, og det kom til mange harde trefningar. På grunn av motstandsgruppa i Matre-fjella heldt bygda nær på å bli eit nytt Telavåg, då alle vaksne menn vart arresterte og sende til fangeleir i Bergen. Frigjeringa 8. mai berga folka og bygda for vidare straffeforfølging.
    Historia om Bjørn West er dramatisk, interessant og spennande norsk krigshistorie. Oppgåva til museet med same namn er å ta vare på og formidle motstandskampen i landet vårt til nye generasjonar. På bussturen til Matre vil Hans-Wilhelm fortelje om den norske geriljabasen som vart etablert i Matre-fjella.
    Bergen var Nazi-Tysklands største krigshamn utanfor Bremerhaven. På veg tilbake til hotellet fortel Hans-Wilhelm Steinfeld om den store tyske ubåtbunkeren på Nordrevågen på Laksevåg. Den 4. oktober 1944 freista britiske fly å bombe bunkeren. Eit fåtal av dei trefte målet, men derimot bustadfelt og Holen skule. 193 sivile vart drepne, og av dei var det 61 barn. Hans-Wilhelm vil også ta føre seg dei russiske krigsfangane i Norge og i Bergen i 1945 og fortelje om lagnaden deira her i landet og i Sibir etter repatrieringa.
    Kl. 18.00 blir det ny samling i konferansesalen, og Steinfeld vil denne kvelden ta for seg to spennande emne:
    8. mai 1945 vart Norge atter fritt og sjølvstendig. Hitler var død, og Tyskland hadde kapitulert, men framleis stod over 365 000 tyske soldatar i landet. Motstandsrørsla var svært uroa over om tyskarane ville kjempe vidare i Norge slik Terboven hadde planar om. Steinfeld snakkar om følgjande emne: Tysklands nederlag og kvifor tyskarane ikkje beit seg fast i landet vårt våren 1945. Han vil også kontrafaktisk dvele rundt kva som kunne ha skjedd om Terboven hadde sett planen sin i verk.
    Ved krigens slutt stod sovjetrussarane i Kirkenes, og det er kjent at den 11. juni 1945 foreslo leiinga for Den raude armé der å rykkje sørover og hærta heile Nord-Noreg til og med Narvik.
    Hans-Wilhelm Steinfeld vil ta for seg temaet: Kvifor Stalin frivillig trekte Den raude armè ut av Norge i 1945, som det einaste land han gjorde dette. Han reflekterer også over eit kontrafaktisk emne i denne samanheng: Kva kunne ha skjedd om sovjetrussarane ikkje hadde trekt seg attende frå Finnmark og Nord-Troms.
    Spørsmål og kommentar frå salen.
    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 7. august - I Bergen

    Etter frukost startar vi i konferanserommet på hotellet med foredrag av professor Torgrim Titlestad med temaet: Den legendariske motstandsleiaren Peder Furubotn og livet hans. Han tek også føre seg dekkadressene til Furubotn og fluktrutene hans i Bergen, før han med folka sine drog til Hallingdal og Valdres.
    Etter foredraget vil Hans-Wilhelm Steinfeld guide gruppa gjennom Bergen og vise til og fortelje om sentrale stader frå krigen sine dagar i byen. Vi går samla til det gamle «Gestapo»-huset i Veiten, som i dag er det nye Gestapomuseet.
    Advokat Dag Steinfeld gjev i 2021 ut ei bok om tragedien til faren si jødiske slekt. Boka hans kastar nytt lys over motstandsarbeidet i Bergensregionen og verksemda til Gestapo her. Han har engasjert seg i opprettinga av Gestapomuseet og stod i spissen for innsamling av 4 millionar kroner for museet i tillegg til å få på plass ein avtale med regjeringa om ti års driftsgaranti. Dag Steinfeld vil halde eit foredrag om følgjande emne: Gestapo og illgjerningane deira i Bergensområdet.
    Veiten ligg like ved Den Nasjonale Scene, og der finn vi statuen av Nordahl Grieg, vår fremste krigspoet. Han omkom då det britiske flyet han var om bord i vart skote ned over Berlin i 1943. Hans-Wilhelm vil fortelje litt om livet og diktinga til krigshelten vår.
    Deretter er det tid for lunsj på eiga hand, og vi vil foreslå at gruppa fordeler seg på dei tradisjonsrike Wesselstuen og Holbergstuen.
    Etter lunsj møtes vi på Theta-museet på Tyskebryggen. Dette museet er nokså lite i omfang, men Theta-gruppa, som var ein del av SOE, utførte særs viktig motstandsarbeid. Dei verva styrmenn på Hurtigruta som rapporterte til gruppa om når tid dei svære, tyske slagskipa gjekk ut frå Altafjorden og andre stader. Med slike informasjonar kunne såleis britane senke slagskipa Scharnhorst og Bismarck. På museet vil Hans-Wilhelm fortelje om Theta-gruppa, om konvoiane til Murmansk og verdiane av desse for utfallet av krigen.
    Når vi først er på Tyskebryggen, vil Hans-Wilhelm fortelje om den store katastrofen som skjedde ved Festningskaien 20. april 1944. Den ombygde nederlandske fiskeskøyta «Voorbode», under tysk kommando, fullasta med dynamitt, eksploderte og la store deler av Bergen sentrum i ruiner. 169 personar miste livet og av dei var det 100 nordmenn, mange vart blinde og nær 5000 fekk lækjarhjelp. Dette var ein av dei største enkeltståande katastrofane i Norge under heile krigen.
    Kl. 18.00 møtes vi i konferansesalen på hotellet der professor Torgrim Titlestad held foredrag om følgjande emne: Dei ulike motstandsgruppene i Noreg under krigen. Nokre fekk høg status, medan andre kom i unåde. Kvifor desse store skilnadene?
    Etter foredraget blir det høve til kommentar frå deltakarane. Ordstyrar er Hans-Wilhelm Steinfeld.
    Om kvelden middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 8. august - Guiding i Bergen og heimreise

    Etter frukost blir det guiding rundt om i byen av Hans-Wilhelm og Torgrim Titlestad med fokus på Bergen i fortid og notid, der vi blant anna går til Håkonshallen og Rosenkrantztårnet. Dei som vil kan ete lunsj saman før heimreise.
    Heimreise på eiga hand. Kvar deltakar ordnar reisa til og frå Bergen sjølv.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/8BergenBergenMeir enn 89 990,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo