Avreise frå Oslo om ettermiddagen med direktefly til Dubrovnik. Tilknyting til andre byar på førespurnad. Bussen vår hentar oss på flyplassen og køyrer oss til hotellet der vi sjekkar inn. Hotellet ligg like utanfor Dubrovnik i Cavtat-området. Det har fem stjerner, og alle romma har balkong
Vi møtest i restaurant på hotellet for fellesmiddag og ein velkomstskål.
(M)
Vi startar dagen med ein god frukost. Etterpå er tida inne for eit velkomstmøte, og vi får det første kåseriet med vår eminente fagguide: Hans Wilhelm Steinfeld.
Etter kåseriet vil bussen vår hente oss på hotellet og ta oss til den eldste bydelen i Dubrovnik. Her vil vår lokale guide møte oss, klar til å lose oss gjennom dei små gatene innanfor dei imponerande bymurane frå 800-talet. Guiden fortel oss om bombardementet av byen under borgarkrigen på Balkan og atterreisinga etterpå. Gamlebyen i Dubrovnik er så godt restaurert at den har vorte ettertrakta som kulisse for filmproduksjon, og mange storfilmar er tekne opp her. Gjennom denne halvannan times lange turen får vi eit innblikk i historia og kulturen til byen som går under tilnamnet «Adriaterhavets perle». Bussen vår køyrer dei som ønskjer det attende til hotellet, eller du kan forsette å utforske marknadene, musea, kaféane og det yrande folkelivet i ditt eige tempo.
Denne ettermiddagen tilbyr vi ei innhaldsrik ekstrautflukt til den nærliggjande landsbygda Ljuta. Bussen hentar dei påmelde og køyrer ein time sørover mot Konavle distriktet. Her vert vi hjarteleg mottekne av lokale kvinner pynta i distriktets folkedrakt. Gjestfridomen ligg naturleg i det kroatiske folkeslaget, og vi blir bode heimelaga likørar av kirsebær, valnøtt og mispel eller rajika (ein slags brandy) av urter og druer. Her er også turka fiken, sukra sitrusskal og mandlar.
Vi vitjar to av dei lokale vassmøllene her og får eit innblikk i deira historie og funksjon. Møllene er framleis i bruk, og vi får ein demonstrasjon av korleis dei nyttar desse til produksjon av mjøl og tidlegare også stoffproduksjon.
Bussen tek oss så vidare til ein lokal vingard, drive av den same familien gjennom fleire år hundre. Familien har sjølv drive med vinproduksjon sidan 1897 og bygde då ein «vinica» (vinkjellar). Her får vi høyre meir om vinproduksjonen i området og sjølvsagt får vi også smake på varene!
Vi køyrer eit lite stykkje vidare før vi stoppar ved den sjarmerande landsbyresturanten vi skal ete på. Her vert vi møtt av eigaren Niko. Garden har vore i familiens eige i fleire år hundre, noko ein har skriftlege kjelder på frå 1400-talet. Niko er lidenskapeleg oppteken av historie og fortel om landsbylivet før og no. Han viser oss også rundt på garden og i den flotte hagen sin. Vi avsluttar i restauranten her med ein treretters lokal middag med tilhøyrande vin. Etterpå kan vi svinge oss til lokal gitar og trekkspel-musikk. Buss attende til hotellet.
(F)
Denne dagen er det lagt opp til frivillig utflukt til Montenegro. Vi et ein tidleg frukost før vi legg av garde med buss. Steinfeld sit parat med mikrofonen i bussen og fortel undervegs. I tillegg har vi ein lokal guide med oss heile dagen som gjev oss eit innblikk i historia, folkelivet og kulturen til denne vesle republikken.
Landet kan by på ein fantastisk natur med flotte fjell, langstrekte strender med klart vatn, frodig vegetasjon og ikkje minst den kjende Kotorfjorden. Han blir sett på som ein av verdens vakraste fjordar og har derfor fått plass på Unescos si verdsarvliste.
Montenegro vart ikkje direkte skada av krigen på Balkan og har difor mange gamle og sjåverdige byar intakt, også desse oppført på Unesco-lista. Vi stoppar opp i Kotor og får ein guida tur der, ruslar i gatene og tek inn den fantastiske atmosfæren i denne vakre byen. Eit besøk i den ærverdige Kotor katedralen frå år 1166 er også på lista vår.
Vi køyrer vidare og tek ein kort stopp i Njegusi. Denne vesle landsbyen ligg heile 1100 meter over havet, og er kjend for produksjon av ost og røykt kjøt. Her får vi servert ein god treretters lunsj med tilhøyrande drikke.
Deretter køyrer vi mot Cetinje, den tidlegare hovudstaden i Montenegro. Denne byen ligg nesten 700 meter over havet og er omgitt av høge fjell. Cetinje husar fleire museum, deriblant Montenegros nasjonalmuseum. Her vert det tid til å vandre rundt og oppleve folkelivet og dei fargerike husa i bybilete.
Etter ein dag full av opplevingar tek bussen oss attende til Dubrovnik om ettermiddagen. Denne utflukta er ikkje inkludert i programmet, og kan mot eit pristillegg inkluderast i bestillinga.
(F)
Vi startar dagen med frukost og med etterfølgjande kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld. Resten av dagen har du til eigen disposisjon.
Dei som ønskjer det, kan for eit tillegg i prisen bli med på ei halvdagsutflukt med eit interessant innhald. Turen går til landsbyen Ston der vi vitjar eit av Europas eldste saltverk. Her produserer dei framleis salt på gamlemåten berre ved hjelp frå havet, sola og vinden. Det vert også tid til ei guida vandring gjennom den vesle landsbyen kjent for fisking, saltproduksjon og dyrking av ulike typar matskjel. Vi stig om bord på ein liten fiskebåt som tek oss utover i hamneområdet. Her får vi ta skjelproduksjonen som går føre seg ute på flytebryggjene i nærare augesyn. Guiden fortel om historia bak denne dyrkinga, og vi smakar på dei verdskjende blåskjela og østersane. Ein får knapt meir kortreist mat enn dette! Denne sjømaten vert akkompagnert av lokal vin eller den brandy-liknande rajikaen. Vel i hamn er det tid for lunsj på ein lokal restaurant. Her ventar eit treretters måltid med tilhøyrande drikke. Det vert retur med bussen attende til Dubrovnik.
(F)
Etter frukost får vi eit nytt og spennande kåseri med Hans-Wilhelm Steinfeld. Du har også denne dagen til eigen disposisjon i Dubrovnik og omland.
Denne dagen kan vi også tilby ei ekstra utflukt, og denne gongen går turen til den kroatiske skjergarden og Elafiti øyane. Dette er absolutt noko ein bør få med seg når ein er i Dubrovnik. Bussen vår hentar oss på hotellet og tek oss til hamna Gruz. Her vert vi ønskt velkommen om bord med ein velkomstdrink før vi legg ut på det azurblå Adriaterhavet. Den vesle trebåten vår tøffar forbi fleire frodige øyar og holmar. Vi kan skimte små landsbyar med steinhus med raude tak, pitoreske gamle steinkyrkjer og appelsintre i full bløming.
Etter ein times tid går vi i land på øya Lopud, ei av dei vakre øyane i skjergarden. Øya er kjend for dei fine hagane sine med blomster, appelsinar og sitronar, så vi rår til ein gåtur i dei tronge gatene. For dei som vil gå lengre, er det ein sti til ei kyrkje ca. ein halv time opp fjellsida bak landsbyen. I mellomtida har mannskapet på båten klargjort lunsj ombord på båten. Her får vi grilla «catch of the day» frå havet med tilhøyrande vin. Vi blir verande på øya og slappar av eller tek ein forfriskande dukkert i havet. Etter nokre timar i land på denne fredfulle øya, mønstrar vi på båten igjen som tek oss dei 45 minutta tilbake til Dubrovnik, der vi er i land seint om ettermiddagen.
Middag på eiga hand om kvelden.
(F).
Denne dagen er det lagt opp til dagsutflukt til Bosnia. Vi reiser av garde med buss tidleg om morgonen og følgjer vegen nordover mot Mostar.
I dette røffe, men vakre landet, ser ein framleis arra etter den tragiske borgarkrigen i 1990-åra. Men vel så mykje sit vi att med dei gode opplevingane i møte med varme og imøtekommande bosniarar. Bosnia har vore ein del av både Det ottomanske riket og Stor-Ungarn, og her møter vi den fascinerande aust-vest atmosfæren.
Vi får sjå vakre historiske byar, der restaurerte bygningar og mellomalderborger ligg side om side med fasjonable barar og internett-kafear, alt omkransa av vakre fjellkjeder, fossar og djupe dalføre. Medan vi opplever dette, vil Steinfeld fortelje oss om dette landet si rike historie og korleis det er å leve i Bosnia i dag. Ein lokal guide møter oss i Mostar og viser oss rundt. Her vil vi få oppleve hjartet av byen - den pulserande bazaren med sine mange små butikkar og kafear. Vi skal også innom Turkish house og ein av dei gamle moskeane.
Etter denne guida turen vert det treretters lunsj med tilhøyrande drikke på ein lokal restaurant. Deretter har vi tid på eiga hand å vandre rundt i Mostars spennande gater. Bussen tek oss attende til hotellet vårt tidleg om kvelden. Denne utflukta er ikkje inkludert i programmet, og kan mot eit pristillegg inkluderast i bestillinga.
(F).
Etter frukost blir det kåseri med Hans-Wilhelm Steinfeld. Resten av dagen kan ein nyte byen, slappe av på ein kafé eller shoppe i ein av dei mange små butikkane i gamlebyen.
Kva med å beundre Dubrovnik og den dalmatiske kysten ovanfrå? Vi rår til å ta taubana frå gamlebyen opp til platået bak byen. Utsikta er Dubrovnik sitt svar på Fløybanen og er heilt fantastisk. På toppen er det restaurant, så ein kan slappe av med ein kopp kaffi, eit gla vin eller ete ein god lunsj før ein tek turen ned att.
Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet eller på ein triveleg restaurant. Vi kosar oss med ein treretters middag med god kroatisk mat og lokale vinar i glaset.
(F, M)
Dette er dagen for heimreise. Etter frukost får vi vårt siste kåseri med Hans-Wilhelm. Vi sjekkar ut av hotellet og set bagasjen vår på oppbevaring her. Flyet til Oslo går ikkje før om kvelden, så vi har endå litt tid til å nyte vakre Dubrovnik. Utpå ettermiddagen køyrer bussen oss mot flyplassen. Vi landar i Oslo rundt klokka 23 same kveld.
(F)