Avreise frå Oslo og Bergen om føremiddagen.
Frå flyplassen Berlin Brandenburg tek bussen vår oss til det flotte hotellet NH Collection Friedrichstrasse, som ligg midt i sentrum av storbyen. På turen stoppar vi i Käthe Kollwitz Museum i Spandauer Damm. Før vi går inn, fortel Gunnar Danbolt om museet og kunsten der. Like ved ligg det flotte Charlottenburg slott, som vi kan kike på. Deretter køyrer vi vidare til hotellet via attraksjonar som Kaiser Wilhelm Gedächtniskirke, Tiergarten, Siegessäule, Schloss Bellevue og Haus der Kulturen der Welt.
Felles velkomstmiddag på hotellet om kvelden.
(M)
Etter ein god frukost møtest vi i konferansesalen der reiseleiarane gir noko informasjon om turopplegget før vi får det første foredraget av Gunnar Danbolt.
Deretter blir det guida spasertur frå hotellet, via Bebelplatz, Staatsoper, St. Hedwigskirche, Staatsoper og Friedrichwerdersche Kirche til Berliner Dom ved Lustgarten. Der blir vi med på ein kort orgelkonsert i den vakre kyrkja.
Vi går vidare til Pergamonmuseet, der vi kan kjøpe lunsj på Cafe Pi. Etter lunsj deler vi gruppa i to. Gunnar tek først med seg gruppe A til den raude salen i Altes Museum og held vidare fram til Neues Museum der vi kan ta den vakre Nefertiti i augesyn. Gruppa avsluttar i Pergamonmuseet med å stige opp på det berømte alteret der.
I mellomtida går Lars med gruppe B til kunstnaren Yadegar Asisis sin gigantiske installasjon, der vi «går inn i» den greske byen Pergamon (i dag på vestkysten av Tyrkia) slik han såg ut i år 129 e.Kr. Deretter byter gruppe A og B aktivitet.
Middag på eiga hand. Nær hotellet er det eit triveleg område (Schiffbauerdamm) med mange kafear/restaurantar med inne- og uteservering.
Om kvelden konsert i Berliner Staatsopera, Philharmonie eller tilsvarande. Her kjem vi tilbake med meir informasjon når sesongprogramma er klare. Konserten kan og bli flytta til ein annan dag – alt etter programtilbod.
(F)
Etter frukost startar vi dagen med eit nytt foredrag i konferansesalen med Gunnar Danbolt.
På føremiddagen tek vi buss til Jüdisches Museum og startar med omvising der. Vi går så Wilhelmstrasse til Topographie des Terrors og vidare til Martin Gropius Bau – ein av dei viktigaste utstillingsstadene for moderne kunst. Vi skal også besøkje Holocaustmonumentet før vi endar opp ved Brandenburger Tor. Undervegs tek vi ein lunsj-stopp. Det er mogleg å ta drosje ein del av turen. Vi avsluttar ved Brandenburger Tor, og derifrå er det berre ein kort veg på Unter den Linden til hotellet vårt.
På ettermiddagen/kvelden går vi samla til Gendarmenmarkt og ser m.a. Konzerthaus, Französischer Dom og Deutscher Dom. Der er det og ein triveleg restaurant som vi kan tilrå for middag.
(F)
Denne dagen blir det buss frå hotellet etter frukost til Hamburger Bahnhof, som no er museum for moderne kunst. På turen fortel Danbolt om museet, og kva vi kan forvente av besøket. Deretter køyrer bussen vår oss til Kulturforum, og Danbolt orienterer.
Det blir tid for lunsj før ferda går vidare til Kulturforum nær Philharmonie-bygget, og vi får til slutt med oss Neue Nationalgalerie og Gemäldegalerie
Etter ein god pause, spaserer vi om kvelden frå hotellet til Neue Synagoge, Jüdische Friedhof med ei skulpturgruppe av Will Lammert, Jüdisches Gymnasium Moses Mendelssohn og Hackesche Höfe. Vi endar opp på middagsrestauranten vår, Weihenstephaner, som held til i den eldste bygningen i bydelen Mitte. Bygget er frå 1749 og var ei gåve frå kong Frederick Wilhelm II av Preussen til forfattaren Anna Louisa Karsch. Der blir det felles avskjedsmiddag for gruppa vår.
(F, L, M)
Etter frukost får vi det siste foredraget på hotellet av Gunnar Danbolt.
Utsjekking og transport frå hotellet til flyplassen og framkomst i Oslo og Bergen om ettermiddagen.
(F)