Milano og La Scala med Arild Erikstad og konsert med Leif Ove Andsnes

29. mars - 1. april 2026. 

Bli med på ei unik konsertreise til verdskjende La Scala i Milano, som trekkjer til seg både berømte artistar og operaelskarar frå heile verda. «Vår eigen» Leif Ove Andsnes spelar som solist på den ikoniske scena i Teatro alla Scala. Der spelar han saman med Filarmonica della Scala under leiing av den komande sjefdirigenten Myung-Whun Chung – ein av verdas fremste dirigentar, som tek over ved La Scala i 2027.

Arild Erikstad, som òg er ein god ven og samarbeidspartnar med Andsnes gjennom mange år, vil gi oss innsikt i verka og i italiensk musikkliv. Andsnes vil òg dele tankar om sitt forhold til Beethovens klaverkonsertar og livet som ein av verdas mest ettertrakta pianistar.

Milano, Italias kulturelle og historiske metropol, byr på gotiske meisterverk som Duomo di Milano, storslåtte Galleria Vittorio Emanuele II og vakre torg og gater. Byens rike historie og kulturarv er lett å oppdage i dei smale gatene og historiske torga i gamlebyen. Vi vitjar òg Casa Verdi, ein heim for pensjonerte musikarar grunnlagt av Giuseppe Verdi – ein stad som speglar Milanos sterke musikalske tradisjonar.

Arild Erikstad, ein av Noregs fremste formidlarar av klassisk musikk, opera og dans, er din kunnskapsrike guide på denne reisa. Med ei lang karriere i NRK som leiar av Hovedscenen, kommentator for Nyttårskonserten, har han ei unik evne til å formidle musikk.

Sikre deg ein plass på denne eksklusive reisa no!

Pris frå:
22 950,-
Dagar: 4
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • Transport via Metro som vist i programmet
  • 3 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 3 frukostar
  • 2 middagar
  • 1 lunsj
  • 1 billett til konserten på La Scala
  • Casa Verdi m/ guiding
  • Byvandring i Milano med guide
  • Personleg deltakelse av Arild Erikstad
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Milano t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass


Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 5900,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

Bildegalleri

Viktig informasjon

Informasjon om helsekrav

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 29. mars – Frå Oslo til Milano

    Vi startar turen vår om morgonen frå Oslo med direktefly til Milano, og etter ei behageleg flyreise landar vi på formiddagen.

    Når vi kjem til vårt 4-stjerners hotell, sjekkar vi inn og får tid til å slappe av og bli kjende med omgivnadene. Dei som ønskjer det, kan bli med reiseleiar på ein kort tur ut i byen for å oppleve stemninga i Milano.

    På kvelden samlast vi til felles middag på ein lokal restaurant, der vi kan nyte eit godt måltid og bli betre kjende med dei andre deltakarane. Vi ser fram til ei inspirerande og kulturell reise i ein av Europas mest livlege og historiske byar!

    (M)

  • Dag 2: Måndag 30. mars - Byvandring og konserten med Leif Ove Andsnes, på La Scala

    Etter frukost legg vi ut på ein fascinerande byvandring i Milano, der vi utforskar både den historiske og moderne sida av denne pulserande storbyen. Milano er kjend for sin elegante stil, rike historie og kulturelle arv. På denne turen får vi oppleve det beste byen har å tilby. Den erfarne, autoriserte guiden vår vil leie oss gjennom dei mest kjende attraksjonane og gi oss innsikt i Milanos unike blanding av gammalt og nytt.

    Ved avslutning av byvandringa vert det ein god lunsj, der Arild Erikstad, fagpersonen på turen, vil introdusere kveldens konsert på La Scala: Beethovens klaverkonsert nr. 3 og Brahms vakre symfoni nr. 2.

    Om kvelden er vi klare for den store hendinga! For oss er det heilt spesielt å få høyre Leif Ove Andsnes på ein så berømt scene. Berre det å kome inn i denne legendariske salen er ei oppleving i seg sjølv. Etter konserten møter vi Andsnes og får sjanse til å snakke med han om forestillinga. Han deler også tankar om sitt forhold til Beethovens klaverkonsertar og livet som ein av verdas mest ettertrakta pianistar, og det blir sjanse til å stille spørsmål om musikken og karrieren hans.

    Seinare på kvelden blir det middag på eiga hand. Reiseleiarane vil anbefale gode restaurantar i nærleiken.

    (F, L)

  • Dag 3: Tysdag 31. mars – Casa Verdi og Milano sine kulturelle skattar

    Etter frukost startar vi dagen med å møte den lokale guiden som vil ta oss med på Milanos metro på ei spennande og kulturell utflukt. Vi får oppleve ein av dei løynde perlene i byen, historiske Casa Verdi. Dette er ein heim for pensjonerte musikarar, grunnlagt av Giuseppe Verdi. Her får vi eit innblikk i både Verdis visjon for kollegaene og arven han skapte innan musikken.

    På Casa Verdi vil ein guide vise oss rundt og fortelje om musikarane sitt liv og Verdis engasjement for kunstnar-kollegaene sine. Vi får moglegheita til å utforske bygningens historiske rom og lære meir om Verdis liv, og i tillegg sjå utstillingar knytte til verka hans og den musikalske arven han etterlet seg.

    Før og etter besøket på Casa Verdi får vi tid til å utforske Milano på eiga hand. Kanskje vil du ta ein spasertur til den imponerande Duomo-katedralen, shoppe i dei elegante butikkane i Galleria Vittorio Emanele II, eller nyte ein kaffi i dei koselege kaféane i Brera-distriktet. Den avslappa ettermiddagen gir deg mogelegheit til å oppdage byen i ditt eige tempo.

    Vi avsluttar dagen med ein felles middag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 6. april – Frå Milano til Oslo – heimreise

    Etter ei ugløymande tid i Milano er det på tide å ta farvel med denne fantastiske byen og sette kursen mot heimlandet.

    Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet før vi forlèt Milano seint på formiddagen. Dette er ei perfekt moglegheit til å oppsummera dei minnerike opplevingane vi har hatt dei siste dagane, og kanskje planleggje ein retur til denne storslegne byen i framtida.

    Etter innsjekking på flyplassen har vi god tid til å handle litt, nyte ein kaffi eller berre slappe av før vi set oss på direkteflyet heim til Norge. Turen tilbake gir oss tid til å reflektere over dei fantastiske opplevingane vi har hatt, frå konserten på La Scala til besøket på Casa Verdi og byvandringane i Milano.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/3OsloMilanoMeir enn 825 990,-BestillMer informasjon
29/3MilanoMilano
Utan flyreise
Meir enn 822 950,-BestillMer informasjon