Skip to main content

Langhelg med Ingvard Wilhelmsen

4.-7. juni 2021.

Vi vil gjerne invitere til ei langhelg med Ingvard Wilhelmsen på Kviknes Hotel i Balestrand.
Wilhelmsen har halde foredrag for fulle hus over heile landet og er kjend som ein av Norges beste foredragshaldarar. Med humor og gode anekdotar utfordrar han haldningane våre til bekymring, usikkerheit og risiko, liv og død.
Dette vil igjen gi oss meir energi til å bruke på kva livet elles har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som spelar inn for å avgjere kor godt livet blir, og då lønner det seg å bruke kreftene på det ein faktisk kan gjere noko med. Spesielt i desse corona-tidene har foredraga hans fått ekstra relevans, og hjelpt mange til å fokusere på dei rette tinga.

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 23 år drive Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, bl.a. «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».

Vi får med oss to foredrag av Wilhelmsen denne langhelga på historiske Kviknes Hotel: «Livet er eit usikkert prosjekt. Om sorg og angst i coronatida» og «Det er ikkje meir synd på deg enn andre. Eit foredrag om ansvar og frigjering».

 

Velkommen til ei lærerik langhelg i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 4. juni – Velkommen til Balestrand

    Transport på eiga hand til Balestrand. Ta gjerne kontakt viss du treng assistanse med bestilling av kollektivtransport.
    Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand på hotellet. Etter lunsj er det god tid til å bli kjende med Kviknes Hotel og den vakre bygda Balestrand. Reiseleiaren frå Fotefar er tilgjengeleg i resepsjonen på hotellet.
    Kl. 17.00 samlast vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget.
    Etter infomøtet blir det buffétmiddag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 5. juni

    Vi startar dagen med ein god frukost før det blir ein guida rundtur langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm budde her i fleire somrar tidleg på 1900-talet. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.
    Lunsj på eiga hand. Vi foreslår omvising og lunsj på Ciderhuset, som ligg ein spasertur frå sentrum. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av sideren som er produsert på garden. Lunsjen blir servert i restauranten, Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris.
    Kl. 17.00 er vi klare for den første forelesinga til Ingvard Wilhelmsen med tittelen: Livet er eit usikkert prosjekt. Om sorg og angst i coronatida.
    Etter forelesinga går vi til buffetmiddagen i den tradisjonsrike spisesalen.
    (F, M)

  • Dag 3: Søndag 6. juni

    Etter ein god frukost kan ein velje om ein vil slappe av på hotellet eller bli med reiseleiaren på ein fjelltur opp mot Raudmelen, den karakteristiske fjelltoppen rett over sentrum av bygda. Det er også fleire utsiktspunkt på veg opp, så ein treng ikkje gå heile turen for å få god utsikt over Sognefjorden.
    Lunsj på eiga hand. Dei som vil, kan bli med reiseleiaren og ete lunsj på hotellet. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i sentrum av Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren dit etter lunsjen. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
    Kl. 17.00 er vi klare for den andre forelesinga til Ingvard Wilhelmsen med tittelen: Det er ikkje meir synd på deg enn andre. Eit foredrag om ansvar og frigjering.
    Etter forelesinga er det buffétmiddag i spisesalen på Kviknes som har vakker utsikt over Sognefjorden.
    (F, M)

  • Dag 4: Måndag 7. juni – Heimreise

    Buffétfrukost i spisesalen.
    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/6BalestrandMeir enn 88 950,-Bestill
  • RGF Logo