Lustrafjorden rundt på sykkel

5. - 9. juli 2021.
Marifjøra, Nigardsbreen, Skjolden, Urnes, Solvorn og Sogndal.

Bli med på ein unik sykkel- og vandretur rundt Lustrafjorden, den inste armen av den lange og verdskjende Sognefjorden. Fjorden har i snart 150 år hatt ei magnetisk dragkraft på folk frå nesten heile verda. Landskapet rundt Lustrafjorden er skiftande og vakkert, og mange kunstnarar har lete seg inspirere av den storslegne naturen her. Fjorden er omringa av majestetiske fjellområde, blant anna Jotunheimen i aust. På denne turen tilbyr vi ikkje berre flott natur, men også unike historie- og kulturopplevingar. Dette er ein tur som inneheld fysisk aktivitet og rekreasjon med dei daglege sykkel- eller vandreturane. I tillegg bur vi på trivelege historiske hotell med fredeleg atmosfære og fjordutsikt.

 


Video laga av Veri Media AS

Status:
Fullt

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 5. juli - Marifjøra og Joranger kyrkje

    Vi møtest om ettermiddagen i Marifjøra, som er ei idyllisk perle ved Sognefjorden. Tidlegare var dette ein sentral handelsstad og hadde ei travel dampskipskai. Historia fortel om yrande liv i butikkane, hjå bakaren, i kaffistova og på sagbruket. Om ein møter opp i god tid denne første dagen, kan ein nytte seg av bygdevegen som går utover mot Vedvik (5,5 km). Denne innbyr til både spaser- og sykkelturar.

    Vi startar sjølve opplegget frå Tørvis Hotell i Marifjøra kl. 16.00 med å gå ein god tur opp til Joranger kyrkje frå 1620. Torodd Joranger skreiv bok om den vesle, intime kyrkja i jubileumsåret, og han fortel og viser oss rundt.

    Om kvelden blir det middag, bli-kjend-kveld og overnatting på Tørvis Hotell.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 6. juli – Marifjøra, Jostedalen og vandring til Nigardsbreen

    Etter ein god frukost blir det transport til Jostedalen, der vi får oppleve den spektakulære isbreen på nært hald. Her ligg fleire av brearmane til den mektige Jostedalsbreen, som er den største isbreen på det europeiske fastlandet.

    Frå informasjonssenteret for Jostedalsbreen nasjonalpark, Breheimsenteret, køyrer vi like fram til Nigardsbrevatnet, og derifrå går turen vidare på godt merka sti fram til sjølve breen. Her får vi verkeleg oppleve kor massiv breen er. Vi tek matpakkelunsj i den majestetiske naturen før vi besøkjer Breheimsenteret og deretter returnerer til Marifjøra. Middag og overnatting på Tørvis Hotell.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 7. juli - Sykkeltur frå Marifjøra til Skjolden

    Det er nyleg bygd ein flott sykkelsti på 4 km mellom Marifjøra og Gaupne. Vi startar dagen på denne fjordstien og får storslegen utsikt mot Røneidsberget og fjella innover mot Jostedalen. Frå tettstaden Gaupne syklar vi vidare langs fjorden til Nes, og i Høyheimsvik passar det bra med ein kaffipause. Der kan vi også nyte ei flott utsikt over fjorden til Feigumfossen, som vi skal sjå nærmare på den etterfølgjande dagen. I tettstaden Dale, som tidlegare var kommunesenteret i Luster, er det tid for lunsj (ikkje inkludert) på Lustrabui. Dette er eit svært godt bakeri som serverer mat og drikke.

    Like ved Lustrabui ligg den vakre og kjende Dale kyrkje, som absolutt er verdt eit besøk. Kyrkja er bygd rundt 1240 og har eitt av dei best bevarte kyrkjeinteriøra i heile landet. Klebersteinsarbeidet i den gamle inngangsportalen, i vindauget og i portalen på vestsida er noko av det ypparste i norsk steinkunst frå mellomalderen. Ein reknar difor som sannsynleg at det kan ha vore utanlandske handverkarar som har bygd kyrkja, og arkitekturen ber tydeleg preg av å vere påverka av engelsk, gotisk stil.

    Etter den gode stoppen i Dale syklar vi vidare langs fjorden til Skjolden, den vesle tettstaden inst i Lustrafjorden. Frå gamalt av har dette vore ein viktig skysstasjon og handelsstad. Her kom gudbrandsdølar over fjellet for å kjøpe fisk og salt, og sogningane drog den motsette vegen med kløvhestar for å kjøpe skinn og smør.

    Før middagen er det mogeleg å besøkje Wittgensteinhuset som ligg om lag 5 km frå Skjolden Hotell. Her budde Ludwig Wittgenstein periodevis i mange år etter 1914. Han blir rekna som ein av dei fremste filosofane på 1900-tallet. Vi kan i alle høve kikke på det flotte Wittgenstein-monumentet som står ved riksvegen i Skjolden. Middag og overnatting på Skjolden Hotell.

    Meir informasjon om sykkelturen denne dagen:
    Det er sykkelstart i Marifjøra, og vi syklar til Skjolden, ein distanse på om lag 28 km. Dei første  4 km går på sykkelsti på grus langs fjorden, med litt stigning til Høyheimsvik på asfaltert veg. Vidare er vegen asfaltert og stort sett flat til Luster og Skjolden, med nokre svake bakkar oppover- og nedover. Heile turen går langs fjorden. Det er 2 tunnelar med syklistvarsling og lys, og ein tunnel syklar vi utanom. Totale høgdemeter er 387 oppover og 386 nedover, når alle bakkane er lagde saman.
    Parkering av syklane ved hotellet i Skjolden.  
    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 8. juli - Sykkeltur frå Skjolden til Urnes – «Den romantiske veg»

    Etter frukost og utsjekking syklar vi langs «Den romantiske veg» til Urnes. Turen går i idyllisk landskap langs fjorden forbi små gardar og eigedommar, der folk blant anna dyrkar frukt og bær. Vi syklar forbi Lerum saftmuseum som ligg på Sørheim. Kari og Nils Hansson Lerum dreiv landhandel her og tok i mot bær frå bøndene i området. Bæra vart sende vidare med båt til Bergen. Ein augustdag i 1907 vart to stampar med bringebær ståande att på kaia. Desse vart det laga saft av, og Lerum-eventyret var i gang.

    Det blir ein stopp ved Feigumfossen, Noregs nest høgste uregulerte fossefall med sine 218 meter. Vi legg opp til ein kort vandretur (30-40 min. ein veg) på godt merka sti opp til utsiktspunktet og får nærkontakt med fossen for ein heilt naturleg dusj! Vi nyt pikniklunsj ved fjorden og kanskje eit bad i sjøen, om veret er fint.

    I Kroken ligg Munthehuset. Her samla Gerhard Munthe (1795-1876) kunstnarvenner som Johannes Flintoe, J.C. Dahl, Adolph Tidemand, Thomas Fearnley og Hans Gude. På kaptein Munthes tid var Kroken eit kultursentrum, og mange av dei viktigaste norske nasjonalromantikarane fann inspirasjon her. Dette har gitt namnet på sykkelruta på sørsida av Lustrafjorden, «Den romantiske veg». Vi stoppar ved Munthehuset og går innom, om det er ope.

    Vel framme på Urnes syklar vi opp bakkane til landets eldste stavkyrkje. Ho er bygd i 1130-åra og står i ei særstilling når det gjeld arkitektur, stilhistorie og svært godt handverk. Kyrkja har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1979. Etter besøket i Urnes stavkyrkje tek vi ferja over til tettstaden Solvorn med den sjarmerande trehusbusetnaden. Her ventar bussen på oss for transport til regionsenteret Sogndal. Overnatting på Hofslund Fjord Hotel. Før middag (ikkje inkludert) på hotellet eller på ein restaurant i Sogndal, får vi eit kåseri om delar av historia til Sogn.

    Meir informasjon om sykkelturen denne dagen:
    Denne dagen er det sykkelstart i Skjolden og levering av syklar i Solvorn. Turen er totalt 31,5 km med 387 høgdemeter oppover og 387 høgdemeter nedover, når alle bakkar er lagde saman. Vi startar på sykkelsti eit kort stykke ut ifrå Skjolden, med litt stigning til den første tunnelen. Denne dagen skal vi gjennom to tunnelar utan lys, der den første er 380 meter og den andre på om lag 1 km. Alle får utdelt gode lys, slik at vi er synlege for bilistar. Vi syklar langs fjorden heile dagen, og det meste av vegen er relativt flat. Framme på Urnes er det ein bakke oppover til stavkyrkja på om lag 700 meter. Her kan ein velje å trille sykkelen, eller la han stå att, avhengig av kor mykje tid vi har før vi skal ta ferja til Solvorn. Vi set att syklane i Solvorn og får transport til Sogndal.
    (F, L)

  • Dag 5: Fredag 9. juli – Heimreise

    Frukost og tid for heimreise eller forlenging av opphaldet med besøk i Balestrand, Vik eller Flåm. Vi hjelper gjerne til med forslag og/eller bestilling.

    Det går buss frå Sogndal til Marifjøra om ein har bil ståande der. Ein kan eventuelt også hente bil i Marifjøra etter sykkelturen på dag 4.
    (F)

  • Pakkeliste

    Ta med eiga vassflaske, egna sykkeltøy som er vind- og vasstett, elles tynn ull, hanskar og tynn hue.