Skip to main content

Matopplevingar i Numedal med Nevada Berg

23. - 26. september 2021.

Opplev Numedal på ein måte du aldri har gjort før! Vi inviterer til ei reise for å oppleve mat, tradisjonar og historie gjennom augo til Nevada Berg. Ho er skaparen og forfattaren bak den premierte mat- og kulturnettsida North Wild Kitchen. Her skriv ho historier inspirerte av norsk tradisjon og historie, i tillegg til innovative måtar å bruke kjende norske ingrediensar som brunostburgar, rømmegraut-is og friterte grantreskot. Oppskriftene ho har laga har enda opp som kokebok, som vart kåra til ein av dei beste kokebøkene av The New York Times hausten 2018. Internasjonalt er Nevada ei av dei mest kjende personane innan norske mattradisjonar.

Saman med Nevada får vi oppleve norske tradisjonar fusjonert med det amerikanske kjøkkenet. Gjennom entusiasmen hennar lærar vi å setje pris på våre gamle skikkar. I tillegg møter vi fleire lokale personar som ønskjer å dele forteljingar og historier frå Veggli, Rollag og Numedal.


Denne turen er laga i samarbeid med Hanen

 

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 23. september – Velkommen til Numedal

    Vi møtest på Sevletunet i øvre Numedal, der vi skal bu under heile turen. Sevletunet ligg i enden av den djupe Norefjorden, omringa av mektige fjell og frodig kulturlandskap. Dette er ein slektsgard frå 1600-talet med fleire freda bygningar, som tømmerlåven og Sevleloftet. Garden har namnet sitt frå soga om Sevleguten frå første halvdel av 1800-talet. Sevleguten, eller Ola Olsson Sevle som han også hette, var ein ordentleg villstyring og lausdansar frå Nore. Resten av soga får vi høyre frå vertskapen sjølv.  

    I kveld møter vi Nevada Berg og samlast til velkomstmiddag. I den gamle stova i hovudbygget frå 1850 har vertinnene Gro og Margun Sevle fått fyr i peisen og tent lys. I denne varme atmosfæren får vi viltgryte med dyr frå eige jaktareal servert saman med rustikk potetmos frå eigen avling. Dette er eit utsøkt måltid med ekte kortreiste ingrediensar laga til med kjærleik og omtanke. Etterpå blir det moltekrem i krumkake til dessert og sjølvsagt ein kopp med kaffi.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 24. september – Foredrag, vandring og ølsmaking med N.S.B.

    Etter ein god frukost startar vi dagen med foredrag. Nevada fortel oss historia si, om livet her i Numedal og drivkrafta bak nettsida, kokeboka og dei mange samarbeida ho har gåande. Det er artig å høyre om korleis ho og ektemannen frå Bergen kjøpte seg eit småbruk, heilt usett, og flytte den vesle familien sin til denne avsidesliggjande dalen. Foredraget og aktivitetar med Nevada vil bli gjennomført på engelsk.

    Etter foredraget tek bussen oss til Vegglifjell. I dette naturskjønne høgfjellet går vi ei lett vandring saman med Nevada. Er vi heldige med veret, kan vi få utsikt heilt til Gaustatoppen. Når det blir tid for lunsj, set vi oss ned og nyt matpakka vi har med frå Sevletunet. Her kan vi slappe heilt av å ta inn roa i høgfjellet og oppleve nye venskap.

    I kveld står ei spennande smaksoppleving i vente. Bussen vår køyrer oss tilbake til Sevletunet for ølsmaking med lokalbryggeriet Numedal Stasjons Bryggeri, ofte forkorta til NSB. Lokale øl-entusiastar etablerte bryggeriet i det gamle venterommet på Rollag Stasjon i 2014. Der har dei halde til sidan. Vi får smake på fire øltypar saman med ein spennande snack-meny som løfter fram smakane i ølet. Alle øltypane til NSB har fått namn etter stasjonane langs Numedalsbanen. Vi følgjer dermed skinnene frå lengst sør og får smaksprøvane etter rekkefølgja til stasjonane til vi når endestasjonen på Hardangervidda.

    Etter ølsmakinga er det tid for hovudretten, Sevlegutens elgburgar blir servert. Til maten får de kjøpe dykk den øltype de sjølve meiner høver best.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 25. september – Stavkyrkje, bygdetun og Middelaldersenteret

    I dag ventar ein dag full av Numedalskulturen Nevada skriv så varmt om på nettsida si, North Wild Kitchen. Vi et ein god frukost på Sevletunet og tek bussen til Rollag Stavkyrkje og bygdetun. I Numedal finn vi heile fire av dei 28 stavkyrkjene vi har att i landet vårt. Dette er noko av grunnen til Numedal er kalla "mellomalderdalen". Det som møter oss er ei vindskeiv og vakker kyrkje som ligg på ei lita flate attmed Numedalslågen. Ho minner ikkje så mykje om mellomalder som fleire av stavkyrkjene ein hugsar frå Vestlandet, men ho er eit flott eksempel på ei norsk bygdekyrkje.

    Etter besøket i stavkyrkja held omvisinga fram i bygdetunet som ligg eit lite steinkast lengre ned. Det er bygt opp som ein typisk numedalsgard med eit stort tun med mange hus rundt. Deretter blir det servert tradisjonsrik rømmegraut med spekemat og saft til.

    Med magen full av rømmegraut er det godt å bevege seg og, vi går vidare til neste post på programmet, eit besøk i Middelaldersenteret. Denne vandreturen på om lag 20 minutt går først over hengebrua over Numedalslågen og held vidare fram i lett terreng. Om det er nokon som ikkje ønskjer å vere med å gå, kan ein bli med bussen til senteret.

    Middelaldersenteret er eit område på om lag 25 mål som er eigd og drive av ei ideell foreining. Dei brukar senteret til å vidareføre kunnskap om gamle handverksteknikkar. Her har dei fleire gamle tømmerbygningar som er flytt til senteret og rekonstruert, der den eldste er ei tingstove frå Rollag som er bygd før 1590. I tillegg til gamle hus har også senteret laga ein 35 fots 5-børing, eit vikingbåt. Det er ein kopi av eit myrfunn frå Fjørtoft som er datert til år 850. Her er det plass til 15 vaksne personar om gongen, der ti må vere med som aktive roarar. Om ein vil, kan ein bli med på ein liten tur på Numedalslågen (kjøpast mot tillegg, minst 10 personar trengst).

    Vi samlast rundt bålet der Nevada inviterer oss til eit matkurs med lokale ingrediensar for sesongen. Ho fortel oss om historia til maten vi skal lage, haustinga av ingrediensane og syner oss korleis vi skal lage til alt saman ute under open himmel (så lenge veret tillét det). Nevada har vore interessert i mat og mathistorie lenge, og kan fortelje mykje om kulturen rundt mat frå tida dei budde i Italia. Når ho først kom til Norge, fortel ho i kokeboka Nevada’s Kjøkken om kor overraska ho vart over mangfaldet av ingrediensar ho kunne hauste frå naturen rett utanfor stovedøra. Ho undra seg over kvifor ikkje den norske matkulturen med alt frå røykelaks til rabarbrasaft søta med bjørkesevje har fått meir skryt og merksemd. Ettersom ho møtte folk med lidenskap for mat og tradisjonar, og var så heldig å læra av dei, byrja ho å skrive ned alt dei lærte ho. Dei ga ho inspirasjon, og dette førte til at ho laga sine eigne tradisjonar der ho tolka dei lokale råvarene. Det var når ho ville dele denne entusiasmen med andre at ho starta North Wild Kitchen.

    Saman lagar vi ein trerettars meny, der alle hjelper til. Til slutt set vi oss ned ved eit langbord under open himmel og nyt maten vi alle har bidrege til å lage. Om veret ikkje er med oss, flytter vi oss inn så vi kan nyte maten ved varmen frå peisen.

    Bussen tek oss tilbake til Sevletunet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 26. september – Heimreise

    Siste dagen for turen er komen og vi nyt ein god frukost saman. Etter det pakkar vi saman og forlét Sevletunet og Numedalen.
    (F)

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo