Skip to main content

Med Aasmund Nordstoga til Vinje

Fotograf - Marcel Leliënhof

25. - 29. august 2021.
Musikken, litteraturen og kulturen.

Den vesle fjellbygda Vinje har fostra opp forfattarar som Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei og Haldis Moren Vesaas, samt fleire kjende biletkunstnarar. I tillegg har bygda vore eit senter for folkemusikken, og ikkje minst utviklinga av denne og gjennomslaget nasjonalt med Nordstoga-brørne i spissen. Fotefar arrangerer i 2021 ein serie med reiser, der konseptet er å vere med ein musikar, forfattar eller kunstnar heim til landskapet og folka som har inspirert og forma kunsten deira. På denne turen viser Aasmund Nordstoga oss det rike musikk- og kulturlivet i heimbygda. Dette blir ein tur fullstappa med musikk, litteratur og kunst, med to konsertar frå Aasmund Nordstoga med vener og festivalpass på Litteraturdagane i Vinje inkludert i prisen. 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 25. august - Telemarkskveld

    Gruppa med utreise frå Oslo møtest på Oslo bussterminal kl. 11:00. Vi stoppar ved Heddal Stavkyrkje for ein strekk, og det er mogleg å kjøpe seg lunsj på Kafé Olea. Dei som køyrer sjølve, møter gruppa på Rauland Høgfjellshotell. Vel framme har vi god tid å sjekke inn på hotellet vårt som har vakker utsikt mot Hardangervidda.

    Kl. 17.30 opnar programmet med bussavgang frå hotellet. Den første opplevinga på turen er ein heilaftan på eventyrlege Neset gard. Dette er eit telemarkstun frå mellomalderen som er nydeleg plassert på breidda av Totak. På tunet møter vi Liv Bente Tvenge, sjølvaste frua på garden. Ho vil vise oss rundt på tunet og fortelje historia om Neset. Eit av husa vi skal inn i er frå 1715 og vart freda allereie i 1923. Her får vi sjå flott utskore interiør frå renessansen.

    Til middag blir det servert lokale delikatesser laga av budeia Bodil Nordjore. Vi er i gode hender, då ho er kokebokforfattar og matkulturvernar. Bodil har vore fagansvarleg i tradisjonsmatstudiet i Rauland og ikkje minst vore med i TV-programmet «Matlyst» saman med Hilde Hummelvoll.

    Etter middagen er det tid for utekonsert med Aasmund Nordstoga. Han er visesongar og gardbrukar i Vinje og har vore nominert til Spelemannsprisen to gonger. Saman med gitarist Åsmund Reistad evnar han å få fram god stemning ved å blanda både alvor og skjemt på konserten. Dette blir ei stor musikalsk oppleving med innsjøen og fjella som bakteppe.

    Etter konserten tek bussen oss tilbake til hotellet vårt.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 26. August - Heim til Nordstoga

    Etter frukost blir vi med heim til Aasmund på Nordstoga. Dette er garden Aasmund og Odd Nordstoga vaks opp på, og var også heimen til Aasmund Olavsson Vinje. På tunet møter Aasmund Nordstoga oss, og han fortel om Vinje og syng vinjesongar saman med Åsmund Reistad på gitar. Vi sit i skråninga utanfor Vinjestoga og høyrer på.

    Dette var heimen til Aasmund Olavsson Vinje og inneheld framleis mykje av interiøret frå tida Vinje og familien hans budde her. Deretter blir det omvising inne i Vinjestoga. Han gjekk frå å vere ein fattig husmannsgut til å bli ein av våre fremste diktarar. Han skreiv mellom anna «Blåmann», «Du gamle mor» og «Ferdaminne».

    Vi dreg vidare til Mjonøy bakeri der dei som vil, kan kjøpe seg lunsj. Bakeriet er nesten i seg sjølv eit bygdemuseum med 13 sjarmerande tømmerhytter spreidde i terrenget langs med elva. Dei som vil, kan gå frå bakeriet opp til Vinje Biletgalleri i Smørklepp, medan dei andre dreg opp med bussen. Vi finn eit særprega galleri kledd i naturstein der utsikta utover dalen i seg sjølv er eit nasjonalromantisk syn. Inne er det ei stor samling med måleri av kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle. Begge kunstnarane har hatt mykje å seie for Telemark, og dei arbeidde saman her i grenda Smørklepp.

    Tilbake på hotellet vårt møter vi Aasmund under middagen og får ein ny minikonsert. I kveld har han med seg gitaristen Åsmund Reistad, hardingfelespelaren Øystein Romtveit og søster hans, kvedaren Hillborg Romtveit. Innimellom songane vil Øystein og Hillborg fortelje om musikken og historiene som er knytt til dei. Vi syng og kosar oss på hotellet resten av kvelden. 
    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 27. August - Festivalopning

    Vi startar denne dagen med god tid til frukost og ein mogleg fjelltur for dei som ønskjer det. Det går ein merka rundtur frå hotellet med flott utsikt mot Raulandsfjella (blå gradering på DNT sine sider). Det er også ein sti opp skitrekket, som er grei å gå om ein ikkje har noko imot litt harde bakkar oppover. Etter lunsj på eiga hand, dreg vi til Vinje og blir med på programmet til Litteraturdagane.

    Program for Litteraturdagane:

    12:00 - 12:45

    Norsk litteratur i dag – Heidi Marie Kriznik fortel. Trude Marstein og Helga Flatland les

    13:00 - 13:45

    Reint litterært – Litterær samtale med Helga Flatland og Trude Marstein

    14:00 - 14:45

    Kraft og krefter i norsk journalistikk – Anders Totland, Tone S. Aglen og Agnes Ravatn

     

    Det blir ein pause i programmet der vi får tid til å kjøpe oss middag på eiga hand. Deretter er det duka for den offisielle opninga av det nye Vinjesenteret!

    18:00 - 19:00 

    Opning av Vinjesenteret – Agnes Ravatn, Tone S. Aglen, Helga Flatland med fleire

    21:00 - 22:30

    Konsert - Odd Nordstoga med band

    (F)

  • Dag 4: Laurdag 28. august – Den store Vesaas-dagen

    Etter frukost køyrer vi til Edland Samfunnshus og tek del på Litteraturdagane. Vi får høyre samtalen med vinnaren av Tarjei Vesaas debutantpris, Karoline Brændfjord og foredraget Vesaas og verda.

    Med denne introduksjonen til Vesaas-universet, køyrer bussen halve gruppa til diktarheimen Midtbø for foredrag. Resten dreg opp til garden Vesås for eit forfattarforedrag med Arne Vinje. Han vil presentere boka si: Store spel – Soga om Vesås i verda. Her skildrar han verdas utvikling gjennom garden Vesås i fjellbygda Vinje. Grunntemaet er korleis ein tek i bruk eigne ressursar og formar omgjevnadene sine. Korleis menneska sjølve blir forma av den naturen dei er ein del av? Det er dette vekselspelet Tarjei Vesaas kalla «det store spelet». Arne tek opp spørsmålet: Korleis kan eit så materielt fattig samfunn fostre opp talentar som Vesaas og Vinje? Etter foredraget er det mogleg å kjøpe boka med signatur.

    Midtbø var heimen til Tarjei og Haldis Moren Vesaas. I dag er det borna deira, Guri og Olav Vesaas, som eig heimen og vil fortelje oss om staden, forfattarskapet til foreldra og sine eigne personlege minne om livet på Midtbø.

    Gruppene byter plass, så alle får med seg begge opplevingane. Deretter dreg vi til hotellet, der det er lagt til rette for ein roleg kveld i peisestova. Middag på eiga hand. Dei som ønskjer fleire opplevingar denne laurdagskvelden, kan vere att i Vinje og ete middag på festivalen.

    Kveldsprogram for Litteraturdagane:

    19:00 - 19:45

    Munnrapp – Samtale om språk i rap og hiphop

    20:00 - 21:30

    Konsert - The Northern Belle

    22:00 - 22:30

    Konsert - Stein Torleif Bjella


    Buss tilbake til hotellet etter siste konsert.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 29. August - Festivalgudsteneste og Kvedarkvintetten

    Etter frukost pakkar vi saman og reiser til Vinje for festivalgudsteneste med nydeleg korsong. Vi samlar gruppa til eit siste møte med Aasmund Nordstoga og takkar for turen. Heilt på tampen av desse dagane med Telemark-kultur, får vi konsert med Kvedarkvintetten.

    Dei som køyrer sjølve og dei som tek bussen, reiser kvar til sitt. Bussen er attende i Oslo ca. kl. 20:30.

    Program for Litteraturdagane:

    11.00 - 12.00 Vinje kyrkje. Festivalgudsteneste.
    12.00  -13.00 Kaffi og kakur på Vinjar samfunnshus.
    13.00 - 13.45 Europearen Vinje med Jon Severud.
    14.15 - 15.30 Avslutningskonsert med Kvedarkvintetten.


    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
25/8Oslo BussterminalRauland HøgfjellshotellMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
25/8Rauland HøgfjellshotellRauland HøgfjellshotellMeir enn 813 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo