Skip to main content

Med Arne Moslåtten i Hellbillies sine fotefar

5. - 8. august 2021.

Bli med på ei musikkreise til Hellbillies heimtrakter med låtskrivar og tidlegare bandmedlem Arne Moslåtten! Fotefar arrangerer i 2021 ein serie med reiser, der konseptet er å vere med ein musikar, forfattar eller kunstnar heim til landskapet og folka som har inspirert og forma kunsten deira. På denne turen får du oppleve sentrale stader og tema i Hellbillies sine låtar som det gamle øvingslokalet og ei berømt «krasafaren steinbu». Vi blir også inviterte med på ei spennande jakt på røtene til Hellbillies i tradisjonsmusikken i Hallingdal, med to minikonsertar med Arne Moslåtten og vener. Høgdepunktet på turen blir konserten med Hellbillies den siste kvelden.

Dette blir ei reise full av musikk, gode historier og god stemning!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 5. august - Til Ål og konsert med Moslåtten

    Reiseleiaren møter gruppa på Ål stasjon. Toget frå Oslo kjem fram kl. 15.15 . Bergenstoget kl. 15.37. Ta kontakt med oss viss de ønskjer hjelp med å bestille togbillettar.

    Vi har god tid til å sjekke inn på hotellet vårt, Thon Hotel Hallingdal, før vi møtest i festsalen for fellesmiddag kl. 18.30. Etter middag er det klart for den første konserten med Arne Moslåtten med inviterte vener. Arne er tidlegare medlem av Hellbillies, og har skrive teksten til fleire av dei mest kjende låtane som «Ei krasafaren steinbu» og «Ål stasjon».

    Arne Moslåtten er utdanna faglærar ved Musikkonservatoriet i Bergen. Han har vore gitarist i Toradertrioen og del av Tore Løvgreens orkester. Han har òg spela i Kåd'nbandet som ofte blir rekna som utgangspunktet for Hellbillies. Men han er likevel mest kjend for si rolle i Hellbillies. Songane blir omtala som sikre og presise i form, og med eit tematisk mangfald med presise observasjonar frå norsk bygdeliv. «Moslåttens tekster er så litterære at de er verd et nærmere studium» (Sveinung Nordstoga).

    Forfattar og tidlegare politikar, Hallgrim Berg, blir også med på denne kvelden. Det blir både kåseri om lokal humor, og spel på munnharpe og seljefløyte.

    Vil oppfordrar gjerne dei som vil til å ta med seg gitar eller andre instrument slik at vi i gruppa kan fortsette med å spele Hellbillies songar og synge med etter konserten med Arne Moslåtten. Det blir også avstemming for å kåre gruppas favorittlåt av Hellbillies.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 6. august - Stølstur, museum og konsert med Moslåtten

    Etter frukost blir det formiddagstur til støls. Turen går gjennom bygdene Votndalen, Leveld og Vats, og vidare gjennom det flottaste fjellområdet i kommunen, langsmed Rødungen og Djupsvatnet med utsyn både til Reineskarvet og Hardangerjøkulen. Vegen går også forbi dei gamles teinbuene i Djup, og stølen som høyrde til garden der Aslag og Lars Håvard Haugen vaks opp. Her blir det stopp ved ei krasafaren steinbu. Turen endar i vakre Toviken, der bussen snur og tek oss med tilbake til Ål. Det blir også stopp ved øvingslokalet i vesle Liatun ungdomshus der det heile starta. Kanskje kjem det ein historie eller to frå Arne om ting som har skjedd der.

    Lunsj på eiga hand i Ål sentrum. Det finst fleire kafear i Ål, og det er også mogeleg å få seg noko å ete på hotellet.

    Etter lunsj møtest vi på hotellet og går saman til Hallingdal bygdemuseum. Museet har 32 gamle hus. Stolphus, loft, fjøs, smie, bekkekvern, badstugu, skulestugu og stølsbuer, samt små og store våningshus, fleire med rosemåling.

    Kl. 18.30 samlast vi til fellesmiddag på hotellet. Etter middag får vi den andre konserten med Arne Moslåtten. Denne kvelden tek han med seg Thorleif Stave, frontfigur i Toradertrioen. Det kjem også ein hardingfelespelar, så det blir både hardingfele og toradar denne fredagskvelden i Ål.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 7. august - Hellbillies-konsert

    Dette blir den store Hellbillies-dagen, der vi skal innom dei avgjerande stadene i bandets tidlege historie. Etter frukost guidar Arne oss vidare i heimbygda si og fortel om folk og stader som har inspirert han som tekstforfattar.

    Lunsj på eiga hand i Ål sentrum.

    Etter lunsj kan ein slappe av litt på hotellet eller ein kan ta ein tur langs den fine turstien langs Hallingdalselva kalla «Elvelangs».

    Det blir tidleg avslutningsmiddag på hotellet kl. 17.30 for å få tid til å kome seg til Hellbillies-konserten i Hallingdal Feriepark. Det er vel ein kilometer å gå frå hotellet, og vi går dit i samla gruppe. Konserten er kalla «Hellbillieskonsert på Heimebane 2021 – 30 år på vegen og i betre form enn før». Dei som vil, kan halde seg i same seksjon som folk frå gruppa og reiseleiaren under konserten, og etter konserten har vi også eit avtalt møtepunkt der ein kan finne igjen reiseleiaren.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 8. august - Heimreise

    Etter frukost møtest vi i peisestova og tek ei oppsummering av turen før vi går kvar vår veg. Det blir også avsløring av gruppas favorittlåt med Hellbillies frå avstemminga første dag.

    Ulike avgangstider for tog i retning Oslo eller Bergen. Ta gjerne kontakt dersom de treng hjelp med å bestille togbillett frå Ål.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/8Thon Hotel HallingdalMeir enn 89 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo