Skip to main content

Med Edvard Hoem til hans litterære rike i Romsdal

7. – 10. juni 2021.

På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar.

Under opphaldet får vi guida turar med Edvard Hoem rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer til Rekneslia der oldefar hans, «slåttekaren» i himmelen, hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på og bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt. Vidare skal vi kikke på kyrkjene Vågøy og Veøy, som er sentrale i bøkene hans. Vi får også med oss ein rundtur i skiftande landskap til Fræna, Bud og Hustad.

Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp.

Vi bur sentralt på det gode hotellet, Scandic Alexandra i Molde, i rosenes by.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 7. juni – Ankomst Molde: Velkommen

    Ein kan komme seg til Molde på mange måtar. Det går tog frå Oslo og Trondheim til Åndalsnes og buss vidare til Molde. Andre alternativ er fly eller privatbil. Ein kan også kombinere opphaldet med ei reiseoppleving med hurtigruta både frå sør og nord.
    Etter innsjekking på hotellet vårt, Scandic Alexandra Molde, møtes vi kl. 16.00 i konferansesalen på hotellet for velkomst og informasjon. Deretter får vi det første foredraget av Edvard Hoem med tittelen: Slåttekar i himmelen. Dette er den første romanen i slektskrønikene hans, og den er skatta av ein stor lesarkrins.
    Etter foredraget blir det fellesmiddag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 8. juni – Rekneslia, amerikabrev og Molde

    Etter frukost får vi dagens foredrag av Edvard Hoem med tittelen: Bror din på prærien. Her fortel han om slekta si som drog over havet og slo seg ned i Midtvesten i USA og i Canada. I foredraget byggjer Hoem framstillinga si på dei tre romanane som omhandlar livssogene til slektningane: Bror din på Prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd.
    Etter foredraget vandrar vi frå hotellet til Rekneslia som var heimen til Knut Hansen Nesje (slåttekaren) og slekta hans.
    Frå Rekneslia går vi den korte vegen til Romsdalsmuseet og nyttar mykje av dagen der. Vi samlast i Auditoriet og får først sjå ein kort introduksjonsfilm om Romsdal og museet. Det er Edvard Hoem sjølv som er opplesar i filmen.
    Deretter får vi omvising på museet før det blir felles lunsj på Kafé Mali på museet.
    Etter lunsj møtest vi att i Auditoriet. Her vil ein guide på museet snakke om utvandringa frå Romsdal og verdien av amerikabrev. Historikaren Rasmus Sunde fortel om boka si: Amerikabrev 1880-1950. Livssoga til to brør frå Romsdal. Denne økta blir avslutta med dokumentarfilmen med tittel «The Stavig Letters» som omhandlar nettopp brevvekslinga mellom dei to brørne. Filmen vann førsteprisen i den regionale Emmy-utdelinga som beste dokumentarfilm i Midtvesten.
    Til slutt får vi omvising i hovuddelen av museet som blir kalla «Romsdalshistorier». Resten av ettermiddagen kan ein vandre rundt i Molde på eiga hand. Vi anbefaler gjerne ein gåtur til utsiktsplassen Varden.
    Middag på eiga hand, anten på hotellet eller ute i byen.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 9. juni – Vågøy kyrkje, Hoem og Bud

    Etter frukost blir det morgonforedrag av Edvard Hoem med tittelen: Mors og fars historie.
    Dette foredraget baserer seg på soga til foreldra til diktaren og fortel om faren som gifte seg med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette vart ein svært kritikarrost roman.
    Etter foredraget køyrer vi med buss til Vågøy kyrkje og får ein minikonsert med Ine Kristine, dotter til forfattaren. Etterpå besøkjer vi Hoem, heimgarden til Edvard. Vi kikkar på skulehuset der han gjekk i sju år og på bedehuset som bestefaren hans var ein forkjempar for. Edvard opnar dørene til heimen, og gruppa vår får servert lunsj der.
    Etter besøket på Hoem køyrer vi vidare langs Malmfjorden og Frænafjorden til tettstaden og fiskeværet Bud. På 1500-talet var det den største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim. Vi får med oss den spennande historia til staden og ser på Ergan kystfort. Til slutt blir det buffétmiddag på Brygga i Bud med fersk fisk frå havet. Denne middagen er ikkje inkludert i turprisen. Buss tilbake til Molde over Hustad og Vevang.
    (F, L)

  • Dag 4: Torsdag 10. juni – Veøy kyrkje og Bjørnstjerne Bjørnson

    Etter frukost held Edvard Hoem foredraget med tittelen: Jordmor på jorda. Han byggjer foredraget på romanen med same namn som omhandlar tippoldemora hans, husmannsdottera Marta Kristine Nesje, som gjekk den lange vegen til Kristiania for å bli jordmor. Romanen er både eit sterkt livsdrama og eit mektig kvinneportrett som Hoem maktar å setje inn i eit historisk perspektiv.
    Denne dagen blir det utflukt med buss. Vi stoppar først ved Veøy kyrkje, og Hoem fortel både om denne kyrkja og om Veøy gamle kyrkje som ligg på øya like utanfor. Han vil også vise oss rundt på Nessestranda der Marta Kristine Nesje levde.
    Denne dagen får vi med oss lunsjpakkar frå hotellet og tek gjerne matøkta ved Veøy kyrkje.
    Turen går vidare til Nesset prestegard og kyrkja i Eidsvåg der far til Bjørnstjerne Bjørnson var prest. På prestegarden voks diktaren opp. Heile denne ettermiddagen vil Hoem guide og snakke om oppveksten hans i Romsdal.
    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 11. juni – Avslutning og heimreise

    Etter frukosten denne siste dagen kan vi sjå fram til foredraget til Hoem med tittelen: Felemakaren og døtrene hans. Dette foredraget tek utgangspunkt i den siste boka i familiekrønikene hans. Romanen handlar om Lars Olsen Hoem som var fødd i 1782. Han vart innkalla til teneste i marinen, og tidene var urolege under Napoleonskrigane. Lars vart teken til fange, og på fangeskipet lærer han kunsten å byggje feler av ein franskmann. Då han endeleg kom tilbake til Norge, slo han seg ned i Kristiansund, gifte seg og fekk sju døtrer. Han blir rekna som ein av dei fremste felemakaren i Norge.
    Etter foredraget vil Hoem signere bøkene sine. Hugs å ta med ei eller fleire av bøkene hans eller kjøp dei i ein bokhandel i Molde.
    Felles lunsj på hotellet kl. 12.30 og deretter heimreise. Til Oslo og Trondheim kan ein reise med buss/tog om ettermiddagen og vere framme om kvelden. Elles kan ein nytte buss, båt, fly eller private bilar.
    (F, L)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/6MoldeMeir enn 815 950,-Bestill
  • RGF Logo