Skip to main content

Med galeasen Loyal til Shetland og Fair Isle

11. - 18. august 2021.

Saman med Dag Lindebjerg og galeasen Loyal inviterer vi til seglas vestover til Shetland og Fair Isle. Turen byr på både segling, norgeshistorie og kultur. Med Dag Lindebjerg som kjentmann vil vi gje deg ein smakebit av det øyane har å by på. Saman skal vi møte folka, sjå naturen og lære litt om historia.

Dag Lindebjerg er journalist frå Bergen. For mange er han kjent som sportskommentator, i tillegg til at han har vore programleiar i både radio og tv for mange ulike seriar. Dag Lindebjerg har ei fortid som landslagstrenar i symjing og er lidenskapleg oppteken av norsk historie og særskilt kysthistorie. Det var interessa for kysthistorie og båtar som førte Dag Lindebjerg og Galeasen Loyal saman for over 30 år sidan.

Galeasen Loyal er Norges eldste seglande galeas bygd av Knut Johannessen Nes i Hardanger i 1877. Same mann er også kjent for å ha bygd Hardangerjekta som Roald Amundsen brukte på sin tur gjennom Nordvestpassasjen i 1903. Loyal vart først og fremst bygd for fiskehandel. Fordi galeasane var sikrare og meir sjøsterke enn jektene, tok dei over mykje av det jektene hadde gjort tidlegare. Loyal har i sine år som frakteskip vore nytta til å frakte sild frå Island til nærast heile Europa, ho har frakta klippfisk rundt Kapp Horn til Chile og det seiast at ho var med å frakte koparen som er nytta for å lage Fridomsgudinna i New York.
Den nyare historia til Loyal startar i 1974 då skuta i  svært dårleg tilstand vart kjøpt av John Hausberg. Saman med sonen Audun restaurerte dei to Loyal tilbake til slik ho var originalt. Denne restaureringa tok heile 23 år.  

Les meir om Loyal www.loyal.no

Øyar i vest - Shetland og Fair Isle
Shetland har ei historie som er sterkt knytt til vår eiga historie. Dette gjeld både under tida då øyane var ein del av Norgesveldet, men også seinare, særskilt under 2. verdskrig. Øygruppa består av 100 øyar, der det berre bur folk på 15 av dei. Det vert snakka engelsk på øyane i dag, sjølv om det gamle språket “norn” framleis er viktig for mange. Ein del av orda frå det gamle språket kan du finne att i den daglege engelsken på øyane. Norn var utvikla frå norrønt, og vi som nordmenn vil derfor kunne kjenne att ein del ord som liknar våre.

Fair Isle ligg plassert mellom Shetland og Orknøyane og er drygt 2 km på det breiaste. Det bur om lag 60 personar på øya. Jordbruk og fiske er hovudnæringane, i tillegg til at handverk alltid har vore ei viktig næring. Øya er vide kjend for sitt strikkemønster “Fair Isle Knittin”. I det daglege livet skal sjølvsagt også alt anna driftast som matbutikk, museum, flyplass, brannstasjon, barnehage og barneskule. Dette gjer at svært mange av dei vaksne på Fair Isle har meir enn ein arbeidsplass. Etter kvart som fleire og fleire reiser, har også turismen blitt viktig.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 11. august - Frå Bergen

    Avreise frå Bradbenken Bergen sentrum ca. kl. 10.00.

    Turen går vestover og vi brukar om lag 30 timar over, dette vil variere med ver og vind.
    (L, M)

  • Dag 2: Torsdag 12. august - Framme i Lerwick på Shetland

    Vi kjem til Lerwick i løpet av denne dagen.

    Vi vil bruke resten av dagen til å bli litt kjende med Lerwick – hovudstaden på Shetland.

    Dag Lindebjerg tek med seg dei som vil på ei lita runde i byen.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Fredag 13. august - Nordover til øya Unst

    Denne dagen smør vi med oss niste og reiser nordover med buss til øya Unst og byen Haraldswick. Dette er staden der Harald Hårfagre kom seglande inn i år 875 og dermed vart den første staden i Storbritannina som var erobra av ein norsk konge. Dette vart også starten på Norgesveldet. Vi vitjar Vikingsenteret, og det vert høve til å vitje båtmuseet for dei som ønsker det.

    I tillegg dreg vi til bygda Norwick og køyrer ein tur opp på fjellet om veret tillét det. På vegen tilbake til Lerwick stoggar vi ved Lunna House, staden der Shetlandsgjengen hadde basen sin dei første åra under 2. verdskrig.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 14. august - Lerwick og Scalloway

    Etter ein litt roleg start på dagen skal vi bruke føremiddagen på Shetland Museum. Vi smør med oss niste til lunsj. På ettermiddagen går turen i buss til Scalloway – bygda der Shetlandsgjengen flytta basen sin etter tida på Lunna House. Her finn vi Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. På kaia står eit monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten.

    Vi tek oss også tid til den vakre øya St. Ninian denne ettermiddagen.
    (F, L, M)

  • Dag 5 og 6: Søndag 15. august / måndag 16. august - Segler til Fair Isle

    Vi seglar frå Lerwick om natta / eventuelt om morgonen (avhengig av veret). Vi er framme på Fair Isle om ettermiddag / tidleg kveld og blir møtt av nokon frå lokalbefolkninga. Medan vi er der, skal vi blant anna vitje museet, butikken, kyrkja og Nordfyret. Saman får vi ein introduksjon til samfunnet her.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 17. august - Til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen, og seglar heimover.
     (F, L, M)

  • Dag 8: Onsdag 18. august - Framme i Bergen

    Vi kjem attende til Bergen i løpet av denne føremiddagen.
    (F, L)

  • Forklaring på to begrep; Norgesveldet og Shetlandsgjengen

    Norgesveldet er eit begrep som er kome til i seinare tid, men som blir brukt om åra då Noreg var å rekne som ei stormakt, frå rundt slutten av 800 til slutten av 1300.

    Shetlandsgjengen er kallenamnet på ein gjeng nordmenn som for på hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland / Skottland under 2. verdskrig. Dei frakta norske flyktningar, etterretningsfolk og soldatar. Dei var ein viktig del av informasjonsflyt og militære forsyningar mellom landa. I enkelte høver vart dei også nytta i aksjonar mot tyske skip. Shetlandsgjengen gjorde over 200 turar og 44 liv gjekk tapt.

  • Tilleggsinformasjon

    Det kan bli naudsynt å framlegge ein negativ koronatest ved omborstiging på Loyal.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
11/8BergenLoyalMeir enn 815 900,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo