Skip to main content

Med Lars Mytting til Gudbrandsdalen

Fotograf - Ian Brodie
Fotograf - Jørgen Skaug

2. - 6. september 2021.

Velkommen med på ei eineståande reise inn i Lars Mytting sitt litterære univers. Vi startar turen på Maihaugen med historier som er sentrale i dei siste romanane hans. Deretter reiser vi inn i Gudbrandsdalen saman med forfattaren. Vi bur godt på historiske gudbrandsdalsgardar, og det blir blant anna dagstur til staden der Skottetoget vart stoppa, og til Ringebu stavkyrkje som er sentral i Myttings siste romanar. I tillegg blir det daglege foredrag av Mytting om ulike delar av forfattarskapet og forfattarkveld med Lars Mytting og Ingar Sletten Kolloen.

Oppveksten på Fåvang har prega romanane til Mytting. Frå debutboka Hestekrefter inspirert av bilopphoggeriet på Frya, til dei nyare romanane Søsterklokkene og Hekneveven der han nyttar lokalhistorie og myter frå Gudbrandsdalen. I 2011 oppnådde Mytting internasjonal merksemd for boka Hel ved og vann bokbransjeprisen i Storbritannia for årets beste sakprosa. Neste bok, Svøm med dem som drukner, kom på The Times bestseljarliste og vart gjeve ut på 15 språk. Søsterklokkene, som kom i 2018, fekk fantastisk mottaking og vart ein bestseljar, både i Norge og i mange land elles. Hekneveven følgde i haust med svært gode bokmeldingar.

Vi gler oss til denne reisa til Mytting sitt litterære rike i Gudbrandsdalen og til landskapet og historiene som har prega forfattarskapet hans.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 2. september - Maihaugen

    Tidleg om morgonen denne torsdagen møtest dei med utreise frå Oslo på Oslo bussterminal og køyrer nordover. Framme på vakre Maihaugen i Lillehammer møter vi reiseleiaren vår og dei andre deltakarane på turen. Ein kan elles ta tog, buss eller køyre eigen bil til Lillehammer.

    Kl. 13.00 startar programmet for turen med eit foredrag av Lars Mytting. Vi får høyre om tema frå den siste romanen hans, biletvev og Skottetoget. Etter ei god innleiing til desse temaa visar to guidar frå Maihaugen oss inn i utstillinga, kalla Impulsar. Her får vi sjå veggteppe og puter i biletvev, i tillegg til gjenstandar frå Skottetoget.

    Etter ei stund inne i utstillinga, går vi ut i friluftsmuseet. Guidane tek med til stavkyrkja. Inne i kyrkja set vi oss ned og høyrer Lars fortelje meir om ho. Vidare får vi omvising i utstillinga kalla Bygda. Det blir også tid til å sjå meir av museet på eiga hand. Vi kan anbefale ein tur i utstillinga Byen og Boligfeltet.

    Turen går så oppover Gudbrandsdalen. Vi køyrer opp langs Gudbrandsdalslågen som slyngjer seg oppover dalen. Mellom Tretten og Fåvang ser vi at elva blir til eit stort vatn. Kanskje det var her ei av søsterklokkene sank? Framme på Sør-Fron sjekkar vi inn på overnattingsstadene våre, Rudi Gard, Sygard Grytting og Sygard Listad. Rudi Gard har dei siste 20 åra utvikla seg til å bli eit av Gudbrandsdalens mest aktive og attraktive kultursenter. Sygard Grytting har lange tradisjonar for gjesteverksemd, og vart så seint som hausten 2019 kåra til Folkets Favoritt i ei landsomfattande tevling mot gigantar som Hurtigruten, Dyreparken med fleire andre. På Sygard Listad ønskjer reiselivssjef Liv Bjerke velkommen til overnatting i eit lite, velrestaurert og sjarmerande hus. På alle tre stadene får vi ein varm velkomst av vertsskapen.

    Vi møtest til middag og bli-kjend-kveld på Rudi gard, som ligg i midten. Etter middagen kjem eigaren av Rudi Gard, Øystein Rudi, og spelar for oss på fela si.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 3. september – Tidleg forfattarskap

    Vi møtest til frukost på Rudi Gard. Denne dagen vert vigd til Mytting sine tidlegare romanar. Vi set oss i bussen og køyrer til bilopphoggeriet på Frya, som var inspirasjon for romanen Hestekrefter. Dette var også ein av Mytting sine leikestader då han var liten. Han viser veg mellom bilane og fortel anekdotar frå barndommen her. Etter eit lite besøk går vi vidare til Frya leir, den gamle militærleiren og opphavet til romanen Vårofferet. Vi går inn i lokala og får eit foredrag av Mytting om starten på karrieren som forfattar. Som barn var han fascinert av våpen, bilar og spesielt den nærliggjande militærleiren.

    Fjellet har alltid vore sentralt i livet til Lars Mytting, og bussen køyrar oss opp dalsida og innover vegen mot Rondane. Når vi tek denne turen, er reinsjakta i gang i høgfjellet, og det kan hende vi høyrer skot eller ser heldige jegerar bere slakt ned fjellsidene. Bussen stoppar på Spidsbergseter. Her får vi god tid til å nyte høgfjellet. Dei som vil, kan gå seg ein tur eller berre nyte utsikta frå hytteveggen. Det er også mogleg å kjøpe seg lunsj her, og vi anbefaler rømmegraut med spekemat.

    Vi samlast så for foredrag i ein stor lavvo. Lars Mytting går systematisk til verks og fortel om hogst, vedkvalitet og opptenning. Han viser oss korleis det skal gjerast og fyrer godt opp i bålet.

    Etterpå dreg vi tilbake til Rudi Gard, Sygard Grytting og Sygard Listad.

    Middag på Rudi gard. Denne kvelden vil Lars Mytting lese frå romanen Svøm med dem som drukner.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 4. september - Skottetoget

    Vi et frukost på Rudi gard før vi set oss i bussen og køyrer oppover dalen til Otta, byen ved Rondane. På Kringen er det to støtter frå slaget mellom dei lokale bøndene og soldatar frå Skottetoget. Dette er eit av dei mest legendariske militære slaga i Norgeshistoria, slaget ved Kringen. Det hende i 1612 då 300 skotske leigesoldatar var på gjennomfart nedover Gudbrandsdalen. Dei var innleigde soldatar på veg til Sverige for å slutte seg til dei svenske soldatane i Kalmarkrigen. Lars fortel om den harde kampen mellom dølar og skottane, og om Prillarguri som varsla bondehæren ved å blåse i luren.

    Deretter køyrer vi til Kvam. Vi ser området der Skottelåven stod før han brann ned i 1940. Det var her den grufulle massakren fann stad. Ein person frå lokalhistorielaget vil å fortelje oss meir om Skottelåven, men også om slaget på Kvam under andre verdskrig. Etterpå får vi tid på eiga hand, der vi kan sjå oss om og ete lunsj. Dei som vil, kan også bruke tida på krigsmuseet på Kvam (inngang mot tillegg).

    Vi dreg så tilbake til Sør-Fron.

    Denne kvelden møtest vi til middag på Sygard Grytting. Gardshotellet har 700 års historie med losji. Det er ein ekte storgard med 20 tømmerhus. Før middagen gjev vertskapet omvising til dei som bur på Rudi gard og Sygard Listad.

    Sygard Grytting er framleis ein gard i drift og tek del i gamle tradisjonar kring produksjon og sanking av mat. Vi nyt eit nydeleg måltid med kortreiste råvarar på tallerkenen. Dette blir ein fin kveld i historiske lokale.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 5. september – Søsterklokkene og Hekneveven

    Vi samlast til frukost og foredrag på Sygard Grytting. Temaet for dagens foredrag med Lars Mytting er Heknesøstrene. Etterpå reiser vi til Ringebu stavkyrkje, ei av dei største stavkyrkjene som er att i Norge. Kyrkja er frå 1220 og er av Borgundtypen med inngangsportal i drakestil. Om det er gudsteneste i kyrkja denne dagen, blir vi med på denne. Romanen Søsterklokkene av Mytting dreg mykje inspirasjon frå myter og historier kring Ringebu stavkyrkje. Turen går så til prestegarden der Lars fortel om klokkesagnet som er utgangspunktet for romanen.

    Deretter er det fritid. På prestegarden kan vi kjøpe oss lunsj, sjå på utstillingar eller gå oss ei runde i rosehagen. Hovudbygningen på prestegarden vart reist i 1743 og er freda saman med to stabbur og drengestova. Det er mogleg å ta seg ein tur til sentrum av Ringebu om ein vil.

    Tilbake på Rudi Gard blir det avsluttingsmiddag og forfattarkveld med Lars Mytting og Ingar Sletten Kolloen. Dei to vil bli intervjua av sjølvaste kultursjefen på Lillehammer, Olav Brodstrup Müller. Rudi Gard opnar dørene for lokalbefolkninga denne kvelden. Dette blir ein spennande kveld saman med to av dei mest ettertrakta forfattarane i Norge.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 6. september - Heimreise

    Etter ein siste god frukost på Rudi Gard, er det tid for avreise. Buss tilbake til Oslo for dei som skal dit.
    (F)

  • Overnatting: Rudi Gard

    Rudi Gard er ein historisk og høgst levande gard midt i Gudbrandsdalen. Her har dei i fleire år arrangert konsertar attmed drifta av gardshotellet. På Rudi Gard tilbyr dei overnatting på tunet i nydlege små stabbur oppkalla etter musikarar og artistar som har budd der.

    På tunet finn ein alt frå høgstandard suite i Glasstabburet til nyrenoverte stabbur og gardshus. Bad med toalett og dusj er tilknytta alle einingar.

    Les meir om Rudi Gard på heimesidene deira: https://www.rudigard.no/overnatting/

    Rudi Gard
  • Overnatting: Sygard Grytting

    Sygard Grytting er ein gamal storgard og eit historisk hotell berre eit steinkast unna Rudi Gard.

    På garden kan du velje mellom rom i hotellstandard i hovudbygget eller i bubygninga. I hovudbygget finn du nydlege unike rom med fargerike tapetar og spennande historie. Desse romma har både dobbeltsenger og to enkeltsenger. Her har du eiga bad på gangen.

    Bubygninga er eit tilfløtt langloft som stod på ein skyssgard i nabokommunen. Romma er lune med laftavegger og peis. Alle desse romma har eiga bad på rommet.

    På Sygard Grytting kan ein også velje rom av enklarestandard i Middelalderherberget. Dette er den einaste resten av eit middelalderherberge mellom Viken og Nidaros. Det er ei oppleving i seg sjølv å bu i eit så gamalt hus. Desse romma har ikkje oppvarming og er dermed utstyrt med store gode skinnfeller ein kan ta med seg oppi senga. Her deler ein to bad på svalgangen.

    Les meir om Sygard Grytting her: https://grytting.com/

    Sygard Grytting
  • Overnatting: Drengestova på Sygard Listad

    Drengestova på Sygard Listad er eit nyoppussa hus på tuner. Garden i seg sjølv står på historisk grunn. Olav den Heilage budde her i seks dagar i 1021 medan han forberedte møte med Dale-Gudbrand under kristninga av landet.

    I den vesle stova finn ein to dobbeltrom og ein hems med plass til to. Desse tre romma deler eit bad, stove og eit lite kjøkken.

    Drengestova på Sygard Listad

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/9Oslo BussterminalSør-FronMeir enn 813 950,-Bestill
2/9Ingen transportSør-FronMeir enn 812 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo