Skip to main content

Med Torgrim Titlestad til Shetland, Orknøyane og Nord-Skottland

 

7. - 15. september 2023.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande førelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, stadene vi besøkjer og dei norske spora på øyane.

Vi startar med direktefly ut på ettermiddagen både frå Oslo og Bergen til Aberdeen. Velkomstmiddag og «bli-kjend-kveld» på hotellet. Neste formiddag får vi det første foredraget av Titlestad, og det blir guida tur rundt om i den spennande byen.

Om kvelden tek vi ferja til Lerwick på Shetland og kjem dit tidleg neste morgon. På Shetland besøkjer vi blant anna dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og elles Scalloway Museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen. Etter to dagar på Shetland seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane. Her får vi med oss den imponerande St. Magnus-katedralen og dei verdskjende steinalderminna Scara Brae.

Vi tek ferja tilbake til det skotske fastlandet, og bussen vår køyrer oss til den vakre byen Inverness og til slutt tilbake til Aberdeen.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 7. september - Framme i Aberdeen

    Ut på ettermiddagen avreise med direktefly både frå Bergen og Oslo til Aberdeen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. På flyplassen ventar bussen på oss og køyrer oss til hotellet. Etter innsjekkinga og litt avslapping, blir det middag og «bli-kjend-kveld» på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 8. september - Aberdeen og ferja over til Shetland

    Etter frukost får vi den første forelesinga av Torgrim Titlestad på hotellet, der han fortel soga om Harald Hårfagre og rikssamlinga i Noreg.

    Deretter blir det guida busstur og litt vandring rundt om i Aberdeen. På denne bussturen får du sett store deler av Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er også oljebyen i Skottland og har elles fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

    Den guida turen blir avslutta med ein svært god fish’n chips-lunsj. Vi har ettermiddagen til eigen disposisjon fram til bussen køyrer oss til ferjekaien. Der sjekkar vi inn og får tildelt lugarane våre på den store ferja som skal ta oss til Shetland. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middag- og frukostbillettar og går samla til middag i restauranten. Om kvelden kan vi nyte ein vakker solnedgang om veret er fint.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Laurdag 9. september - Framme på Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har ca. 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Ferja er framme tidleg om morgon. På veg inn et vi ein god skotsk frukost før vi går i land, der bussen ventar på oss.

    Vi køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap medan professor Titlestad fortel om dei gamle norske områda i vest. Eit av stoppa i dag er ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

    Etter besøket på Jarlshof får vi servert kaffi eller te med kjeks attåt på det historiske hotellet Sumburgh. Vi får også med oss Croft House Museum, ein godt verna husmannsplass, før vi dreg vidare til Scalloway. På denne bussturen fortel Titlestad om norsk motstandskamp under krigen. Vel framme i den vesle byen er det først tid for lunsj. Deretter stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Så skal vi gje oss god tid på Scalloway Museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrig. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland, frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

    Etter museumsbesøket kikkar vi på Scalloway Castle før bussen køyrer oss tilbake til Lerwick. Der sjekkar vi inn på hotellet vårt, slappar av eller ruslar gjerne ein tur før middagen på hotellet.
    (F, L, M + kaffi/te og kjeks)

  • Dag 4: Søndag 10. september - Rundtur nordover på Shetland

    Etter frukost reiser vi nordover saman med ein lokal guide. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som først døydde ut på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og fleire av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom skipa hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og kongen annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    På Unst vitjar vi Vikingskipet og langhuset som er sett opp der Harald Hårfagre kom i land i Haraldswick. I tillegg får vi sjå vakker natur, Storbritannias nordlegaste kyrkje og eit dekorert verdskjend busskur for å nemne noko.     

    På ettermiddag returnerer vi til Lerwick. Felles lunsj undervegs denne dagen og felles middag på hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Måndag 11. september - Lerwick og ferje over til Orknøyane

    Kåseri av Titlestad på konferanserommet på hotellet etter frukost. Denne morgonen vil han snakka om Norgessamveldet i mellomalderen.  Om føremiddagen legg vi opp til eit besøk på det innhaldsrike og spennande Shetland Museum.

    Det er elles fascinerande å vandre langs gatene og i hamneområdet i byen. Og Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med variert utval, så her er det også høve til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel kan også verdt å prøve.

    Seint om ettermiddagen tek vi ferja frå Lerwick til Kirkwall på Orknøyane. Middag på eiga hand om bord, og om kvelden kjem ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472 som medgift, etter at kong Christian den første gifte vekk dottera Margrethe, til den skotske kong Jakob den tredje.

    Vi er framme i Kirkwall seint på kvelden. Bussen køyrer oss til hotellet vårt, der vi sjekkar inn og skal bu i tre netter.
    (F)

  • Dag 6: Tysdag 12. september - Kirkwall

    Etter ein god frukost får vi dagens kåseri av Titlestad om kong Sverre og birkebeinarane. Etterpå møter vi den lokale guiden som tek oss med på ei vandring gjennom Kirkwall med dei smale, koselege gatene og dei karakteristiske grå steinhusa. Vi skal sjå St. Magnus-katedralen, slottet til jarlen og bispebygningen der kong Håkon Håkonson døydde like før jul i 1263.

    Den ruvande katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl, og byggjearbeidet starta i 1137. Katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Etter guidinga blir det lunsj på eiga hand, og ettermiddagen er til eigen disposisjon i denne særeigne byen.

    Felles middag i restauranten på hotellet
    (F, M)

  • Dag 7: Onsdag 13. september - Rundtur hovudøya Mainland

    Etter frukost vil Titlestad halde dagens foredrag om Håkon Håkonson og norsk stordomstid med oppløysingstendensar. Deretter tek den lokale guiden oss med på ein heildags busstur rundt om på øya. Vi ser blant anna dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetjinga på Scara Brae består av steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her. Sidan Scara Brae er så godt bevart, har samlinga vorte omtala som «Skottlands Pompei». På same måte som ved Jarlshof på Shetland var det stormar som blæs vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte.

    Elles får vi med oss Ring of Brodgar, Skaill House, Brough of Birsay og Kiribister Farm Museum på bussturen i det vakre landskapet denne dagen. Det vert lunsj undervegs.

    Om kvelden er det middag på eiga hand, og reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar. 
    (F, L)

  • Dag 8: Torsdag 14. september - Orknøyane til Inverness

    Denne morgonen er det tidleg avreise med kurs mot fastlandet. Bussen tek oss først på tvers av hovudøya, Mainland, til bygda Stromness. Der tek vi ferje over til Scrabster heilt nord på det skotske fastlandet. Ferjeturen tek ca. 1 ½ time, og då kan det vere tid for å kjøpe seg ein kaffikopp og litt å bite i. Denne turen med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper vert av mange sett på som den vakraste delen av Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.

    I Scrabster plukkar ein ny buss oss opp, og vi køyrer sørover på det skotske høglandet. Titlestad fortel undervegs. Ved kysten vil ein sjå mange stadnamn med norrøne røter, medan vi i innlandet ser namn med gælisk opphav.

    På turen over til Aberdeen stoppar vi i byen Inverness. Denne byen er det administrative senteret i den skotske regionen Highlands. Inverness er også starten på Caledoniakanalen som strekkjer seg herifrå og heile 100 kilometer sørvest til Fort Williams. Her vert det tid til å rusle litt på eiga hand eller nytte høve til å kjøpe seg ein lunsj. Reiseleiar kjem gjerne med forslag på restaurantar.

    Etter lunsj går turen vidare i buss og tek oss gjennom eit variert landskap til Aberdeen. Undervegs vil Titlestad svare på spørsmål frå deltakarane om det han har snakka om på turen.

    I Aberdeen sjekkar vi inn på hotellet vårt, og det blir felles middag der om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 9: Fredag 15. september - Inverness til Aberdeen

    I dag har gruppa fly på litt ulike tider av dagen. Det er sett opp buss til flyplassen om morgonen og ein på ettermiddag. Direktefly til både Bergen og Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/9BergenVesterled229 950,-BestillMer informasjon
7/9OsloVesterled229 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo