Tur til USA og Midtvesten med historikaren Rasmus Sunde

18. - 27. juli 2026

Totalt utvandra det ca. 850 000 personar frå landet vårt. Berre Irland har større utvandring i høve til folketalet, og svært mange nordmenn har slektningar som tok farvel med Norge. Dei  fleste slo seg ned i Midtvesten, og på denne spennande turen gjennom dei tre statane Minnesota, Wisconsin og Iowa reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve både små og store byar og elles møte både det «norske» og det moderne Amerika. Framfor alt vil vi komme i kontakt med etterkommarar av utvandrarane og oppleve kor sterke dei norske røttene framleis er på den andre sida av havet.

Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah som varer i tre dagar. I tillegg får vi med oss storbyane Minneapolis og Madison og eit heilt spesielt måltid på Owamni by The Sioux Chef som serverer mat med røter frå Sioux-stammen sine tradisjonelle rettar.

Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er fagperson på denne svært innhaldsrike turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 25 turar dit.

Pris frå:
39 950,-
Dagar: 9
Inkludert:
  • Flyreisa Oslo/Bergen - Minneapolis t/r, med mellomlanding (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • All busstransport som vist i programmet
  • 8 overnattingar på hotell i USA med god standard
  • 8 frukostar
  • 2 lunsjar som vist i programmet
  • 1 middag som vist i programmet
  • Billettar til alle felles attraksjonar
  • Historikaren Rasmus Sunde er ansvarleg for turopplegget og fagguide
  • Reiseleiar frå Fotefar

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 8050, -
  • Utflukter merka med mogeleg val mot tillegg i prisen
  • Eventuell oppgradering av hotellrom
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar 20

Bildegalleri

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Informasjon om ESTA (USA): 

Dei fleste treng berre ein godkjend ESTA-søknad for å få innreise til USA, men i nokre tilfelle er det naudsynt med visum. Du må sjølv setje deg inn i om du er ein av dei som må søke om visum. Dei som lyt søke om dette, må vere ute i god tid, då denne prosessen kan ta tid.  

For dei fleste er det altså nok å fylle ut ein ESTA-søknad på nettet, for å få reiseløyve/reisetillating. Gå til denne sida for å søke: https://esta.cbp.dhs.gov/esta.

Hugs at skjemaet om reiseløyve må fyllast ut og sendast elektronisk minst 10 dagar før avreisa. Du betaler ca. 21 dollar (214 kr) ved hjelp av kredittkort. Ver obs på at det er mange luresider når det gjeld ESTA-søknader. Der krev dei mykje meir pengar enn dei 21 dollarane det kostar. Ver difor sikker på at du går inn via Fotefar sine sider for rett søknadsskjema. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 18. juli – Avreise til Minneapolis

    Avreise frå Oslo ved lunsjtider via Keflavik. Det er mogeleg å reise frå andre byar på førespurnad. På grunn av tidsforskjellen er vi framme i Minneapolis seint på ettermiddagen. Derifrå køyrer bussen oss direkte til hotellet vårt i den koselege byen Northfield. Då er det tid for noko å ete på hotellet eller på ein restaurant i byen.

  • Dag 2: Søndag 19. juli - Til Urland Church, farmbesøk og St. Olaf college

    Etter frukost tilbyr vi ein halvdagstur i det norske området rundt byen og til det kjende St. Olaf College inkludert lunsj. (Mogeleg val mot tillegg i pris) Vi startar med busstur  gjennom Sognedalen til Urland Church. Her blir vi med på gudsteneste med kyrkjekaffi i den vakre kyrkja. Vi går rundt på gravplassen og kikkar på alle dei norske namna. Deretter køyrer bussen oss til ein stor farm som driv med mjølkeproduksjon. Eigarane er norskætta, og vi får omvising. Etterpå køyrer bussen til det kjende St. Olaf college som vart starta av norske immigrantar i 1874, og som både kong Olav, kong Harald, dronning Sonja og kronprins Haakon har besøkt. Her blir det stor lunsj og omvising både inne og ute på det flotte skuleanlegget.

    Dei som ikkje er med på utfluktene, nyttar tida til eigen disposisjon i Northfield. Byen har mange små, trivelege butikkar og fleire galleri og museum. Om ettermiddagen har alle tid på eiga hand i den koselege småbyen.

    Om kvelden møtest vi til fellesmiddag berre for gruppa vår.

    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 20. juli – Norskedalen, Westby og Madison

    Etter frukost startar vi bussturen austover og køyrer til La Crosse og vidare til Norskedalen, som har eit svært interessant ute- og innandørsmuseum. Deretter stoppar vi i den «norske» byen Westby og får servert lunsj på Westby Historical Society. Her møter vi eldre folk som enno snakkar norsk. Dette er eit område der dei er svært opptekne av dei norske røtene sine, og i Westby feirar dei difor 17. mai i heile tre dagar! Til slutt denne dagen når vi fram til Madison som er «hovudstaden» i Wisconsin med ca. 200 000 innbyggjarar. Etter vår meining er dette den vakraste byen i Midtvesten.

    Vi sjekkar inn på det flotte hotellet vårt, der skal vi bu i tre netter. Etter middag på eiga hand eller saman med reiseleiar, kan dei som ønsker det, vere med ein liten tur «på byen».

    (F, L)

  • Dag 4: Tysdag 21. Juli - Slektsgransking, småbyen Stoughton, Livsreise og Sons of Norway

    Etter frukosten går vi den korte vegen til Norwegian Genealogical Center som er den største institusjonen for norsk slektsgransking i USA. Her blir det orientering om senteret sitt arbeid, og Rasmus vil halde eit foredrag om kjeldene til den norske utvandringa. Vi gir oss god tid på senteret, og dei som er spesielt interesserte i slektsgransking, kan sjølvsagt nytte meir tid her om onsdag.

    Etter besøket på senteret kan ein bli med på ei stor utflukt med guiding, museumsbesøk, middag og dans til den «norske» småbyen Stoughton som ligg litt søraust for Madison (mogeleg val mot tillegg i pris). Her feirar dei også 17. mai i tre dagar. På bussturen dit får vi høyre om dei norske settlementa og småbyane i området. Vel framme i Stoughton er det tid for lunsj på eiga hand før vi får omvising i det berømte opera-huset i byen. Deretter besøker vi Norwegian Heritage Center som blir kalla Livsreise. Museet fortel historia til dei norske immigrantane som slo seg ned i Wisconsin. Dette tek rundt ein time. Vi har så noko tid på eiga hand før vi møter Sons of Norway-medlemmer til middag og fellesprogram med dans til slutt. Retur til Madison med bussen vår utpå kvelden. Dette er ei utflukt vi sterkt anbefaler alle til å melde seg på.

    (F )

  • Dag 5: Onsdag 22. juli – Capitol-bygningen, stauten av Hans Christian Heg, State Street, universitetsområdet

    Om morgonen ruslar vi den korte vegen over gata til den vakre og mektige Capitol-bygningen (hovudstatsbygningen i Wisconsin), og her får vi omvising. På plassen framfor Capitol-bygningen står ein statue av den legendariske norske offiseren i borgarkrigen, oberst Hans Christian Heg, og Rasmus fortel om livet hans.

    På vegen vidare kikkar vi på Monona Terrace. Dette bygningskomplekset vart teikna av den verdskjende arkitekten Frank Lloyd Wright. Vi ruslar vidare saman med reiseleiarane ned hovudgata State Street til det flotte universitetsområdet. Her kan vi sitje ute ved innsjøen Lake Mendota, sjå på folkelivet og kosa oss. Det er tid for lunsj på eiga hand, og vi vil føreslå universitetskantina i Memorial Union Terrace.

    Ettermiddagen til fri disposisjon. Kvar onsdagskveld kl. 19.00 i juni og juli er det ein stor, gratis utekonsert ved Capitol-bygningen med Wisconsin Chamber Orchestra. Desse konsertane samlar tusenvis av tilhøyrarar og må berre opplevast. Folk tek med seg campingstolar og bord og kosar seg med mat og drikke som dei tek med seg, men vi kan kjøpe det vi treng frå dei mange salsbuene.

    (F)

  • Dag 6: Torsdag 23. juli – Cabela, kyrkjelunsj i Utica Church, og Nordic Fest

    Denne dagen skal vi køyre til Decorah og ha nokre stopp undervegs. Difor startar vi frå hotellet kl. 08.30, og første stopp er på Cabela i byen Prairie du Chien. Dette er ei av verdas største sportsforretningskjede. Deretter går turen til Ferryville i Crawford County. I dette området slo mange norske emigrantar seg ned. I Utica Church møter vi fleire av norsk ætt, og her blir det ein stor lunsj.

    Vi reknar med å vere framme i Decorah i Iowa utpå ettermiddagen. Denne byen har ca. 8.000 innbyggjarar og er ein av dei mest «norske» byane i heile USA. Vi tek inn på hotellet vårt der vi skal bu i to netter.

    Etter litt avslapping køyrer bussen oss til sentrum av Decorah (ca. 2 km), og vi vert med på opninga av Nordic Fest ved Town Hall. Dette er ein storslegen festival som varer i tre dagar og har eit utruleg variert program. Bussen vår køyrer oss frå hotellet til sentrum og tilbake fleire gonger medan vi er i byen. Middag på eiga hand, men reiseleiaren gir råd om kor vi kan ete.

    (F, L)

  • Dag 7: Fredag 24. juli – Decorah og Nordic Fest

    Etter frukost tek bussen oss til sentrum, eller vi kan spasere dit. Alle bør ta seg tid til å sjå det norske Vestrheim-museet som er det største etniske museet i USA. Turdeltakarane har dagen til fri disposisjon for å vere med på dei mange aktivitetane under Nordic Fest og elles rusle rundt i den trivelege byen. Heile dagen er byen full av musikk, underhaldning og ulike aktivitetar med eit yrande folkeliv.

    Om kvelden samlast turgruppa til ein frivillig fellesmiddag på ein flott restaurant med ein utsøkt middag. 

    (F)

  • Dag 8: Laurdag 25. juli – Elveløpet, stor parade og møte med norskamerikanarar

    Tidleg om morgonen kan dei spreke og morgonfriske delta på eit stort mosjonsløp, det såkalla Elveløpet, der vi kan både gå eller springe på tid. Nær tusen personar stiller til start, og fleire av deltakarane våre bruker å delta. Få med deg denne opplevinga!

    Deretter er det ein stor parade i hovudgata. Dette er høgdepunktet under Nordic Fest og samlar mykje folk. Totalt reknar ein med at om lag 30.000 personar besøker Decorah desse dagane. Her vil vi møte mange etterkommarar av norske emigrantar.

    Utpå ettermiddagen køyrer bussen vår oss nordover til Minneapolis. På veg dit møter vi gjerne på Amishfolk langs vegen med hest og vogn. Dette er ei streng religiøs gruppe som utvandra frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Dei lever svært enkelt utan moderne hjelpemiddel.

    Etter at vi har sjekka inn på hotellet og slappa av litt, kan ein velje mellom å ete middag på ein restaurant nær hotellet eller bli med på ei heilt spesiell matoppleving (mogeleg val mot tillegg i pris, pris kjem seinere) på Owamni by The Sioux Chef, som vart kåra til den beste nye restauranten i USA i 2022. Her lagar Oglala Lakota-kokken Sean Sherman utsøkt mat utan ein einaste ingrediens innført etter at Columbus oppdaga Amerika. Dette blir ei stor oppleving!

     (F)

  • Dag 9: Søndag 26. juli – St. Paul og Mall of America

    Etter frukost blir det sightseeing i tvillingbyane Minneapolis – St. Paul. Desse byane dannar eit samla byområde med 2,5 millionar innbyggarar, og dei fleste har skandinaviske eller tyske røter. Dennis Gimmestad med slekt frå Nordfjord vil vere guiden vår denne dagen saman med Rasmus Sunde.

    Vi køyrer først til Luther Seminary som er ein utdanningsinstitusjon for prestar og grunnlagd av norske immigrantar. Her ser vi på Loen-krossen før vi går til Muskego kyrkja der Rasmus orienterer. Denne kyrkja er bygd i 1844 og er den eldste norske immigrantkyrkja i Amerika.

    Deretter held Dennis fram med guidinga i storbyen før vi køyrer til St. Paul til den storslegne og flotte Capitol-bygningen, der vi tek oss god tid. I framgrunnen står det ein statue av Knute Nelson frå Voss. Han er den immigranten frå Norge som har nådd lengst i politikken i USA, først som guvernør i Minnesota og i mange år som senator i Washington. Statuen er sett opp i takksemd for innsatsen hans for staten Minnesota. Vi stoppar så opp ved den store statuen av Leiv Eriksson, og her får vi høyre om det store jubileet i 1925 og om 200-års jubileet i 2025.

    Etter guiding i St. Paul tek bussen oss til Mall of America, som er eitt av verdas største butikksenter med ei mengd aktivitetar og butikkar.  

    Vi har også eit tilbod om cruise på elva Mississippi med hjulbåt (mogeleg val mot tillegg i pris) Dette er ei stor oppleving og ei fin avslutning på turen til Midtvesten.

    Buss frå cruiset tilbake til Mall of America og vidare til flyplassen. Avreise med Icelandair frå Minneapolis om kvelden.

    (F)

  • Dag 10 : Måndag 27. juli Heime i Norge

    Mellomlanding i Keflavik og framme i Oslo om føremiddagen.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/7BergenMidtvestenMeir enn 840 950,-BestillMer informasjon
18/7OsloMidtvestenMeir enn 839 950,-BestillMer informasjon