Skip to main content

Motown-tur til Detroit med Odd René Andersen

7. - 12. september 2022.

Velkommen med på ei reise full av den beste musikken frå 60- og 70-talet. Den nye Motown-sounden frå Detroit erobra verden med namn som Jackson 5, Supremes, Marvin Gaye, Stevie Wonder og The Temptations. På denne splitter nye turen får vi oppleve USA’s soulby nummer ein saman med Norges kanskje beste soulvokalist, Odd René Andersen. Odd René er kjend for sine mange konsertar, tv-opptredenar og album, i tillegg til førestillinga My Motown som har gått årleg i 10 år.

I Detroit blir det to minikonsertar med Odd René, mykje livemusikk, guida turar til Motown-plateselskapet og andre viktige stader i musikkhistoria.

Dette blir ei heilt unik reise med ein fantastisk artist!

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 7. september

    Vi møtest på Gardermoen for flyreisa til Detroit. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.

    Vi landar same kveld, og bussen tek oss til hotellet vårt i sentrum av byen. Her skal vi bu under heile turen. I dag er Detroit heim til om lag 713 000 menneske.

  • Dag 2: Fredag 8. september

    Etter ein god, amerikansk frukost møtest vi til velkomstsamling i møterommet på hotellet, der vi blir litt meir kjende med kvarandre, Odd René og reiseleiarane. Odd René har ei lang karriere som artist. Han starta som vokalist i bandet Dream Police, men slo for alvor igjennom då han ga ut soloalbuma Break of dawn (1995) og Good company (1996). Sidan den gong, har liste over album, singlar og andre utgivingar vorte lang. Odd René blir i dag rekna som ein av Norges beste artistar, og har blant mykje anna kora for Paul McCartney, varma opp for Tina Turner og våre supportartist for Joe Cocker.

    Etter velkomstsamlinga byrjar vi utforskinga av Detroit og den rike musikkhistoria med ein guida busstur. Her vil den lokale guiden fortelje om Detroit si musikkhistorie, frå blues og jazz til rock'n roll og Motown. Vi ser nokre av dei mest sentrale stadene i utviklinga til musikken. Høgdepunkta inkluderer Blue Bird Inn, United Sound Recording, Baker’s Keyboard Lounge, The United Sound Recording Studio og mykje meir.

    Byturen ender med eit besøk på Motown Museum. Dette er eit fantastisk museum utan likestykke. Historia til museet strekk seg tilbake til dagen Berry Gordy, Sr. og kona, Bertha Fuller Gordy med dei åtte borna sine flytte frå Georgia og reiste nordover, i likskap med mange andre afro-amerikanarar på starten av 1900-talet. Familien hadde lang tradisjon for entreprenørskap, sidan både mor og far starta og dreiv fleire verksemder. Son deira, Berry Gordy, etablerte i 1959 plateselskapet Motown Records, og då hovudkontoret til plateselskapet vart flytta frå Detroit til L.A. starta den eldste systera hans, Ester Gordy Edwards, museet. I dag har museet som oppgåve å bevare, promotere og feire den autentiske historia til Motown.

    Vi reiser vidare til restauranten Hop Cat for lunsj. Her får vi servert klassisk amerikansk meny med Sandwiches og Burger. Under lunsjen får vi besøk av ein Motown-forteljar. Det blir enten eit medlem av Funk Brother’s Band eller eit familiemedlem av Gordy-familien. The Funk Brothers var ei gruppe av Detroit-baserte session-musikarar. Dei spelte inn mykje av bakgrunnsmusikken til Motown-innspelingane frå 1959 før selskapet vart flytta til Los Angeles. Dei er sagt å vere blant dei mest suksessrike studiomusikarane i historia. Blant dei største hittane finn vi My girl, I Heard It Though the Grapevine og Papa Was a Rollin’ Stone. Etter forteljinga frå Motown-spesialisten vår får vi ein minikonsert med Odd René Andresen, der han spelar nokre av favorittane sine frå Motown-tida. Kanskje vi får høyre noko frå Jackson 5 og Diana Ross, eller kanskje monsterhiten Please Mister Postman.

    Etter lunsj får vi tid på eiga hand til å utforske byen. Rett ved hotellet vårt, faktisk kobla saman med «skyway», finn vi GM Reaissance Centre, ei sentral bygning i historia til Detroit.

    Om kvelden tek vi t-bana til O-Link til Detroit Museum of Art for live musikk.
    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 9. september

    Denne morgonen startar vi med guida vandring langs gangvegen Riverwalk til vi kjem til Eastern Market. Sidan 1891 har dette området vore ein sentral handelsstad for lokale matvarer. Her finn ein salsbodar frå tidleg om morgonen til seint om kvelden heile veka. Det er også eit område for fantastisk gatekunst. Vi nyttar dagen til å sjå oss om på denne historiske marknaden.

    I kveld besøker vi Burt’s Entertainment Warehouse for middag og underhaldning. Her får vi servert rustikk og autentisk BBQ, ordentleg «soul food». Burt’s er ein restaurant og bar med mykje ekstra og blir nesten som ein museum for historia til Detroit. Staden har også eit eige Motown-rom, der gullplater og andre gjenstandar frå Motown-tida er på utstilling. Kvar laurdagskveld er det tradisjon for live bluesmusikk, og denne laurdagen er ikkje noko unntak. Vi kosar oss med musikk og godt selskap!
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 10. september

    Etter frukost gjer vi oss klare til å delta på ei ekte tradisjonell søndagsmesse i Second Ebenezer Church. Det er ei uforgløymeleg oppleving å sitte i kyrkja når eit fullt gospelkor syng salmar. Pastoren i kyrkja, Edgar Vann II, var ein god venn av souldronninga Aretha Franklin.

    Bussen tek oss vidare til Greenfield village etter gudstenesten. Dette er 80 «acres» med Amerikansk industrihistorie som inkluderer laboratoriet til Thomas Edison, der han fann opp lyspæra, og verkstaden til Wright brødrene. Vi får også sjansen til å køyre ein ekte Model T. Etter noko tid til å sjå oss om og ete lunsj på eiga hand, samlast vi for å bruke resten av ettermiddagen på Henry Ford Museum of American Innovation. Her ser vi stormskritta som Henry Ford gjorde, og som endra heile verda. Vi får også gå inn i den historiske bussen der Rosa Parks starta borgarrettsrørsla. Andre utstillingar syner innovasjonar innan flyindustrien heilt frå dagane til Wright-brørne til i dag, eller du kan besøke Buckminster Fuller’s circular Dymaxion House.

    I kveld kan vi ete middag på eiga hand eller bli med reiseleiaren på restaurant. Fritid resten av kvelden.
    (F)

  • Dag 5: Måndag 11. september

    Denne morgonen samlast vi eit privat rom etter frukost. Her får vi ein minikonsert med Odd René Andresen. Sidan det er den siste dagen vår i Detroit, blir minikonserten ein oppsummering av artistar og låtar vi har høyrt om tidlegare på turen.

    Resten av dagen til ulike aktivitetar. Du kan bli med reiseleiar eller oppdage Detroit på eiga hand. Dette er enkelt å gjere frå vårt sentrale hotell. Vi kan tilråde både ein tur til Detroit Institute of Art eller eit besøk til sjarmerande Belle Isle Park. Elles er det fleire museum som er att å oppdage!

    Vi feirar vår siste dag på tur med ein felles middag. Den tek vi på ein av landets beste jazzklubbar, nemleg Cliff Bells. Historia til klubben strekk seg heilt tilbake til 1930-åra, noko som ein kjenner med ein gong ein kjem innom dørene. Det mørke interiøret er nesten uendra på dei siste 100 åra. Etter middag byrjar underhaldninga med live jazzmusikk. Vi kosar oss med musikken og drøymer oss tilbake til Detroit sine glansdagar, då den var USA’s viktigaste musikkby.
    (F, M)

  • Dag 6: Tysdag 12. september

    Vi startar dagen med ein typisk amerikansk-pannekake-frukost før vi pakkar saman og sjekkar ut av hotellet. Bussen vår køyrer oss til flyplassen og vi reiser tilbake til Norge. Returen går over natta og vi landar dagen etter (onsdag 13. oktober).
    (F)

  • Dag 7: Onsdag 13. september

    Vi landar i Norge.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/9OsloDetroitMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo