Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 25. september - Til London og rundtur med «The Swinging 60’s Bus»

    Avreise frå Oslo og Bergen. Bussen køyrer oss frå flyplassen til hotellet vi skal bu på, der vi kan sette frå oss bagasjen, før vi tek lunsj på eiga hand.

    Etter lunsjtid skal vi ut på tur med «The Swinging 60’s Bus». Dette er eit mogeleg val mot tillegg i prisen. Bussen er ein ekte, raud dobbeldekkar frå 60-talet med stor stemning og tidstypisk musikk på høgtalarane. Vi har med oss den lokale musikkguiden vår, Paul. Han har vore musikkguide i London i mange år og krydrar guidinga med små historier og anekdotar. Kanskje tek han også med gitaren og spelar litt for oss.

    På turen køyrer vi forbi fleire kjende stader for 60- og 70-talsrocken. og vi skal blant anna besøke The Old Station Hotel i Richmond, der The Rolling Stones starta, og The Half Moon i Putney, som er ein av Londons mest kjende stader for livemusikk. Her har dei arrangert konsertar kvar kveld sidan 1963. Turen går så vidare til Chiswick House, der Beatles laga reklamefilmar for songane «Paperback Writer» og «Rain», som var føreløparar til dagens musikkvideoar, og vi går litt rundt i bygningen. Bussen køyrer også forbi huset The Wick, som har husa fleire av kjende musikarar, som Mick Jagger, Ronnie Wood og Pete Townsend. Vi køyrer også forbi Twickenham Studios og besøker Eel Pie Island, med sine historiske røter i 60- og 70-talsrocken.

    Etter rundturen dreg vi tilbake til hotellet for innsjekking. Så er det tid for Bård Ose sitt første kåseri på turen. Han skal fortelje om bakgrunnen for London-musikken på 60- og 70-talet, og om kvifor byen er like viktig for utviklinga av rocken som musikkbyane i USA.

    Bård har blant anna skrive bøker om VinskvettenThe BeatlesThe Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, og i tillegg er han programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.

    For dei som ikkje blir med på musikkopplegget denne dagen, kan vi anbefale eit besøk i livlege Covent Garden eller shopping i Oxford Street eller Regent Street. Hotellet vårt ligg sentralt til, og ein kan fint gå til fots for å kome seg til desse stadene. Hop-on-hop-off-bussane som går gjennom heile London sentrum kan også vere eit alternativ. Elles har byen noko for ei kvar interesse, og reiseleiarane hjelper til med mogelege aktivitetar dersom det er ønskeleg.

    Reiseleiarane kan også hjelpe til med billettar til musikalar eller liknande viss nokon er interesserte i det.

    Middag på eiga hand. Vi bur midt i sentrum med mange kafear, restaurantar og pubar i gangavstand frå hotellet. Reiseleiar kjem med tips til stader de kan ete.

  • Dag 2: Torsdag 26. september - Abbey Road, Hendrix-museet og Hard Rock Café

    Vi startar dagen med frukost på hotellet. Etterpå møtest vi i konferanserommet for å høyre dagens kåseri av Bård Ose. Her gir han oss bakgrunnen og historia til det vi skal sjå på den guida turen seinare på dagen. Dei som har vore med på Beatles-turen til Bård, veit at han er ein fantastisk forteljar, og at latteren sit laust under desse morgonkåseria.

    Neste post på programmet (mogeleg val mot tillegg i pris) er legendariske Abbey Road Studio med fotgjengarfeltet utanfor som The Beatles gjorde verdsberømt med coverbildet på den siste studioplata si. Den raude dobbeldekkaren køyrer oss rundt også denne dagen, og ein av dei lokale musikkguidane våre er med på heile opplegget.

    Turen går så vidare til The Clissold Arms i Muswell Hill, som er kjent som heimen til bandet The Kinks. Dette er konsertstaden der bandmedlemmene Ray og Dave Davis hadde sin debut. Vi fortset vidare til Handel & Hendrix House. Dette er eit museum i Mayfair som er dedikert til barokkomponisten George Frideric Handel og gitaristen, sangeren og låtskriveren Jimi Hendrix, som budde her.

    Etterpå blir det middag på Hard Rock Café. Her får vi også privat omvising i museet deira, The Vault, med utstilling av gjenstandar frå rockens historie. Dette var den første, originale Hard Rock Café-en, og den aller første gjenstanden i den utruleg store samlinga deira heng framleis her: Ein Red Fender Lead II-gitar som Eric Clapton donerte i 1979.

    Reiseleiar kjem med tips til kor ein kan gå ut og høyre på livemusikk etter middag, for dei som ønsker det.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 27. september - Royal Albert Hall, King’s Road og The Troubadour

    Etter ein god frukost møtest vi i konferanserommet på hotellet og høyrer Bård Ose fortelje anekdotar om band og musikarar frå 60- og 70-talets London. Han har store kunnskapar og tek gjerne imot ønske frå salen om kva han skal fortelje om.

    60-talsbussen og guidane våre tek oss med på ein humørfull rundtur i sentrale London, og første stopp blir legendariske Royal Albert Hall, der vi får ei privat omvising med fokus på 60-talsmusikken. Dette er eit mogeleg val mot tillegg i pris. Deretter går turen vidare forbi King’s Road med sine berømte platestudio som Swan Song Records, eigd av Led Zeppelin. Bussen køyrer oss vidare til Chelsea, der vi får eit spennande møte med frisøren til The Beatles.

    Vi kjem så til The Troubadour, ein av dei siste attlevande sentrale musikk-kaféane i det som vart kalla The British Folk Revival. Her spelte Bob Dylan, Paul Simon, Joni Mitchell, Jimmy Page, Robert Plant og ein haug andre av dei store. Det som er utruleg med denne konsertstaden, er at det meste av interiøret er uforandra, så her kan ein verkeleg drøyme seg tilbake til Swinging London på 60- og 70-talet. Dette tilleggsvalet avsluttast ved ankomst her, så om du ønsker å delta på neste del av programmet, legg også til tilleggsvalet som heiter "The Troubadour".

    Vi et lunsj her, pratar meir med frisøren til The Beatles, og får med oss livemusikk av blant anna dei to flinke musikkguidane våre Paul og Adam (mogeleg val mot tillegg i prisen). Livemusikken fortset utover ettermiddagen og kvelden, så her kan ein få med seg så mykje livemusikk ein berre orkar, før ein kjem seg tilbake til hotellet på eiga hand.

    Reiseleiar kjem med tips til stader å ete middag, og også stader ein kan gå ut for å sjå og høyre livemusikk.
    (F)

  • Dag 4: Laurdag 28. september - Guida vandring i Soho

    Vi startar dagen med frukost og etterpå blir det kåseri om London-musikken med Bård Ose i konferanserommet .

    Etter kåseriet går vi samla frå hotellet til bydelen Soho som er svært viktig for musikkscenen i London. Der kan vi få ei guida vandring med den lokale musikkguiden vår (mogeleg val mot tillegg i prisen). Det var i denne delen av byen, det som vart kalla Europas første rockeklubb, the 21’s Coffee Bar, låg. Kaféen vart opna i 1956, og det var her skiffle-musikken fekk sitt gjennombrot i England. Skiffle kan seiast å vere ein føreløpar til rockemusikken, og på denne vesle kafeen slo både Tommy Steele og Cliff Richard gjennom.

    Ein annan sentral plass vi får høyre om på guidinga i Soho, er The Marquee Club der The Rolling Stones, Led Zeppelin, The Who, Yes, Jethro Tull, Pink Floyd, David Bowie, Fleetwood Mac og Jimmy Hendrix spelte. Vi går også bortom verdsberømte Ronnie Scott’s Jazz Club og Trident Studios der The Beatles, Queen, Elton John og mange av dei andre har spelt inn musikk.

    Det er mogeleg å ta seg ein fridag denne dagen for å oppleve London på eiga hand. På ettermiddagen får vi det siste foredraget til Bård Ose på turen. Middag på eiga hand, men reiseleiar kan kome med tips til restaurantar og stadar ein kan oppleve livemusikken.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 29. september - Heimreise

    Avreise med fly tidleg føremiddag. Bussen tek oss frå hotellet til flyplassen om morgonen, etter ein tidleg frukost. Avreise med fly til Oslo og Bergen.
    (F)