Skip to main content

Napoli, Pompeii og smaken av Campania

19.-24. september 2022

Bli med Fotefar på ein unik tur til historiske og vakre Sør-Italia. På denne turen skal vi få oppleve den ekte smaken av Sør-Italia og folkelivet på den italienske landsbygda i tillegg til verdsarvbyen Pompeii og pulserande Napoli.

Italienske Giovanni og norske Nils Johan er vertskapet vårt på turen, og tek oss med til sin eigen olivengard Uliveti Castel San Martino ved landsbyen Solopaca. Dei neste dagane får vi smake på  det beste av olivenolje, vin, ost, pasta og skinke frå området - alt frå handplukka småprodusentar. Det er viktig for Giovanni og Nils Johan at vi får møte menneska som produserer maten, så her kjem vi tett på folka og kulturen i landsbyane.

Dagane blir fylte med god mat og utsøkte vinar, italiensk kultur og historie. Det vert tid til å senke skuldrane og nyte det gode liv.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 19. september – Pompeii og Grand hotell Telese

    Fly frå Gardermoen om morgonen via München til Napoli.   

    På veg til hotellet vårt køyrer vi til byen Pompeii og får ein god stopp der. Byen ligg like ved Napoli og ved utløpet av elva Sarno. Pompeii var opphavleg bygd som ein romersk handels- og hamneby. I år 79 e.Kr hadde den nærliggjande vulkanen Vesuv eit stort utbrot, og byen vart dekt av seks meter med lava og oske. På 1500-talet oppdaga ein at det låg ruinar under dette laget, og først på 1700-talet byrja utgravingane. Ein oppdaga då at det låg ein romersk by der med tempel, bad, teater, villaer og andre bygningar. Vi kan framleis sjå private hus med høg standard og flotte utsmykkingar med mosaikkar og måleri. Utgravingane avslørde også at byen var omkransa av ein tre kilometer lang bymur og gater og vegar. Som i dei fleste italienske byane, hadde også Pompeii ein stor, firkanta plass som vart kalla forum. Her gjekk det politiske og økonomiske livet føre seg, og mykje folk var samla der då utbrotet kom.

    Etter besøket i Pompeii køyrer bussen oss til hotellet vårt ved den vesle byen Telese. Etter innsjekking på det 4-stjerners hotellet, vert det velkomstmiddag. Vi startar alt då med fokus på lokal mat. I tillegg blir det levende musikk under middagen. Denne kvelden blir vi kjende med Giovanni og Nils Johan, og i  tillegg møter vi  Luigi, som er tidligare leiar av Slow-food organisasjonen i området. Desse tre vil vere vertskapet vårt dei neste dagane.

    Hotellet har symjebasseng, og på bestilling kan ein nytte badstove, boblebad og kanskje ein god massasje.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 20. september – «Gullet i Sannio»

    Til olivengarden Uliveti Castel San Martino  og vingarden Ca’Stelle.

    Etter ein god frukost køyrer bussen oss til Uliveti Castel San Martino, olivengarden til Giovanni og Nils Johan, som ligg i den vesle landsbyen Solopaca. Vi får først høyre litt om området, før vi skal smake på oljen. Eigarane forklarer oss korleis produksjonen går føre seg, og deretter besøkjer vi sjølve olivenlunden. Der vil eigarane fortelje om oliventrea som dei så fint steller med til innhaustinga startar. Deretter får vi servert den tradisjonelle lunsjen, La Cofana, ute i det fri.

    Etter «La Cofana» dreg vi tilbake på hotellet, der vi kan slappe av og nytte oss av fasilitetane der, før vi seint om ettermiddagen dreg på besøk på vingarden Ca’Stelle. Eigarane av Ca`Stelle er opptekne av eit berekraftig miljø i heile vinproduksjonen. Dei har jobba hardt gjennom mange år og søkt etter den rette balansen for å utvikle ein fantastisk vin. Det handlar om lidenskap og engasjement i tillegg til tradisjon, gode framstillingsmetodar og teknologisk innovasjon. Her vert det omvising, og vi skal nyte ein god middag med utsøkte vinar til. Dette blir ein  winemakers dinner berre for gruppa vår.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 21. september – «Smaken av Sannio»

    Etter frukost går turen til den vesle landsbyen Pietraroja, som ligg 818 moh. i Sannio, i eit område i provinsen Benevento. Programmet i dag har Giovanni og Nils Johan kalla for Sapori del Sannio, altså smaken av Sannio. Det blir ein ny dag med fokus på lokalmat og gode smakar.

    I Pietraroja skal vi møte Rosa, som skal vise oss korleis ho lagar den lokale pasta-typen Carrati. I tillegg møter vi også dei lokale osteprodusentane Giuliano, Nicola og Salvatore, som vil presentere ostane sine for oss. I fleire hundreår er skinkene i Pietraroja vide kjende og rekna for av dei aller beste. Vi skal innom eit heilt spesielt museum der vi får innsyn i ein av løyndomane bak den framifrå gode smaken på skinkene. På museet vil vi få ein aperitiff og ein smak av den lokale skinka.

    Vi dreg vidare til den vesle nabolandsbyen, Cusano Mutri, der vi skal ete lunsj hos Giovanni, dagens leder av områdets slow-food-organisasjon. Det blir lokalt kjøtt, sesongens grønsaker av beste kvalitet, lokale spesialitetar, og på bordet kjem også pastaen til Rosa.

    Etter lunsj skal vi rusle ein tur og sjå oss rundt i den vesle byen. Kanskje er det nokon som vil nytte høve til kjøpe seg ein «gelato» hos Roberto, som lager verdas beste is med unike smakar. Ingen lagar vel betre isar enn italienarane.

    Felles middag på hotellet på kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 22. september – «Historia i Sannio»

    Etter frukost denne dagen kan du anten bruke dagen på hotellet og i nærområdet rundt hotellet eller slå følgje med oss til den sjarmerande mellomalderbyen Sant’Agata de Goti som ligg ved elva Isclero. Byen er på UNESCO’s verdsarvliste og er eit fantastisk syn når vi vandrar over brua og inn i sentrum.  Her får vi ein guida tur som inneheld mykje historie og kunst.

    Heile regionen har mange gardsbruk og produsentar av lokalmat, og bøndene er veldig stolte av produkta sine. Lunsjen vår i dag får vi servert på agriturismo L`Ape Regina. Den økologiske garden ligg i eit kupert område nær Taburno-fjellet, plassert på ein ås i det grøne landskapet. Dei har både vingard, olivenlundar, frukthagar og nokre husdyr. Pris for dette frivillige tilbodet med transport, lunsj og guiding er kr. 1490,-

    På ettermiddagen skal vi vitje byen Benevento, og Giovanni og Nils Johan vil ta oss med på ein rusletur i byen før vi vil få sjansen til å gå litt rundt på eiga hand. Før avreise til Benevento køyrer vi innom hotellet for å plukke opp dei som er der.

    I Benevento er der mange monument frå Romarriket. Mest kjend er Arco di Traiano eller Trajanbogen, som vart oppført i åra 114–117 til ære for keisar Trajan. Den er 15,6 meter høg og 8,6 meter brei og rikt dekorert. Eit godt verna romersk amfiteater med plass til rundt ti tusen tilskodarar vart først bygd under keisar Hadrian i år 126.

    Byen Benevento har også eit rikt og variert utval av butikkar. Vi har god tid både til litt shopping og middag på eiga hand før vi returnerer til hotellet vårt.
    (F)

  • Dag 5: Fredag 23. september – Napoli

    Etter frukost sjekkar vi ut, og bussen køyrer oss til Napoli. Grekarane kom til dette fruktbare området omkring 500 år f. Kr., og Napoli er ein av dei aller eldste byane i Europa som ikkje har vorte utsett for øydeleggingar. Universitetet i byen, Frederici II, vart grunnlagd i 1224 og er truleg verdas eldste ikkje-kyrkjelege universitet. Frå 1282 til samlinga av Italia i 1861 var Napoli hovudstaden i eit kongedømme i Sør-Italia og Sicilia. I fleire hundreår til 1800 var Napoli ein av dei mest folkerike byane i Europa.

    Sentrum i byen er som eit levande museum med palass, kyrkjer, kloster og  museum. Storbyområdet har omkring 3 millionar innbyggjarar og ligg vakkert til ved Napolibukta. Like i nærleiken ligg kjende reisemål som Capri, Ischia og Sorrento, og byen med omlandet har gjort Napoli til eit av verdas mest besøkte reisemål.

    Om føremiddagen vert det høve til å delta på ei spennande guida byvandring. Dette er eit frivillig tilbod og kostar kr. 590,- per person som også inkluderer billett til funiculare og ein kaffi på vegen.

    Om ein vel å ikkje delta på det frivillige tilbodet denne dagen, kan ein utforske byen på eiga hand og nyte dagen i metropolen.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag for heile reisegruppa. På menyen står sjølvsagt pizza, som byen er så kjend for. Pizza i ein eller annan versjon har blitt ete i Napoli i mange hundre år, men den mest berømte varianten Pizza margherita, er mykje yngre. Den vart først laga til dronning Margherita av Savoie sitt besøk i Napoli i 1889. Toppingen er som kjent tomatar, mozzarellaost og basilikum, som er i fargane til Italia sitt flagg: raudt, kvitt og grønt.
    (F,M)

  • Dag 6: Laurdag 24. september – Heimreise

    Etter ein god frukost på hotellet, kan vi nytte føremiddagen i Napoli før vi etter lunsj på eiga hand vert køyrde ut til flyplassen for heimreise.

    Vi er framme i Oslo seint om kvelden.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/9OsloCampaniaMeir enn 818 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/5Cruise i VesterledFrå 26 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo