
29.07. - 02.08.2026.
Bli med oss på ei reise gjennom verka til to av verdas mest anerkjende målarar, Odd Nerdrum og Edvard Munch, og oppdag korleis kunsten deira gjev liv til menneskelege erfaringar.
Det som gjer denne turen heilt spesiell, er fagpersonane våre. Du får vere saman med Öde Nerdrum, son til Odd Nerdrum, og Einar Duenger Bøhn som er professor i filisofi og forfatter av boka “Nerdrum som oppdrager”. Dei deler personlege forteljingar, refleksjonar og innsikt du ikkje får nokon annan stad. Engasjementet og førstehandskunnskapen dei sit på, gjer at kunsten kjennest levande og nær.
Denne turen passar for alle som er nysgjerrige på kva det eigentleg vil seie å fange det menneskelege i kunsten. Med fagpersonar som har personleg tilknyting til kunstnarane, vert opplevinga noko langt meir enn eit vanleg museumsbesøk.



