Skip to main content

New York & Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

14. - 22. oktober 2022.

Bli med til metropolen New York og vakre Washington. Vi startar reisa vår i kulturbyen New York, byen som aldri søv. Her opplever vi dei store attraksjonane på Manhattan inkludert Ellis Island, Fridomsgudinna og Ground Zero. Vi tek pulsen på innbyggjarane i New York på undergrunnsbana, i gater, parkar, galleri og museum. I hovudstaden, Washington D.C., er vi midt i verdas politiske sentrum. Der får vi sjå Det kvite hus, Kongressen, John F. Kennedy si grav, Lincoln-monumentet, Vietnam- og Korea minnesmerka, museum og mykje anna. Vi er så heldige å ha med korrespondentekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen på denne spennande reisa i amerikansk politikk, kultur og historie.

Kvar dag deler Eva og Joar av sine store kunnskapar om områda vi er i. Dei gir oss morosame kåseri og interessante anekdotar om smått og stort, krydra med det siste innan politisk sladder.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 14. oktober – Velkommen til New York

    Denne fredagen startar ferda vestover. Vi reiser frå Oslo eller Bergen (tilknyting frå andre byar mot tillegg), og er framme på Newark flyplass i New York tidleg ettermiddag. Allereie på bussturen inn til Manhattan ser vi den imponerande og verdskjende horisonten. Vi bur på eit godt hotell i sentrum, like ved Ground Zero. Derifrå kjem vi oss enkelt rundt til alle dei viktige attraksjonane.

    Om kvelden blir det velkomstmøte på hotellet. Der held Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen det første kåseriet på turen. Temaet blir ein presentasjon av verdsbyen New York. Etter møtet går vi til fellesmiddag på ein god restaurant i nærleiken av hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 15. oktober – Vi utforskar Manhattan

    Etter ei god natts søvn og frukost blir det kåseri av Eva Bratholm på hotellet. Med innføringa om byen friskt i minne, er vi klare for guida busstur på Manhattan. Vi stoppar for å strekkje på beina i High-Line park, bygd opp på ei godslinje over gatenivå, og i den populære Central Park. Elles køyrer vi i kjende byområde som Wall Street, Chinatown og Greenwich Village. I Harlem et vi ein sein lunsj, før vi tek bussen tilbake til hotellet. På vegen køyrer vi forbi Times Square.

    Tilbake på hotellet er det tid for avslapping eller å utforske byen noko meir. Denne kvelden kan vi bli med reiseleiarane på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet eller ete middag på eiga hand.
    (L)

  • Dag 3: Søndag 16. oktober – Ground Zero og Ellis Island

    Etter frukost startar vi dagen på konferanserommet med at Eva og Joar fortel korleis det var å bu og arbeide i New York. Før vi forlét hotellet og går bort til 9/11 Memorial (Ground Zero), fortel Eva oss om denne fryktelege hendinga som fekk så store konsekvensar over heile verda. Vi fortset vidare til Battery Park, ytst på enden av Manhattan, og derifrå tek vi ferja til Ellis Island. På veg ut til øya passerer vi den majestetiske Fridomsgudinna, og vi får gode forhold for fotografering. Denne øya var innfallsporten til mange av nordmennene som utvandra til Amerika.

    Resten av dagen står til eigen disposisjon. Vi kan anbefale fleire flotte kunstmuseum og galleri, for eksempel American Native History Museum.

    Om kvelden legg vi opp til at dei som ønskjer det, kan få med seg eit show på verdskjende Broadway, anten operaframsyning på storslegne Metropolitan Opera eller konsertbillettar til legendariske Carnegie Hall. Billettar til arrangementa må ein sjølv bestille, eller ta kontakt med oss for hjelp. Oversikt over arrangement, online billettbestilling og kva arrangement reiseleiarane vil velje, vert sende ut om lag to månader før avreise.

  • Dag 4: Måndag 17. oktober – Eva Bratholms Brooklyn og Greenwich Village

    Før vi tek turen til Brooklyn Bridge, blir det eit nytt foredrag av Eva om bydelen Brooklyn. Vandringa er på ca. 2,5 km, og dei som vil, kan ta metro eller taxi. Frå brua får vi fantastisk utsikt mot Manhattan, så her kan vi ta gode foto. Når vi er komne over brua, får vi ein guida tur i Eva Bratholms Brooklyn. Der vekslar vi mellom metro, buss og vandring i dei koselege gatene med «brownstone»-hus i denne bydelen. Her kan vi sjå huset Eva sjølv budde i då ho arbeidde der. Vi et ein stor og kraftig lunsj i Brooklyn Heights, før vi tek metroen til hotellet. Dei som vil, kan gå tilbake. Eva Bratholm har skrive bok om Brooklyn, så dette kan vere fin litteratur før reisa.

    Denne kvelden blir det tur til Greenwich Village der vi opplever ekte New York jazz. Vi reiser med metro frå hotellet og møter jazzguiden vår, Gordon, som tek oss med til ein av dei små og eksotiske jazzklubbane i denne berømte bydelen. Der får vi høyre lokal jazz og smake nokre av byens kjende forfriskingar. Det blir ein flott kveld med mange inntrykk.
    (L)

  • Dag 5: Tysdag 18. oktober – Philadelphia og Washington

    Denne morgonen er det på tide å reise vidare til Washington med buss. På vegen fortel Joar oss om statane vi køyrer igjennom, som er New York, New Jersey, Delaware og Maryland.

    På vegen dreg vi innom Philadelphia, ein perfekt stoppestad på vår politiske reise. Denne byen er patriotismens fødestad. Det var her dei skreiv under på Uavhengiheitsfråsegna i 1776 og Grunnlova i 1783. Vi får ei omvising i byen medan Eva og Joar auser av sine store kunnskapar. Etter dette er det tid for lunsj, og vi tek ein pause frå politikk og besøkjer trappane der Rocky Balboa trena eller kanskje Bruce Springsteen sine gater i Philadelphia (Streets og Philadelphia).

    Framme i Washington sjekkar vi inn på det sentrumsnære hotellet vårt. Vi får kvelden for oss sjølve, og kan vere med reiseleiarane på restaurant eller ete middag på eiga hand.

  • Dag 6: Onsdag 19. oktober – Vi utforskar Washington

    Etter frukost og eit nytt kåseri med Eva og Joar, blir det sightseeing med dei i Washington. Vi startar med vandretur i National Mall-området med blant anna Lincoln-monumentet og Korea- og Vietnam-monumenta. Vi tek ein god pause for lunsj på eiga hand, før vi fortset sightseeinga både med buss og til fots. I Æresgravlunden i Arlington besøkjer vi gravplassen til president John F. Kennedy. Elles frå vi med oss Jefferson Memorial, Det kvite hus og ikkje minst Kongressbygningen som vart storma i januar 2021.

    Om kvelden vert det middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant.
    (F)

  • Dag 7: Torsdag 20. oktober – The Smithsonian Museums

    Vi møtest til frukost i vår eigen frukostsal. Medan vi blir sitjande, fortel Eva og Joar om Washington og om erfaringane sine som korrespondentar her.

    Denne dagen besøkjer vi det imponerande nasjonale museumskomplekset The Smithsonian Museums. Det er eit titals nasjonale museum samla på eit relativt lite område. Dette området er så stort og innhaldsrikt at det er vanskeleg å nå over alt. Vi deler oss difor i fleire grupper utifrå kva vi ønskjer å sjå. Vi kan anbefale American History Museum, Air & Space Museum med romskip og fly, American Art Museum og American Native Museum med indianarane si historie.

    Vi et lunsj på eiga hand i museumskaféane, og dei som ønskjer det, kan fortsetje museumsrunda. Elles kan vi ta ein rusletur i sentrum av hovudstaden, som mange tykkjer er den grønaste og vakraste byen i USA. Om fleire ønskjer det, kan reiseleiaren bli med til bydelen Georgetown. Her finn vi gode handlegater og ein flott promenade langs elva Potomac. Denne kvelden møtest vi til avslutningsmiddag etter ein tur full av inntrykk.
    (F, M)

  • Dag 8 og 9: Fredag 21. oktober - Heimreise

    Siste dagen nyt vi frukosten og høyrer på siste kåseriet av Eva og Joar.

    Vi får tid til ein rusletur og lunsj på eiga hand før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen. Fleire vil kanskje nytte dei siste timane til litt handel eller berre å vandre rundt i parkane i nærleiken av hotellet. Reiseleiarane kan vise kor det er gode handlegater. Avreise frå Washington flyplass seint om ettermiddag. På grunn av tidsforskjellen på seks timar er vi ikkje heime i Norge før morgonen etter avreise, laurdag 22. oktober.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
14/10BergenNew York & WashingtonMeir enn 832 950,-BestillMer informasjon
14/10OsloNew York & WashingtonMeir enn 832 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo