Skip to main content

Norges tidlegaste vikinghistorie med Sturla Ellingvåg

Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Veien Kulturminnepark
Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Veien Kulturminnepark
Foto: Veien Kulturminnepark
Foto: Veien Kulturminnepark
Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Erland Røed/Hardraade Vikingskipforening
Foto: Veien Kulturminnepark

24. - 26. september 2021.

Ringerike er eit magisk skattkammer for alle som er interesserte i vikingar og tidleg norsk historie. Harald Hårfagre, Olav den Heilage og Harald Hardråde kom alle herifrå, men det er så mykje meir å utforske i dette urgamle kongeriket som før vikingtida var eit av dei aller mest sentrale og viktige områda i Norge. Historikar Sturla Ellingvåg stiller som guide og foredragshaldar på denne spennande turen. Det blir besøk i praktbygg frå jernalderen, bygdeborger, gudehov, bygging av vikingskip, gode historier og lokal mat og drikke. Bli med å utforske Norges tidlegaste vikinghistorie!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 24. september – Norsk urhistorie, gravhaugar og kulturminnepark

    Avreise frå Oslo Bussterminal om morgonen. Felles buss til Klækken Hotell med historie heilt tilbake til 1300-talet. Bussturen tek om lag ein time, og undervegs vil reiseleiaren frå Fotefar og historikar Sturla Ellingvåg orientere om turopplegget. Sturla samarbeider med Max Planck Institute i Leipzig og Schreinersamlingen ved UiO og har sidan 2005 arbeidd med prosjekt innan DNA- og historieforsking. I tillegg er han medforfattar til fleire DNA-studiar. (Oppmøte direkte på Klækken Hotell for dei som bestiller turen utan buss.)

    Vi startar turen med den eldste historia. Ny forsking peikar på at Ringerike og Tyrifjorden har hatt ein svært spesiell posisjon i Norges tidlegaste historie. Historikar Sturla Ellingvåg knyter lokalhistorie, arkeologi, sagalitteratur og DNA-forsking saman for å fortelje denne for mange ukjende historia. Første utflukta går til bygdeborgen Oppenborgen, med omvising. Kvar for seg heiter borgene Ormekula og Slotteberget. Desse to vart bygde i folkevandringstida (400-600 e.Kr.), og ligg 50-70 meter frå kvarandre på kvar si side av ei djup kløft. Rett ved går den gamle oldtidsvegen mot Valdres. Borgene er omkransa av stupbratte fjellsider og har berre tilkomst frå nordsida. Ormekula ligg på eit platå med god plass og utsyn mot Ve. Like ved urgarden Ve står langhuset på Veien, som no er rekonstruert og står som eit stolt minne over denne tida. Her gjekk også vegen over fjellet til Vestlandet og vegen til Nidaros og Trøndelag.

    Namnet Ve tyder opphavleg heilagdom der det føregår ofringar. Ringerike har Norges største geografiske samling av gudenamn, noko som vitnar om området sin sentrale posisjon i oldtida.

    Veien Kulturminnepark, med det gjenreiste langhuset, er neste stopp på turen vår. Her er det også eit gravfelt frå eldre jernalder, og eit moderne museum. Etter ei interessant omvising på området, blir det servert lunsj i det store langhuset med meny inspirert av tidleg jernalder. Under lunsjen blir det fortald om dei gamle matradisjonane og råvarane som er teke i bruk her.

    Buss tilbake til Klækken Hotell etter foredraget. Om kvelden får vi servert ein 2-retters middag på hotellet. Kokkane på restauranten er opptekne av å bruke lokale råvarer frå handplukka leverandørar, så her kan vi vente oss eit godt måltid. Dei som vil, kan møtast i salongen etter maten med noko godt i glaset.
    (L, M)

  • Dag 2: Laurdag 25. september – Vikingskip, heidensk kultstad og galleribesøk

    Vi startar dagen med felles frukost og eit kort foredrag om dei første norske kongefamiliane.

    Etterpå tek bussen oss til vikingskipet som dei no byggjer på Sundvollen. Skipet vert sett saman på tradisjonelt vis, og ornamentikken skal vere i ringerikestilen som var dominerande på runesteinar i området frå 1000-1050 e.Kr. Vi får ei innføring om handverksteknikkane som er brukte i bygginga av skipet, og om tankane og visjonen bak prosjektet. Karakteristisk for ringeriksstilen er at motivet ofte er krinsar med vimplar og spiralar rundt eit stort dyr. Vanlege dyremotiv kan vere løver og fuglar. Nokre element synest å opptre for første gang i nordisk kunst, som ulike former for kors, palmettar og stangforma løkker som bind saman to motiv til eitt.

    Frå Sundvollen ser vi over til Ulvøya, der det vart laga runesteinar til heile Austlandet, blant andre Alstadsteinen funnen på Toten.

    Lunsj ved Galleri Klevjer på Helgelandsmoen, med omvising og historier frå Thomas Klevjer om Asbjørnsen og Moe og andre. Fleire av folkeeventyra har røter tilbake til mellomalder og vikingtid, og i nasjonalromantikken på 1800-talet vart sagalitteraturen frå vikingtida tatt fram igjen.

    Neste stopp på turen er Halvdanshaugen og kultstaden oppe på Norderhov. Halvdanshaugen er ein av Norges største gravhaugar, og er truleg bygd i to omgangar, først rundt år 500 e.Kr. og deretter ca. år 900 e.Kr. I følgje Heimskringla drukna Halvdan Svarte i Randsfjorden, og det vert hevda at hovudet hans vart plassert i Halvdanshaugen. Norderhov kirke er spesielt interessant fordi ho ligg der sentrum av den heidenske kultstaden låg. Dessutan er det mange gravhaugar i nærleiken, og vi finn ei stor samling gudenamn i det nære området. Etter stoppen på Norderhov tek bussen oss tilbake til hotellet.

    Hotellet har symjebasseng, og det er tid før foredraget til å ta seg ein dukkert eller kanskje ein liten gåtur i naturen rundt hotellet.

    Om kvelden møtest vi i baren der Sturla fortel om legendehistorier og myter frå starten av vikingtida. Ringerike er knytt til både myter om Ragnarok og Finbulvinteren, så det er mykje spennande å ta av.
    Fellesmiddag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 26. september – Bygdeborger, Kistefos-museet og heimreise

    Vi startar dagen med ein god frukost, og får deretter foredrag av Sturla Ellingvåg med blant anna fokus på dei to berømte gravhaugane rett ved hotellet, Sætrang- og Gjermundbufunnet.

    Bussen tek oss vidare til Kistefos-museet der vi får omvising og det siste foredraget frå Sturla. Emne denne gongen blir pilgrimsleia og dei gamle handelsvegane mot Hamar og Trondheim, før vi tek ei lita oppsummering. Sturla fortel også om den nyaste forskinga på Norges tidlegaste historie, mellom anna om den nye DNA-forskinga.

    På museet er det også kafé, der ein kan kjøpe seg lunsj.

    Etter foredrag og lunsj køyrer bussen oss tilbake til Gardermoen og Oslo bussterminal.
    (F)

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo