Skip to main content

Normandie med Sylfest Lomheim

5. - 12. september 2022.

Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan ei temareise til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg.

For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder «mennene frå nord». Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrig med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrig. Turen blir avslutta i Paris, og på den siste dagen får vi gjennom ein guida busstur og nokre få stopp med oss dei viktigaste attraksjonane i byen.        

Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim, som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er historikaren Rasmus Sunde.

Mot tillegg i prisen ved påmelding kan ein bu på det fantastisk flotte Hotel Villa Lara (5*) dei fire nettene i Bayeux.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 5. september - Avreise til Paris, besøk i Giverny med Monet-hagen og til Rouen

    Avreise med fly frå Bergen via Oslo om morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen vår på gruppa. På vegen til Rouen fortel reiseleiarane Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om Normandie generelt og om språket og historia til denne regionen med sterke røter til Norge og vikingane. Vi får ein god stopp i den vesle byen Giverny og opplever den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøkjer også heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Etterpå kan vi kose oss og ete lunsj på ein av dei trivelege restaurantane der. Avreise om ettermiddagen til Rouen, som er hovudstaden i Normandie. Vel framme i byen sjekkar vi inn på hotellet vårt i sentrum.

    Kvelden blir avslutta med fellesmiddag på ein restaurant like ved hotellet. Vi kosar oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og oppfordrar elles deltakarane til å kome med innslag.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 27. mai - Historisk vandring i Rouen

    Vi bruker heile dagen i Rouen og startar om morgonen med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Noreg grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl. Under guideturen ruslar vi rundt om i gamlebyen som er som eit stort utadørs-museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

    Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Denne kyrkja kikkar vi på før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

    Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også føreslå Musée des Beaux-Arts som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Elles kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

    Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3: Tysdag 6. september - Historisk vandring i Rouen

    Vi bruker heile dagen i Rouen og startar om morgonen etter frukost med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl.

    Under den guida vandreturen ruslar vi rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs-museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

    Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi kikkar på kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

    Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også foreslå Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Elles kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

    Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 4: Torsdag 8. september - Vandra guiding i Bayeux, Notre Dame og Bayeux-teppet

     

    Denne dagen skal vi vere i Bayeux, ein by med mykje historie. Bayeux var svært sentral i vikingtida, og her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. På vandreturen i byen deler vi reisegruppa i to, startar ved hotellet etter frukost og går først til den lokale marknaden og kikkar på folkelivet. Etterpå vandrar vi vidare gjennom dei små gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike, då Bayeux var den første byen som vart fri. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame.

    Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand før vi møtest att ved hovudinngangen til katedralen for å gå vidare til museet der vi finn det verdsberømte Bayeux-teppet. Dette meisterverket skildrar Vilhelm Erobraren si hærtaking av England, frå planlegginga til det avgjerande slaget og hyllinga som konge over England. Det var halvbror av Vilhelm, biskop Odo av Bayeux, som ville dekorere den nybygde domkyrkja i Bayeux med veggteppet. Han fekk ei gruppe fengsla anglosaksarar til å brodere dette teppet som har 56 ulike scener, er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Museet har elles ei stor samling gjenstandar og illustrasjonar frå vikingriket i Normandie. Vi får også sjå ein film om historia til Bayeux-teppet.

    Ettermiddagen til fri disposisjon, men Bayeux har mange museum, og for dei historieinteresserte kan vi nemne Musée Mémorial de la Bataille de Normandie (Minnemuseet for slaget om Normandie) og Mémorial du Général de Gaulle.

    Om kvelden middag på eiga hand, men reiseleiarane hjelper til med å anbefale gode restaurantar. Dei som vil, kan gjerne vere med reiseleiarane til ein god restaurant.
    (F)

  • Dag 5: Fredag 9. september - Minnesmerka frå invasjonen i Normandie

     

    Heile denne dagen nyttar vi på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar frå hotellet og køyrer austover til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Første stopp er Pegasus Brigde like nord for Caen. Deretter stoppar vi i den vesle byen Hermanville-sur-Meir, der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under invasjonen. Derifrå køyrer vi vestover landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen og elles besøkje Landgangsmuseet. Ein kan også berre rusle rundt i den vesle byen, og tida er då inne for lunsj på eiga hand.

    Etter det dreg vi vidare langs stranda til Omaha, der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi på den amerikanske krigskyrkjegarden før vi køyrer vidare til Pointe du Hoc der tyskarane hadde sterke kystartilleristillingar. Før vi returnerer til Bayeux, køyrer vi innom den tyske krigskyrkjegarden.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på ein koselege lokal restaurant like ved katedralen.
    (F, M)

  • Dag 6: Laurdag 10. september - Mont St. Michel

    Etter frukost startar vi på heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja og klosteret på toppen av den vesle, pyramideliknande øya må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg.

    Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd til øya ved fjære sjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja på toppen av øya (inngangspengar ca. 8 Euro), og midt på dagen er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand. Her er det mange småbutikkar, museum og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand. Avreise frå Mont St. Michel til Bayeux og hotellet utpå ettermiddagen.

    Middag på eiga hand om kvelden.
    (F)

  • Dag 7: Søndag 11. september - Paris og dei store attraksjonane

    Etter frukost blir det avreise med kurs for Paris. På bussturen vil reiseleiarane fortelje om fransk historie og politikk.

    I verdsbyen Paris blir det guida busstur med Sylfest for å sjå dei største attraksjonane som blant anna Eiffeltårnet, Louvre, Invalidedomen, Triumfbogen og Champs-Élysées. Vi har lang stopp i det sjarmerande Latinarkvarteret og deler turgruppa i to for lunsj på ein av dei mange fortausrestaurantane. Etter lunsjen går gruppene den korte vegen for å sjå ei av verdas vakraste kyrkje, nemleg Notre Dame-katedralen. Det blir også litt tid til å rusle rundt i det spennande området for å kikke på det pulserande folkelivet. Ut på ettermiddagen blir det vidare guiding med buss rundt om i Paris før vi køyrer til det gode hotellet vårt ved flyplassen. Om kvelden blir det avslutningsmiddag.
    (F, M)

  • Dag 8: Måndag 12. september - Heimreise

    Hotellet ligg på flyplassen, og minibussar frå hotellet køyrer oss til flyplassen. Avreise med fly om føremiddagen til Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/9BergenNormandie ParisMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
5/9OsloNormandie ParisMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo