Skip to main content

Nyttårsfeiring i Paris

30. desember 2022 - 3. januar 2023.

Fotefar har gleda av å invitere til nyttårstur til fortryllande Paris. Den eine kvelden har vi sikra deltakarane billettar til Svanesjøen av Tsjajkovskij i Opéra Bastille. Denne versjonen av balletten er koreografert av avdøde Rudolf Nureyev, og vi er spesielt glade for å kunne tilby deltakarane denne store, kulturelle opplevinga. Nyttårsfeiringa blir anten på hotellet vårt eller på ein lokal restaurant, der vi får servert nydeleg, tradisjonell fransk mat.                                    

Vi bur på eit 3-stjerners hotell som ligg sentralt til med gangavstand til Bastille-plassen, Pompidou-senteret, Notre Dame, Louvre, Latinarkvarteret og mange andre store attraksjonar. Hotellet ligg ikkje langt frå Marais-bydelen som er kjend for sine mange restaurantar, barar og kafear, så her blir det god sjanse til å oppleve ekte parisisk stemning.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 30. desember - Framme i Paris

    Avreise frå Bergen og Oslo om morgonen og framme i Paris etter lunsjtid. Tilknyting frå andre byar på førespurnad.

    På bussturen frå flyplassen til hotellet i Paris får vi litt guiding og informasjon om turen. Vi sjekkar inn og får tid til å sjå oss rundt i nærområdet før vi får servert velkomstmiddag. Elles slappar vi av på hotellet denne første kvelden og blir kjende med kvarandre. Dei som vil, kan også ta ein liten tur til ein av dei mange kafeane og barane i nærleiken og ta eit glas etter middag.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 31. desember - Nyttårsfeiring

    Etter ein god frukost legg vi opp til vandretur med reiseleiaren. Vi går først til Bastille-plassen, som var så sentral under den franske revolusjonen. Bastille-fengselet vart som kjent storma 14. juli 1789, og øydelagt kort tid etterpå. Plassen har sidan hatt stor symbolverdi, og demonstrasjonar blir ofte halde her. Vi går så vidare forbi huset til forfattaren Victor Hugo, som skreiv Les Misérables, Ringaren i Notre Dame og fleire andre verk med handling frå Paris. Huset er no omgjort til eit museum, og her kan ein blant anna sjå nokre av dei over 1000 kjærleiksbreva han skreiv, mange av dei til elskarinna, Juliette Drouet.

    Vidare går vandreturen inn i pittoreske Marais, den jødiske bydelen med ei mengd kafear og restaurantar. Rett i nærleiken finn ein også Picasso-museet, det storslegne rådhuset, bymuseet, Pompidou-senteret og den eldste innandørs marknadshallen i Paris, etablert av Louis XIII i 1615. Vi kryssar så Seinen, og går forbi den framleis imponerande Notre Dame-katedralen, som er under gjenoppbygging etter brannen i 2019. Etter planen skal den opnast opp att for publikum i 2024.

    På den såkalla venstre breidd, eller sørsida av Seinen, ligg det kjende Latinarkvarteret med sine mange koselege restaurantar. Her blir det lunsj på eiga hand, eller med reiseleiaren. Etter lunsj vert det tid for å utforske bydelen og kanskje gå forbi Sorbonne-Universitetet, som ligg like ved. (Sjølve universitetet er stengt for turistar). Dei som vil, kan deretter gå saman med reiseleiaren tilbake til hotellet, eller ein kan halde fram og oppdage vakre Paris på eiga hand.

    Kl. 19.30 samlast vi til nyttårsmiddag. Vi får ein stor, typisk fransk middag på hotellet eller på ein god restaurant like ved. Dette blir nok ein kjempefin kveld i godt selskap, og etter kvart skålar vi for det nye året saman. Dei siste åra har ein i Paris gått meir og meir bort frå tradisjonelt fyrverkeri og heller satsa på storslegne lysshow. Viss vi er heldige, og veret tillèt det, får vi kanskje sjå lysshowet på Paris-himmelen denne første natta i 2023.
    (F, M)

  • Dag 3: Søndag 1. januar - Svanesjøen

    Denne dagen startar vi med tid til eigen disposisjon. Kanskje de vil slappe av på hotellet, eller gå ein tur i byen og sjå kva som skjer den første dagen i det nye året. Vi kan anbefale ein spasertur på ca. 20 minutt til gravlunden Père-Lachaise, der ei rekke kjende personar er gravlagde. Dei mest besøkte er nok Jim Morrison og Edith Piaf, men ein finn også gravene til Molière, Delacroix, Georges Bizet, Chopin, Balzac, Marcel Proust, Oscar Wilde, Gertrude Stein, Yves Montandog mange andre her. Den vakre parken er verd eit besøk i seg sjølv, og reiseleiaren kjem til å gå denne turen for dei som er interesserte i å vere med.

    Etter lunsj møtest vi på hotellet for å gå samla den korte vegen til Opera Bastille. Her skal vi sjå den verdskjente balletten Svanesjøen, i Rudolf Nureyev sin koreografi. (Mot tillegg i pris.) Denne versjonen blei laga for Paris Opera Ballet og sett opp første gong i 1984. Heile framstillinga varer i om lag 3 timar, og er delt opp i to delar. Magasinet La Notte seier dette om Nureyev sin Svanesjøen: Svanesjøen er ein veldig vakker ballet, ein av dei mest interessante europeiske produksjonane i det siste hundreåret, og er like aktuell i dag. Den er verd å sjå for alle tilskodarar, som ikkje berre ønskjer å beundre, men også analysere denne klassiske historia.»

    Middag på eiga hand etter balletten. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren på ein av restaurantane nær hotellet.
    (F)

  • Dag 4: Måndag 2. januar - Sightseeing

    Denne dagen kan ein oppleve byen på eiga hand eller bli med reiseleiaren på byvandring. Etter ein god frukost på hotellet tek reiseleiaren med seg gruppa til den storslegne hovudgata, Champs-Élysées, som går heilt frå Place de la Concorde til Triumfbogen. Turen denne dagen blir både til fots og med metro, og vi får med oss stopp ved Eiffeltårnet og tid på kjende Montmartre. Lunsj er på eiga hand, men dei som ønskjer det, kan ete saman med reiseleiar.

    For dei som heller vil å gå på eiga hand, anbefaler vi dei mest kjende musea Paris har å by på, som Louvre og Musée d’Orsay. Det er lurt å kjøpe inngangsbillettar på førehand slik at ein slepp å stå i kø. Elles er det god tid til shopping og byliv denne dagen. Middag på hotellet saman med reiseleiar for dei som ønskjer det.
    (F)

  • Dag 5: Tysdag 3. januar - Heimreise

    Vi startar med ein lang og god frukost og gjer oss klare til heimreisa. Utsjekking frå romma og avreise med buss frå hotellet til flyplassen på føremiddagen. Fly til Oslo, der vi er framme tidleg ettermiddag, og vidare til Bergen. Tilknyting til andre byar ved førespurnad.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/12BergenParisMeir enn 813 990,-BestillMer informasjon
30/12OsloParisMeir enn 812 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo