Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 29. desember

    Avreise med fly frå Oslo ved lunsjtider med mellomlanding i Frankfurt og framme på flyplassen i Roma ut på ettermiddagen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad.

    På bussturen frå flyplassen til Roma får vi litt guiding og elles informasjon om turen. Etter innsjekkinga på det 4-stjerners hotellet vårt, Grand Hotel Palatino, blir det servert velkomstmiddag der, inkludert vatn og kaffi. Elles kosar vi oss på hotellet denne første kvelden og blir kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 30. desember

    Etter ein lang og god frukost legg vi opp til ein guida vandretur i sentrum av Roma, som er som eit levande museum. Turen startar frå hotellet vårt og første stopp er ved berømte Spansketrappa. I dette området vanka dei norske forfattarane Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Sigrid Undset og Olaf Bull og henta inspirasjon til dei litterære verka sine. Ibsen skreiv delar både av Brand og Peer Gynt her. Bjørnson fullførde fleire av dei litterære verka sine med bakgrunn i mellomalderhistoria til Norge, og Undset skreiv samtidsromanen Jenny nettopp i dette området av Roma.

    Vi ruslar rundt og finn minneplater der dei norske kunstnarane budde under opphalda i byen.

    Sjølvsagt må vi ta ein kaffi eller eit glas vin på populære Antico Caffè Greco, som var stamkafeen for dei skandinaviske kunstnarane. Her har dei æra nobelprisvinnaren Sigrid Undset med eit stort måleri.

    Neste stopp er ved den verdskjende Trevifontena, aller mest kjend frå badescena med Anita Ekberg i Frederico Fellinis film “La dolce vita”. Det er vidare kort veg til det storslegne Pantheon frå ca. år 125, som først vart bygt som tempel, men etter innføringa av kristendommen har vore nytta som gudshus. Pantheon, tyder alle gudars sitt tempel, og blir rekna som eitt av verda sine store underverk. Til slutt endar vi opp på Piazza Navona med dei vakre fontenene og den egyptiske obelisken. Piazza Navona er rekna som Roma si storstove med det yrande folkelivet av folk og aktivitetar.

    Etter vandreturen får vi servert ein typisk italiensk pizza inkludert kaffi på ein koseleg restaurant. Ettermiddagen til eigen disposisjon.

    Kl. 19.30 går vi samla frå hotellet i ca. 10 min. til lokalet for operaen La traviata. Denne framføringa går føre seg i St. Paolo, ein flott katolsk basilika. Vi er sikre på at dette vil  bli eit høgdepunkt på heile opphaldet i Roma. La traviata er komponert av Giuseppe Verdi og vart uroppførd i 1853, og er den best berømte operaen hans ved sida av Aida. Italienaren Verdi hadde ein eventyrleg karriere og var ikkje berre populær i heimlandet, men også i heile Europa og USA.
    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 31. Desember

    Etter frukost gir reiseleiaren deltakarane eit frivillig tilbod til å vere med på ein avslappande vandretur til den interessante bydelen Trastevere. Vi ser på folkelivet, stoppar opp, kosar oss og slappar av med ein kopp kaffi eller noko godt i glaset. Dette er også dagen for shopping, om ein ønskjer det.

    Elles er det opp til kvar og ein å nytte dagen i Roma på eiga hand. Fleire vil gjerne besøkje Peterskyrkja og oppleve magien der. Atter andre vil få med seg Vatikanmuseet med dei pavelege kunstsamlingane der høgdepunktet er Det sixtinske kapell med dei fantastiske freskane til Michelangelo.

    Kl. 21.00 startar nyttårsfeiringa på hotellet. Det er ekstra fint at festen går føre seg her og ikkje ute på restaurantar i byen. Vi får ein stor italiensk middag inkl. drikke, levande musikk og dans. Dette blir nok ein kjempefin kveld og eit spesielt minne for livet.
    (F, M)

  • Dag 4: Laurdag 1. januar

    Denne morgonen blir det ein sein og lang frukost, og føremiddagen er til eigen disposisjon. Kanskje ein tur på eiga hand til Peterskyrkja? Elles er det mykje som går føre seg i Roma denne første dagen i det nye året. Folk er ute på gatene og på kaféar. Det er musikk og konsertar, og liv og røre. Ei spesiell hending samlar mykje folk kl. 12.00 på Ponte Cavour. Då stuper ein gjeng ung menn 12 meter frå brua ned i den kalde Tiberen til enorm jubel!

    Etter lunsj på eiga hand møtest vi på hotellet der guiden vår legg opp til ein tre timars  vandretur rundt om i Roma for å oppleve endå fleire av dei største attraksjonane. Han viser oss og fortel om Piazza Venezia, Via Fori Imperiali, Kapitolhøgda, Forum Romanum og Colosseum.

    Via Fori Imperiali er den store vegen i sentrum av Roma som går frå Piazza Venezia forbi Forum Romanum til Colosseum. Forum Romanum var frå først av eit stort torg eller marknadsplass, men i keisartida vart det sentrum for det politiske, juridiske og kommersielle livet i Roma. Kapitolhøgda ligg like ved Forum Romanum, er ei av dei sju høgdene i byen og var eit viktig religiøst senter med tempel i antikken. Amfiteateret Colosseum  vart bygt i åra 72 til 80 e. Kr., og blir rekna som eitt av dei mest kjende og imponerande byggverk i heile verda.

    Middag på eiga hand og reiseleiaren gir råd om gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 2. januar

    Frukost, utsjekking frå romma og avreise med buss frå hotellet til flyplassen. Fly via Wien til Oslo der vi er framme tidleg ettermiddag. Tilknyting til andre byar ved førespurnad.
    (F)