Fly både frå Bergen og Oslo til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og reiseleiaren fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet.
På veg til Tórshavn tek bussen ein kort avstikkar til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert ein god lunsj. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg kongsgarden som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.
Vi dreg vidare til Tórshavn og sjekkar inn på hotellet vårt. Deretter møtest vi i resepsjonen, og reiseleiarane tek så gruppa med på ein vandretur rundt om i den spesielle og spennande hovudstaden på Færøyane.
Om kvelden blir det fellesmiddag i eit eige rom på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre. Etterpå går vi ut for å oppleve den festkledde hovudstaden under olsokfeiringa. Dette er den aller største festen i året for færøyingane, og dei feirar fleire dagar, døgnet rundt.
(L, M)
Vi startar om morgonen på ein ugløymande busstur i eit fantastisk landskap. Turen går til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga ser vi det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er rundt 900 meter høgt. Vi får med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. PÅ veg over hit kan vi betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin ute i havet. I tillegg skal vi vitje Klaksvík, som er den nest største byen på Færøyane. Det blir servert lunsj undervegs denne dagen.
Til slutt køyrer vi til Kalsoy for å sjå ein fantastisk skulptur på stranda der av kópakónan (selkvinna). Vi dreg gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.
Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
(F, L)
Denne morgonen startar vi på ein busstur med spennande opplevingar til eineståande attraksjonar rundt om på Streymoy. Dette er eit mogeleg val på reisa, mot tillegg i prisen. Målet for denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek to timar, og vi er tilbake i Tórshavn før lunsj-tid. Lunsjen er på eiga hand.
Deretter blir vi med på den offisielle opninga av Ólavsøka med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følgjer musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene.
Denne ettermiddagen samlar tusenvis av folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene.
Middag på eiga hand. Fotefar/reiseleiarane hjelper til med å bestille bord på førehand. Om kvelden er vi ute på byen, tek del i det spennande folkelivet og den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.
(F)
Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentere i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad. Ein slik dag er kyrkja stappande full av folk.
Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Ólavsøka Kantate, komponert av Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk med folketonar, salmar og heilt moderne musikk.
Om ettermiddagen kan ein sjølv velje ut kva ein vil ta del i. Det er mykje å oppleve desse dagane som tivoli, hesteløp, dans, musikktilbod og kunstutstillingar. 29. juli er den største festdagen på Færøyane. Mange stiller i fargerike bunader, og folk dansar dei tradisjonelle ringdansane, som vi også kan ta del i. Ein av dei mest populære er «Ormurin Langi» med åtti vers. Kvadet handlar om «Ormen Lange», langskipet til Olav Tryggvason og slaget ved Svolder.
Avslutningsmiddag på hotellet vårt i eit eige rom for gruppa vår.
(F, M)
Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss først til Nasjonalmuseet (Føroya Fornminnisavn), som viser mykje flott historie frå folkelivet på Færøyane. Vi legg inn eit par timar besøk der, før vi set kursen mot flyplassen. Fly til Bergen og Oslo.
(F)