Skip to main content

Olsokfeiring på Færøyane med Kirsti MacDonald Jareg

26. - 30. juli 2024.

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Eit av høgdepunkta for mange er båtturen til dei stupbratte klippene og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini.

Den aller største hendinga gjennom året på Færøyane er Ólavsøka i juli. Det er ein stor folkefest med feiring av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til olsok, som er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesvelde. Kong Sverre voks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2024.

Med oss har vi Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho har skrive reiseskildringar om fleire av øyane i vest og er oppteken av menneska som bur der.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 26. juli - Avreise til Færøyane, Kirkjubøur og Tórshavn

    Fly både frå Bergen og Oslo til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og reiseleiaren fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet.

    På veg til Tórshavn tek bussen ein kort avstikkar til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert ein god lunsj. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg kongsgarden som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.

    Vi dreg vidare til Tórshavn og sjekkar inn på hotellet vårt. Deretter møtest vi i resepsjonen, og reiseleiarane tek så gruppa med på ein vandretur rundt om i den spesielle og spennande hovudstaden på Færøyane.

    Om kvelden blir det velkomstmøte og felles middag i eit eige rom på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre.
    (L, M)

  • Dag 2: Laurdag 27. juli - Gjògv og Klaksvik

    Vi startar om morgonen på ein ugløymande busstur i eit fantastisk landskap. Turen går først over til Esturoy og til den vesle bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. På denne strekninga passerer vi det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er 880 meter høgt. Ute i havet kan vi om veret tillet det betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin.

    Etter Gjógv går turen i retning øya Borðoy og Klaksvík som er den nest største byen på Færøyane. På vegen passerer vi stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned.  Det blir lunsj i Klaksvik.

    Etter lunsj køyrer vi sørover att retning Torshavn. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.

    Middag på eiga hand.
    (F, L)

  • Dag 3: Søndag 28. juli - Streymoy, Vestmanna og opninga av Ólavsøka

    Denne morgonen startar vi på ein busstur med spennande opplevingar til eineståande attraksjonar rundt om på Streymoy. Dette er eit mogeleg val på reisa, mot tillegg i prisen. Målet  for denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek to timar, og vi er tilbake i Tórshavn før lunsj-tid. Lunsjen er på eiga hand.

    Deretter blir vi med på den offisielle opninga av Ólavsøka med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følgjer musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene.

    Denne ettermiddagen samlar tusenvis av folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene.

    Om kvelden er det middag på eiga hand. Om kvelden står ein fritt til å vere ute på byen, ta del i det folkelivet og den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.
    (F)

  • Dag 4: Måndag 29. juli - Opninga av Lagtinget og oppleve Ólavsøka

    Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentere i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad. Ein slik dag er kyrkja stappande full av folk.

    Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Ólavsøka Kantate, komponert av Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk med folketonar, salmar og heilt moderne musikk.

    Om ettermiddagen kan ein sjølv velje ut kva ein vil ta del i. Det er mykje å oppleve desse dagane som tivoli, hesteløp, dans, musikktilbod og kunstutstillingar. 29. juli er den største festdagen på Færøyane. Mange stiller i fargerike bunader, og folk dansar dei tradisjonelle ringdansane, som vi også kan ta del i. Ein av dei mest populære er «Ormurin Langi» med åtti vers. Kvadet handlar om «Ormen Lange», langskipet til Olav Tryggvason og slaget ved Svolder.

    På kvelden samlast vi på hotellet for felles middag. Vi hygger oss saman og mimrer over det vi har opplevd desse dagane. Etter middagen fortset dei som vil praten ute i baren.
    (F, M)

  • Dag 5: Tysdag 30. juli - Heimreise

    Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss først til Nasjonalmuseet (Føroya Fornminnisavn), som viser mykje flott historie frå folkelivet på Færøyane. Vi legg inn eit par timar besøk der, før vi set kursen mot flyplassen. Fly til Bergen og Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
26/7BergenFærøyaneFullbooka, venteliste24 950,-Book på ventelisteMer informasjon
26/7OsloFærøyaneFullbooka, venteliste24 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo