Vi har spesialisert oss på temareiser der historie- og kulturopplevingar står sentralt, og vi legg stor vekt på trivsel og sosialt fellesskap på turane.
Vårt team
Pensjonert historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rasmus har skreve doktorgrad om utvandring til USA. Jobbar mykje med ideutvikling og er hovudansvarleg for korrektur.
Bente har lang erfaring innan reiseliv, arrangement og bemanning. Ho har mange års ledererfaring og som selvstendig næringsdrivende, og er spesialisert på Italia.
Marthe har ein mastergrad i design og eit årsstudium i reiseliv. Med lang erfaring og sterkt fagleg engasjement kombinerer ho kreative prosessar med innsikt i opplevingsbasert næring.
Christine har ein bachelorgrad i hotelledelse. Ho har erfaring frå high-end hotell og opplevingsbasert reiseliv, og har eit sterkt fokus på kvalitet, vertskap og minneverdige gjesteopplevingar.
Laura har erfaring fra servicebransjen og tverrkulturell ledelse. Hun har en bachelor i reiselivsledelse og en master i vitenskap innen business med fokus på innovasjon og markedsføring. Hun kombinerer teori og praksis – alltid med vilje til å lære mer.
Stig jobbar med turproduksjon for både Footprint og Fotefar. I tillegg er han lydteknikar med bakgrunn frå animasjonsfilm og tv-seriar. Stig er også aktiv musiker.
Julie har lengre erfaring med utvikling og gjennomføring av skreddersydde reiser i Norge. Ho har jobba med planlegging av varierte reiseopplevingar og har god forståing for både logistikk og innhald, med særleg fokus på heilskaplege og godt tilrettelagde turar.
Kamilla er prosjektleiar for cruise. Ho har bachelor i fleirkameraregi og mange års erfaring i TV-bransjen. Kamilla har sterk kompetanse innan logistikk, koordinering og prosjektgjennomføring og bidreg til effektive, trygge og godt strukturerte reiseopplevingar.
Anne har yrkeserfaring frå bank og Kongsberg Våpenfabrikk. Spesielt interessert i kultur og blomster, og å gje reiseglede til andre. Busett i trivselskommunen Gloppen.
Anne Randi har vore reiselivssjef i Balestrand og prosjektleiar i Visit Sognefjord. No driv ho Dragsvik Fjordhotell i Balestrand med familien sin. Ho er også busett i Dragsvik.
Anita har jobba som annonsekonsulent i Bergens Tidende og produksjonsleiar i NRK Hordaland, der ho arbeidde med Symesterskapet og Minutt for Minutt-sendingar. Ho er aktiv året rundt og glad i friluftsliv. Ho syng i damekor og spelar tennis kvar veke. Ho er sosial, utadvendt og har godt humør.
Aud Kari har tidlegare vore fylkesskattesjef og utdanna gestaltpsykolog. Aud Kari har spesiell interesse og kunnskap i geologi og natur på vandreturane. Busett i Balestrand.
Arngeir har alltid hatt interesse for kultur og reiser. Etter ein karriere i politiet som etterforskar og lærar, valde han å bytte bylivet med gardliv i Stokke, Vestfold. Her held han seg aktiv og utforskar nye interesser.
Bjørnar har bakgrunn som gitarist og musikklærar. Jobbar som mellomleiar i vidaregåande skule no, og har gjort det sidan 2011. Han er busett i Stjørdal.
Einar har vore engasjert i reiseliv i heile sitt vaksne liv. Har tidlegare vore lensmann og ordførar i Balestrand, samt kontorsjef i Skatteetaten. Bur i Balestrand.
Geir har vore lærar i samfunnsfag på vidaregåande skole, rektor og museumsdirektør. Han er opphavleg frå Oslo, men er busett i Aure kommune på Nordmøre.
Kristine har ei allsidig bakgrunn som bandagist og birøktar, og ho er svært engasjert i foreningslivet. Ho brenn for å skape gode møteplassar der folk kan dele opplevingar, historier og kultur. Kristine bur på Hvaler utanfor Fredrikstad.
Odd Arne er seniorrådgjevar ved LokalTaxi på Hermansverk. Han har tidlegare vore seniorrågjevar ved NAV økonomitenester, samt mellomleiar innan Gresvig, Gilde og Bohus. Busett på Kaupanger i Sogn.
Maria har vore reiseleiar i Fotefar i over 10 år, i tillegg til jobben som lektor i vidaregåande skule. Ho kjem frå Stryn og er spesielt interessert i kultur, litteratur, musikk og historie.
Marianne har bakgrunn som reiseleiar og flyvertinne, og jobbar i dag som jurist. Ho har budd og jobba i Italia som reiseleiar. Ho kjenner landet godt. Ho snakkar italiensk, engelsk og noko fransk, og er glad i kultur og aktivitetar.
Runa er utdanna fyisoterapeut og er tenesteleiar for helse, tildeling og koordinering i Ørsta kommune. Er også leiar og turleiar i Friluftsforeninga Volda. Ho er busett i Volda.
Tine har vore journalist i Aftenposten, Dagens Næringsliv og Dagbladet. Begynte som reiseleiar allereie på 70-talet, mens ho studerte språk og journalistikk. Busett i Oslo.
Tor har over 30 års erfaring som musikar, ungdomssarbeidar og produsent av kulturarrangement. Tor har alltid hatt ein stor lidenskap for reiser, kultur og musikk som kjem godt med som reiseleiar for Fotefar.
Yngvil byrja som byguide i heimbyen Tromsø då ho var 16 år, og ho elskar å yte god service. Ho snakkar spansk, fransk, tysk og engelsk, og arbeider som natur- og kulturformidlar for Hurtigruten Group.
Åsta er tilsett i forlaget Skald på Leikanger. Ho er utdanna i journalistikk, film og folkekunst. Åsta er spesielt nyfiken på historie, nye kulturar og kulturutrykk. Ho likar reiser til ukjende reisemål, men har dei siste åra farta til vakre Portugal der ho har familie