Avreise om morgonen med direktefly frå Oslo til Napoli. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.
På bussturen frå flyplassen i Napoli til hotella våre (gruppa er fordelt på minimum to ulike hotell) får vi litt informasjon om byen, og kva vi kan forvente oss dei neste dagane. Vi stoppar ved hotella for å sette frå oss bagasjen. Deretter vil det vere høve til å ete lunsj på eiga hand i området rundt hotellet, før vi møtest for ei byvandring med ein lokal, engelsktalande guide.
På ettermiddagen bruker vi tida til å utforske nabolaget rundt hotella, og saman med reiseleiaren anbefale vi ein rusletur langs sjøkanten i området Santa Lucia. Kanskje vi besøker eitt av Napolis mange bakeri for prøvesmaking av den nydelege napolitansk baksten.
På kvelden møtest vi til ein velkomstmiddag.
(M)
Etter ein god frukost, er det tid for å utforske Napoli.
Denne dagen feirar napolitanarane Festa di San Gennaro. Dette er til minne om San Gennaro som var biskop av Benevento på byrjinga av 300-tallet e.Kr. Han døydde 19. september 305 som martyr i Miseno utanfor Napoli. Det danna seg ein eigen San Gennaro-kult, og på 1500- talet vart han gjort til helgen. Bli med reiseleiaren ut i byen for å delta på noko av denne feiringa.
San Gennaro er Napoli sin skytsengel og restar av blodet hans finst i to ampullar i katedralen. Tre gonger i året blir San Gennaro feira, og ampullane blir bore fram i håp om at blodet skal bli flytande. Berre ved eit par høve har blodet ikkje vorte flytande, og det blir sett på som eit dårleg teikn for byen Napoli.
Lunsj på eiga hand. Napoli har eit yrande folkeliv, og du finn mange matbuer i sentrum, så kva med ein Sfogliatelle (søtt bakverk) eller kanskje ein Pizza A Portafoglio. Namnet tyder eigentleg konvoluttpizza på grunn av at pizzaen er bretta i to eller fire.
Om ettermiddagen samlast vi til første del av Didrik Solli-Tangen si musikalske reise der han fortel og syng. Etterpå vert det felles middag, og i dag er det pizza som står på menyen. Pizza, i ein annan versjon enn det vi kjenner til i dag, har blitt ete i Napoli i mange hundre år, men den mest berømte varianten Pizza Margherita, er mykje yngre. Den vart først laga til dronning Margherita av Savoie sitt besøk i Napoli i 1889 og inneheld som mange kjenner til tomatar, mozzarella og basilikum. Desse tre ingrediensane inneheld fargane til Italia sitt flagg: raudt, kvitt og grønt.
(F, M)
Vi startar dagen med ein god frukost. Deretter møtest vi på nytt til del to av Didrik Solli-Tangen si musikalske reise med eit spennande program.
Etter framføringa kan dei som ønsker det, bli med reiseleiar på ein vandretur i området Vomero, som ligg på ei høgde. Vi skal ta Funiculare Centrale (bane) eit stykke opp, før vi vandrar i små gater opp til eit flott utsiktspunkt, og her får vi utsyn over byen og heile Napolibukta. (Billettprisen for bana er ikkje inkludert i turprisen). Oppe på høgda kan ein sette seg på ein av kafeane og ta ein kopp kaffi eller eit glas vin. Vi kan også anbefale eit besøk på det vakre slottet Castel Sant'Elmo (inngangsbillett ikkje inkl.)
Lunsj på eiga hand denne dagen, og reiseleiaren kjem gjerne med forslag til restaurant og aktivitetar elles.
På ettermiddagen møtest vi for avgang til den ærverdige Teatro di San Carlo, der vi har sikra oss gode sete til operaen Madame Butterfly. Dette er ein verdskjend opera i tre akter av Giacomo Puccini, som vart fødd i byen Lucca i Toscana i 1858. I tillegg til Madame Butterfly, har han også komponert La boheme og Tosca, og han blir rekna som ein av dei aller største operakomponistane.
Madame Butterfly vart uroppført på La Scala i Milano 17. februar 1904 og var den første operaen som vart kringkasta, og det skjedde i Berlin i 1921. Handlinga går føre seg i Nagasaki i Japan omkring år 1900.
(F)
Etter ein lang og god frukost står ein fritt til å nyte fridagen.
Napoli har eit godt utval av museum og historiske stader som skulptur-museet Museo Cappella Sansevero, Catacombs of San Gennaro, Capodimonte kunstmuseum, klosteret Certosa di San Martino og Det kongelige palass. Ein kan også besøke den botanisk hagen, Orto Botanico di Napoli eller ta ein tur inn i det spanske kvarteret i byen.
På byvandringa vår vart vi introduserte for handlegata Spaccanapoli, og kanskje er det nokon som vil tilbake dit? Eit tips kan vere å besøke Gran Caffè Gambrinius. Denne kaféen vart tidlegare mykje brukt av forfattarar og andre kjendisar. Kanskje vil du slappe av og kose deg her med ein espresso eller ein gelato her?
Like ved Napoli ligg den verdsberømte museumsbyen Pompeii. Denne byen var opphavleg ein romersk handels- og hamneby. I år 79 e.Kr hadde den nærliggjande vulkanen Vesuv eit stort utbrot, og Pompeii vart dekt av seks meter med lava og oske. På 1500-talet oppdaga ein at det låg ruinar under dette laget, og først på 1700-talet byrja utgravingane. Etter kvart oppdaga ein at det låg ein romersk by der med tempel, bad, teater, villaer og andre bygningar. Vi kan framleis sjå private hus med høg standard og flotte utsmykkingar med mosaikk og måleri. Som i dei fleste italienske byane, hadde også Pompeii ein stor, firkanta plass som vart kalla forum. Her gjekk det politiske og økonomiske livet føre seg, og mykje folk var samla der då utbrotet kom.
Dersom mange nok melder seg på ei utflukt til Pompeii, arrangerer Fotefar tur dit med lunsj inkludert (mot tillegg i pris ved påmelding).
Denne ettermiddag/kvelden er det felles middag og tur ut på ein napolitansk klubb.
(F, M)
Denne dagen nyt vi ein siste frukost på dei respektive hotella før vi sjekkar ut og tek farvel med denne vakre og pulserande byen. Bussen plukkar oss opp ved hotella, og vi køyrer til flyplassen. Direktefly til Oslo.
(F)