Skip to main content

Orknøyane med Dag Lindebjerg

28. juli – 1. august 2022.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Orknøyane saman med TV-profil og Vesterleds-entusiast Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til alle øyane. Han vart reiseleiar dit, og mange har hatt glede av å vere med han. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket på øyane i vest.

Orknøyane har ei rikhaldig historie som går tilbake 5-6000 år. Vi skal gje deg eit innblikk i historia til øyane frå den tida og heilt fram til i dag. Vi skal vitje fleire historiske attraksjonar som den staselege og majestetiske St. Magnuskatedralen, bygd av jarlen Ragnvald Orknøyjarl. Katedralen har store likskapstrekk med vår eigen Nidarosdomen.

Elles møter vi hyggelege og gjestfrie folk som er særleg glade for å få besøk frå Norge.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 28. juli - Til Aberdeen og Kirkwall

    Flyturen går frå Bergen til Aberdeen, og her skal vi bruke delar av dagen før vi tek ferja ut til Orknøyane. Frå flyplassen går turen fyrst til den mindre hamnebyen Stonehaven. Byen har vore ei viktig fiskerihamn. Ruinane etter det majestetiske festningen Dunotter Castle ligg også her, og dei som ønsker det vil få høve til å gå ut til desse (ikkje inkludert). Etter nokre timar i Stonehaven køyrer bussen oss inn til Aberdeen.

    Lunsjen blir på eigahand denne dagen, men reiseleder kjem gjerne med forslag.

    Båten har avreise frå Aberdeen kl. 17.00, og vi er framme i Kirkwall kl. 23.00. Frå ferjeterminalen tek vi taxi inn til hotellet. Vi skal bu på The Orkney Hotel.

  • Dag 2: Fredag 29. juli - Kirkwall

    Etter frukost kan dei som vil, vere med Dag Lindebjerg på ein liten rusletur. Han viser oss den majestetiske St. Magnuskatedralen, hamna og borga som frå gamalt av var tilhaldsstad for både Orknøy- jarlar og biskopar. Vi får lære om Kirkwall - eller Kyrkjevågen - som byen heitte medan Orknøyane var ein del av Norge.

    Lunsj i dag er på eiga hand eller saman med gruppa (ikkje inkludert i turprisen).

    På ettermiddagen møtest vi att for ein tur opp til Highland Park - det nordlegaste whisky-destilleriet i
    verda. Highland Park er også den viktigaste eksportbedrifta på Orknøyane.

    Felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 30. juli - Historisk rundtur på Orknøyane

    Denne dagen køyrer vi vestover til dei gamle minnesmerka etter dei første busetnadane på Orknøyane for 5-6000 år sidan. Lindebjerg tek oss tett på mykje av historia, og vi skal vitje både steinalderlandsbyen Skara Brae og dei kjende steinringane på Brodgar.

    Vi dreg så ut til kysten og vidare til Strømness som er kvalfangst- og sildebyen på Orknøyane , kor også hummarfiske er viktig.

    Undervegs på turen har vi felles lunsj på Orkney Brewery.

    Felles middag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 31. juli - Kirkwall og øyane Lamb Holm, Burray, South Roalsay, og Churchill-Barriers og Scapa Flow

    Dagen startar roleg med frukost og litt fritid.

    På avtalt tidspunkt kan dei som vil, bli med Dag Lindebjerg på ei lita runde til i byen.
    Det vil for eksempel vere høve til å vitje The Orkney Museum. Museumsbygget som vert kalla Tankerness House, var heim for Baikie- familien i om lag 300 år. I 1968 opna det opp som museum slik vi kan sjå det i dag. Orkney Museum fortel historia om Orknøyane frå steinalderen og fram til i dag.

    Etter lunsj på eiga hand vert vi henta med buss (ved hotellet) for ein tur sørover til øyane Lamb Holm, Burray og South Ronaldsay. Vi køyrer vegen langs «Churchill Barriers», som knyt saman hovudøya Mainland med dei mindre øyane Lamb Holm, Burray og South Ronaldsay. Barrieren vart bygd for hand av italienske krigsfangar under 2. verdskrig. På denne turen vitjar vi blant anna Italian Chapel, Fossil & Heritage Centre og den vesle bygda St. Margarets Hope.

    Sundet Scapa Flow ligg naturleg verna mellom fleire av dei sørlege Orknøyane. Plasseringa gjorde det til ein naturleg base for den britiske marinen under både 1. og 2. verdskrig. Under 2. verdskrig var det 550 Italienske krigsfangar på Orknøyane. Dei vart nytta til å byggje ein veg mellom den største øya Mainland og fleire av dei mindre øyane sørover. Initiativet til vegen var det Winston Churchill som hadde, og den ferdige vegen fungerte som ein barriere mot Nordsjøen. Seinare har barrieren fått namnet «Churchill Barriers». Der ligg framleis synlege vrak etter verdskrigane, og desse vil vi få sjå frå avstand på turen vår.

    Det vakre Italian Chappel ligg på Lamb Holm. 200 av dei Italienske krigsfangane hadde basen sin her. Dei var langt heimanfrå og hadde behov for å kunne samlast ein stad i bøn. I 1943 fekk dei lov å nytte to brakker for å byggje seg eit kapell. Blant fangane var ein italiensk kunstnar med namn Domenico Chiocchetti, som vart den som tok ansvar for å setje i stand kapellet på innsida.

    Det vert også ein gåtur ut til klippane på halvøya Deerness før vi returnerer til Kirkwall.

    Felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 1. august - Heimreise

    Dette er heimreisedagen. Vi tek fly frå Kirkwall til Aberdeen. I Aberdeen vert der ein god stopp før flyet til Bergen går på ettermiddagen. Vi er framme på Flesland på kvelden.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
28/7BergenOrknøyaneMeir enn 822 750,-BestillMer informasjon
Reisekalender
19/11Førjulstur til vakre WienFrå 10 990,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo