Skip to main content

Pianofestival i vakre Lofoten

Gunilla Süssmann

13. - 17. juli 2022.

Bli med oss til Lofoten og opplev den vakre og spektakulære naturen der. I tillegg får du med deg klassiske konsertar i verdsklasse under Lofoten Pianofestival. I 2018 rangerte magasinet Pianist denne festivalen som den tredje beste i Europa. Programmet er skreddarsydd når det gjeld breidde, variasjon og kvalitet. Kvart år inviterer festivalen kvartettar, ensemble og orkester frå inn- og utland med om lag 15-20 internasjonale artistar. Konsertane har eit intimt preg då ein nyttar kyrkjer som arena i tillegg til Lofoten kulturhus og Meieriet kultursenter.

På turen har Fotefar med Gunilla Süssmann som fagperson, og ho held daglege foredrag om gleda kring musikken og konsertane. Gunilla har ei 20 år lang karriere bak seg som aktiv konsertpianist og har gjort ei rekkje plateinnspelingar. Ho har vore sterkt involvert i musikkprosjekt både her til lands og i Europa elles, og arbeidde tidlegare som konsertprodusent ved Den Norske Opera og Ballett. Til dagleg arbeider ho no som programprodusent i kringkastingsorkesteret KORK. I Lofoten vil ho på ein fengslande måte formidle gleda over musikken og leie oss gjennom konsertopplevingane under Pianofestivalen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 13. juli - Framme i Lofoten

    Alle reiser til og frå Svolvær og Lofoten etter reiserute som høver best for den enkelte. Både fly og Hurtigruta er gode alternativ, elles kan ein køyre sjølv.

    Etter innsjekking på hotellet, møtest vi kl. 18.00 i ein konferansesal på hotellet for velkomst og informasjon. Vi får høyre om konsertane og dei daglege foredraga av Gunilla Süssmann, og i tillegg vil reiseleiar fortelje litt om opplevingane våre elles desse dagane.

    Etter informasjonsmøtet vert det felles middag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 14. juli - Lofoten

    Etter ein god frukost blir det foredrag med Gunilla Süssmann i ein av konferansesalane på hotellet.  
    Foredraget vil handle om kveldens konsertprogram, der ho vil formidle litt om kva vi kan vente oss av musikk og artistar. Ho vil også gje oss nokre historiske knaggar og bilete å referere til. I tillegg vil vi få besøk av nokre frå festivalen.  

    Lunsj denne dagen er på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med forslag på kafear og restaurantar.  

    På ettermiddag blir vi henta med buss på hotellet. Turen går vestover i vakre Lofoten mot Leknes og Stamsund der kveldens konsertar finn stad. Både før og etter konsertane skal vi oppleve nokre av dei mange perlene Lofoten har å by på. Frå Svolvær køyrer vi retning Vestvågøy og Unstad, ei av bygdene på yttersida av Lofoten. Her finn vi vakre strender, bratte fjell og kulturminne som til dømes gardsanlegg frå jernalder og busetnad frå mellomalder. Hauklandsstranda ligg også i dette området. Denne spesielle stranda er kåra til Norges finaste, og har vore nominert til verdas finaste strand.  

    Før første konsert er det planlagt ein tidleg middag på ein lokal restaurant i Ballstad. Der er det ei  fiskerihamn, med aktivitet året rundt.  

    Kveldens første konserten er på Meieriet kultursenter i Leknes med tema frå  Brahms, Schumann og Beethoven.  

    Den andre konserten denne kvelden er i Stamsund kirke  med Schubert, Mozart og Bartok på programmet. På veg heim til hotellet køyrer vi forbi vakre Valberg.  
    (F, M) 

  • Dag 3: Fredag 15. juli - Lofoten

    Etter ein god frukost blir det nytt foredrag med Gunilla Süssmann i ein av konferansesalane på hotellet. Tittelen på dagens foredrag har Gunilla kalla "Klaveret og pianisten, solist og kammermusiker". Som mangeårig utøvande pianist ønskjer ho å snakke litt om forskjellen på klaveret som soloinstrument og som instrument brukt i kammermusikken. Ho vil knyte dette saman med eksempel frå konsertopplevingane vi hadde kvelden før, og elles snakke litt om kva vi kan vente oss seinare denne kvelden.

    Denne dagen er «fridagen» vår,  og vi legg opp til at alle kan utforske litt meir av det ein sjølve ønskjer. Om ein vil oppleve meir av det musikalske, er det ein konsert i Svolvær kirke midt på dagen (ikkje inkludert i vårt «Fotefar-pass»).

    På kvelden møtest vi i resepsjonen for ein rusletur bort til Svolvær kirke for ein kveldskonsert med Schumann, Beethoven og Schubert på repertoaret.

    Middag denne kvelden er på eiga hand eller saman med reiseleiar (ikkje inkludert).
    (F)

  • Dag 4: Laurdag 16. juli - Lofoten

    Etter ein god frukost blir det eit nytt foredrag med Gunilla Süssmann i ein av konferansesalane på hotellet. I dag vil vi bli betre kjende med konsertpianisten Gunilla, og ho vil dele nokre historier frå sitt liv som utøvande pianist. Musikken som skal spelast under den store finalekonserten laurdag kveld, er i skrivande stund ukjend. I foredraget vil Gunilla førebu oss på noko av musikken vi kan vente oss. Elles er det rom for å stille spørsmål under alle foredraga til Gunilla.  

    Resten av føremiddagen er til fri disposisjon før vi saman reiser på ei ny utflukt. Vi får med oss meir av den ville og vakre naturen Lofoten er så kjent for, vi skal mellom anna innom ikoniske Reine, Fredvang og Nusfjord. Det vert også felles middag på ein lokal restaurant før vi skal til Gravdal på finalekonseten i vakre Buksnes kirke. Festivalen blir avslutta på ein uhøgtidleg måte. Saman med musikarane feirar vi gleda over tonar som appellerer til det vakre, det virtuose, det humoristiske og det underhaldande. Dette er den mest populære konserten under Pianofestivalen, og alle artistane deltek.
    (F, M)

     

  • Dag 5: Søndag 17. juli - Heimreisedag

    Etter ein god frukost møtest vi for ei oppsummering av dagane vi har hatt her oppe. Saman med Gunilla Sussmann takkar vi for innhaldsrike dagar og opplevingar saman på eit av verdas vakraste øyrike.  
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/7LofotenMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/5Cruise i VesterledFrå 26 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo