Prince-pilegrimsreise til Minneapolis med Christer Falck og Petter Aagaard

22.- 30. september 2027 

 

Fotefar temareiser inviterer til ei unik musikkreise til Minneapolis, byen der Prince vaks opp, skapte sin eigen musikalske identitet og bygde eit av dei mest innflytelsesrike kunstnarskapa i moderne populærmusikk. 

Reisa vert leia av musikkentusiast og plategründer Christer Falck og musikkjournalist Petter Aagaard. Saman utforskar vi stadene som forma Prince, frå dei første musikalske åra til den kreative fridomen i Paisley Park. Gjennom foredrag, historier og refleksjonar gir dei perspektiv på musikken, mennesket og tida han verka i. 

Vi besøker sentrale lokasjonar som Paisley Park, First Avenue og fleire stader knytte til både Purple Rain og Minneapolis-sounden. Dei lokale guidane tek seg av det historiske, medan Christer og Petter løftar opplevingane gjennom skreddarsydde innslag undervegs på reisa. 

Dette er ikkje berre ei reise for dedikerte Prince-fans, men for alle som er interesserte i musikkhistorie, kreativitet og korleis eit heilt kunstnarleg univers kan vekse fram frå éin by. 

Fotefar temareiser legg vekt på eksklusive opplevingar med roleg rytme og gjennomarbeidde program. Velkomen til Minneapolis og ei veke i Prince sitt univers. 

Atterhald om endringar 

 

 

 

Pris frå:
38 900,-
Dagar: 8
Inkludert for alle:
  • All busstransport som vist i programmet
  • 7 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 7 frukostar
  • 1 middagar
  • 1 lunsj
  • Dagleg program med Christer Falck og Petter Aagaard
  • Guida turar til fots Minneapolis
  • Inngang på The Cavern Club
  • Guida heildagstur med buss med stopp i St. Peter’s Church og i Penny Lane
  • Besøk på det nye infosenteret på Strawberry Fields
  • Lokalguide Jackie Spencer, som blir rekna som den beste Beatles-guiden
  • Omvising på The Casbah Coffee Club
  • Pubrunde til historiske pubar
  • Reiseleiar frå Fotefar temareiser
  • Billettar til Beatles Story-museet


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen – Manchester t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass


Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 3290,-
  • Billettar til Ferry Across the Mersey-ekskursjon
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 25 personar

Bildegalleri

Viktig informasjon

Viktig informasjon 

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

  • Informasjon om ESTA (USA): 

Dei fleste treng berre ein godkjend ESTA-søknad for å få innreise til USA, men i nokre tilfelle er det naudsynt med visum. Du må sjølv setje deg inn i om du er ein av dei som må søke om visum. Dei som lyt søke om dette, må vere ute i god tid, då denne prosessen kan ta tid.  

Hugs at skjemaet om reiseløyve må fyllast ut og sendast elektronisk minst 10 dagar før avreisa.   

 

 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 22. september - Reisedag

    Fly frå Oslo til Minneapolis, med mellomlanding i Reykjavik. 

    Etter innsjekk på hotellet samlast vi til ein uformell velkomst. Christer og Petter set tonen for dagane som ventar og gir ei innføring i korleis ein artist frå Midtvesten kunne bli ein av dei mest innflytelsesrike musikarane i moderne tid. 

  • Dag 2: Torsdag 23. september - Paisley Park

    Dagen er vigd til turens naturlege høgdepunkt: Paisley Park i Chanhassen. Dette var langt meir enn eit studio. Her budde, arbeidde og skapte Prince frå 1987 og fram til han gjekk bort i 2016. Gjennom omvisinga får vi sjå studioa der musikken vart til, den private konsertsalen, kostyme, instrument, prisar og personlege gjenstandar som gir eit sjeldan innblikk i livet og arbeidsmetodane hans. 

    Etter besøket gir vi mikrofonen til Christer og Petter. Stadene vi nett har opplevd dannar bakteppet for ein samtale om kreativitet, kontroll og kompromisslaus kunstnarleg fridom. 

  • Dag 3: Fredag 24. september - Purple Rain

    I dag står albumet og filmen som gjorde Prince til verdsstjerne i sentrum. 

    Vi besøker First Avenue, den legendariske klubben som fekk ei av hovudrollene i Purple Rain. Her ser vi stjerna til Prince utanfor bygget, opplever lokala der mykje av historia utspelte seg, og kjem tett på ein av dei viktigaste scenene i amerikansk musikkhistorie. 

    Vidare ser vi Schmitt Music Mural, kjend frå opningsscena i filmen, og fleire av dei store veggmåleria som i dag fungerer som monument over Prince si betydning for byen. 

    Om kvelden samlast vi på hotellet til eit eksklusivt møte med ein som var tett på Prince. Saman med Christer og Petter blir det ein open spørsmålsrunde der deltakarane får høve til å kome tett på historia bak musikken og menneska som var med då alt skjedde.

  • Dag 4: Laurdag 25. september - Åpen dag

    Denne dagen står open til eigne opplevingar i Minneapolis. 

    Du kan bruke dagen til museum, shopping, fleire platebutikkar eller berre nyte byen i ditt eige tempo. 

    For dei som ynskjer det, legg Christer og Petter opp til ein tur på Mall of America, eitt av dei største handlesentera i verda. Turen blir ein ein fin anledning til både shopping og ein god musikkprat. 

  • Dag 5: Søndag 26. september - Historiske stader

    I dag følgjer vi fleire av spora etter Prince gjennom Minneapolis. 

    Vi besøker staden der nattklubben Glam Slam ein gong låg. Klubben var meir enn eit utestad; han fungerte som eit kreativt samlingspunkt og ein viktig del av Prince sitt univers gjennom store delar av karrieren. 

    Vidare går turen til Sound 80 Studios, der nokre av dei tidlege innspelingane hans vart gjorde, og der vi kjem tettare på historia om korleis karrieren tok form. 

    Vi køyrer også gjennom områda der Prince voks opp. Her får vi eit betre inntrykk av miljøet som forma han som menneske og musikar, samstundes som vi viser respekt for området og menneska som bur der i dag.

  • Dag 6: Mandag 27. september – Musikke

    Denne dagen utforskar vi dei musikalske miljøa som forma Prince. 

    Vi startar hos Electric Fetus, den legendariske platebutikken som var ein av favorittstadene hans gjennom store delar av livet. Her blir det høve til skattejakt på vinyl, bøker og memorabilia. Kjem du til å kjøpa fleire plater enn Christer? 

    Deretter besøker vi Bunker's Music Bar & Grill, ein sentral del av Minneapolis sitt levande musikkmiljø. Prince var kjend for å dukke opp her utan varsel for spontane jamsessions som raskt blei legendariske blant dei som var til stades. 

    Vi tek også turen innom Capri Theater, ein av scenene der den unge Prince utvikla seg som artist og utøvar. 

    Undervegs held Christer og Petter eit fagleg innslag om Minneapolis-sounden og korleis Prince bygde opp eit heilt musikalsk miljø rundt seg med artistar som The Time, Sheila E. og Jimmy Jam & Terry Lewis.

  • Dag 7: Tysdag 28. september - Avslutning

    Den siste heile dagen samlar vi trådane frå veka. 

    Vi tek turen til Lake Minnetonka, kjend frå den legendariske scena i Purple Rain, før vi utforskar fleire filmlokasjonar og stader knytte til Prince sin historie i Minneapolis. 

    Seinare på dagen samlast vi til turens avsluttande innslag med Christer og Petter. Her ser vi nærare på arven etter Prince, kvifor musikken hans framleis talar til nye generasjonar, og kva plass han har i moderne musikkhistorie. 

    Om kvelden rundar vi av med ein felles avslutningsmiddag. For dei som ønskjer det, kan kvelden avsluttast med levande musikk på First Avenue, ein verdig finale på ei reise inn i Prince sitt univers. 

  • Dag 8: Onsdag 29. september – Heimreise

    Etter frukost tek vi farvel med Minneapolis og set kursen heimover via Island. 

    Vi landar i Noreg torsdag 30. september med nye musikalske perspektiv, gode minne og eit nærare forhold til ein av populærmusikkens største kunstnarar. 

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/9OsloMinneapolisMeir enn 838 900,-BestillMer informasjon
22/9MinneapolisMeir enn 838 900,-BestillMer informasjon