Reiseleiarar


HANS-WILHELM STEINFELD

Forfattar, historikar og journalist av internasjonalt kaliber. Han har vore utenrikskorrespondent for NRK og er spesielt kjend for sine engasjerande reportasjar frå Russland. Han har blant anna intervjua kjende størrelsar som Michail Gorbatsjov, Boris Jeltsin, Nicolai Rysjkov, berre for å nemne nokon. Han fekk Medaljen for13. januar i Litauen for sitt arbeid med det litauiske fridomsopprøret mot Russland i 1991.


EVA BRATHOLM

Kjend journalist frå Arbeider-Avisa, Arbeiderbladet og Dagbladet. Ho var tilsett i NRK Nyhetsavdelinga og arbeidde i Dagsrevyen før ho vart NRKs utanrikskorrespondent i Washington, DC.  Seinare har ho vore informasjonssjef i Posten, informasjonsdirektør i NORAD og ambassaderåd ved Norges ambassade i Delhi, India. Bratholm har særleg dekka utanriksstoff generelt og amerikansk politikk og samfunnsliv spesielt. Ho har gitt ut to bøker om New York.


SYLFEST LOMHEIM

Lomheim er språkvitar, omsetjar og debattant. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder og var i 2004 - 2010 den første direktøren for Språkrådet. Lomheim har òg vore statssekretær i Barne- og familiedepartementet. Han var i fleire år språkkonsulent ved NRK og hadde blant anna ei sentral rolle i radioprogrammet Språkteigen. Han har óg vore norsklektor i Caen i Frankrike.


Edward Hoem

Hoem er ein norsk, politisk bevisst forfattar. Han debuterte i 1969 med med diktsamlinga Som grønne musikantar. Elles har han hatt eitt rikt forfattarskap innanfor fleire sjangrar. Han har og skreve og sett opp fleire teaterstykke og vore Teatersjef ved Teatret Vårt i Molde i 1998-1999. Hoem fikk Doblougprisen i 1988. 
Edward Hoem si utdanning omfattar mellomfag innanfor filosofi og litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo.


OLAV STEDJE

Olav Stedje  er kjend songar og låtskrivar. Han har fått seks sølvplater og delteke i Melodi Grand Prix tre gonger. Olav byrja i dei lokale gruppene «Compact» og «Ole Brums orkester» i Sogndal og debuterte med albumet Ta meg med  i 1981. Det resulterte i fleire Norsktopp-plasseringar med songar som Vi vandrar saman og Når ho er hjå meg. I 1982 fekk han Spelemannsprisen i klassen pop for musikkalbumet Tredje Stedje. Olav har vore med som musikar på mange Fotefar-turar til Sørstatane, der han held minikonsertar for oss på bussen.


BÅRD OSE

Bård Ose er musikkjournalist og forfattar. Han har skrive bøker om Vinskvetten, The Beatles, The Rolling Stones og pop-og rockmusikk frå Bergen og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1 og programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+. Han har òg vore programleiar for TV-programmet Førkveld på NRK1 og NRK sine distriktssendingar i Hordaland, han har og vore bidragsytar til radioprogrammet Stjernepose på NRK P13. 


Tove Bakke

Tove Bakke er frå Sande i Sunnfjord og er busett i Oslo. Ho arbeidde i mange år som litteraturkritikar i Kritikkjournalen og Norsk kulturråd. Ho har omsett og gjendikta over 60 bøker frå sju språk: spansk, katalansk, fransk, portugisisk, dansk, svensk og engelsk. Mest kjend er ho kanskje for omsetjinga av franske Anna Gavalda sine bøker til nynorsk. Bakke har også budd ein periode i Brooklyn, New York.


Tore Skeie

Tore er ein norsk historikar, sakprosaforfattar og kritikar. Han er fast spaltist og bokmeldar i Klassekampen. Han har gjeve ut tre bøker om middelalderen med  Alv ErlingssonIngebjørg Håkonsdatter og Olav Haraldsson som hovedpersonar.
Han fekk terningkast 6 i Dagbladet for si nye bok Hvitekrist!
Og med desse lovorda: "Tore Skeie er ein fremragande forfattar, han er som ein essens av Peder Englund og Sir Walter Scott. Faghistorikaren Skeie kan også oppdatera oss på dei nyaste vitenskapelege funn og teoriar. For ei praktfull fortelljing det vert!"


Frode Alnæs

Frode er utdanna jazzmusikar ved NTNU i Trondheim. Han er gjennom 30 år vorte feira som ein av norsk musikk sine mest populære og suksessrike artistar og låtskrivarar innan rock og jazz. Han har i alle år gleda eit stort publikum gjennom sin musikk og sitt smittande humør. Frode vert rekna som ein seriøs komponist og ein av Noregs beste gitaristar. Han er også ein dyktig songartist.


Lars Nes

Lars Nes er eigar og grunnleggjar av Skald Forlag. Han var forlagssjef fram til 2012, då han gjekk over i ei stilling som seniorredaktør. Lars er utdanna musikklærar og har tidlegare arbeidd som lærar, rektor og kultursjef. Han har elles vore aktiv arrangør av musikkfestivalar som Tinghusrock, Fjordrock og Balejazz.


Torgrim Titlestad

Torgrim Titlestad er professor i historie ved Universitetet i Stavanger, og har spesialisert seg på vikingtid og Norges tidlege historie. Han er ein av våre fremste ekspertar på denne perioden. Sidan 1990-talet har han gjeve ut fleire bøker om desse emna. Han har også skrive fleire bøker om motstandskampen i Norge under andre verdskrigen.

Våre tekniske reiseleiarar


Bjørn Sørheim
Reiseleiar i Storbritania, Irland, Gran Canaria, Russland, Georgia. Pensjonert førsteamanuensis i engelsk. 
Busett i Sogndal.


Maria Storevik
Reiseleiar i Midtvesten, Skottland og Nord-England og Irland.
Lektor på Stryn videregåande skule.


Jan Harald Revheim
Reiseleiar i USA, Skottland og Vesterhavsøyane, Færøyane, Island  og Italia.
Pensjonert politimann og bussjåfør.
Busett i Os.


Lars Nes
Reiseleiar i Russland, Tyskland og Østerrike.
Redaktør i Skald forlag.
Busett i Leikanger.


Aud Kari Isane
Reiseleiar i USA, Kroatia og Vesterhavsøyane.
Busett i Balestrand.


Bente Christin Eriksen
Reiseleiar i USA og Italia.
Dagleg leiar i KFUK/KFUM Sogn og Fjordane.
Busett i Naustdal.


Arne Sunde
Reiseleiar USA og Island.
Lektor ved Kvinnherad videregåande skule.
Busett i Rosendal.


Janne Britt Hauge
Reiseleiar bedriftsmarknaden
Busett i Oslo


Odd Arne Tveito
Reiseleiar Liverpool og cruise i Vesterled.
Seniorrådgjevar ved NAV økonomitenester
Busett i Kaupanger


Per Bjørn Brandsæter
Reiseleiar i Midtvesten og andre destinasjonar
Busett i Lillehammer