Rembrandts blikk med Öde Spildo Nerdrum og Einar Duenger Bøhn

6. - 10. oktober 2027 

Fotefar temareiser inviterer til ei femdagars fordjupingsreise i Rembrandts liv og kunst frå dei første søkjande åra i Leiden, via gjennombrotet og dei store forteljande bileta, til dei seine og djupt menneskelege verka i Amsterdam. 

Reisa blir leia av biletkunstnar Öde Spildo Nerdrum og professor i filosofi Einar Duenger Bøhn. Når vi står framfor verka, hjelper dei oss å sjå Rembrandts blikk og teknikk, og korleis han skildrar mennesket og dermed også noko i oss sjølve. Dei byr på meir enn ei vanleg omvising, og opnar kunsten frå innsida gjennom kunstnaren sitt perspektiv og gjennom filosofiske refleksjonar kring liv og erfaring. Alt blir formidla på ein levande og forståeleg måte som gjer det engasjerande og kjekt å vere med, uansett bakgrunn. Reisa krev ingen forkunnskapar. 

Vi følgjer Rembrandt kronologisk og ser utvalde hovudverk i Leiden, Haag og Amsterdam i den rekkjefølgja dei blei til. Lokalguide Stine følgjer oss gjennom byane og tek seg av dei historiske rammene: stadane Rembrandt levde og arbeidde i, samt dei politiske, sosiale og kulturelle samanhengane som formar både kunsten og livet rundt han. 

Amsterdam og Leiden byr på nydeleg arkitektur, stemningsfulle byrom og særs god mat, noko som også vert naturlege og viktige delar av reiseopplevinga. Mat og drikke er valde med omtanke og med vekt på godt handverk, kvalitet og enkle presise uttrykk.  

Fotefar temareiser legg vekt på eksklusive opplevingar med roleg rytme og gjennomarbeidde program. Velkomen til ei reise der Rembrandts livslange utvikling blir eit rom for innsikt, erfaring og ei djup sanseleg oppleving.

 

 

 

Pris frå:
29 990,-
Dagar: 5
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 4 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 4 frukostar
  • 2 middagar
  • 1 lunsj
  • Daglege innsiktsfulle seansar med Öde Spildo Nerdrum og Einar Duenger Bøhn
  • Guida turar til fots i Amsterdam og Leiden med Stine, som kan mykje om det historiske rundt Rembrandt, Amsterdam og Leiden
  • Inngang på Museum De Lakenhal, Mauritshuis og Rijksmuseum
  • Reiseleiar frå Fotefar
Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Amsterdam t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 4214,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar: 25 personar

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 6. oktober - Ankomst Nederland

    Vel framme på hotellet i Leiden vert det eit uformelt foredrag ved Öde Nerdrum og Einar Duenger Bøhn: Hva vil det si å reise for å se kunst – og ikke bare besøke museer? 

    Vi set tonen for turen og førebur oss på det vi skal oppleve. Det vert god stemning og noko godt i glaset. 

     

  • Dag 2: Torsdag 7. oktober - Den tidlege Rembrandt (Leiden)

    Vi startar der alt byrja: i Leiden, med dei unge, eksperimenterande verka som viser Rembrandts første steg inn i kunsten. Vi besøker museet De Lakenhal. Her ser vi The Four Senses – hans tidlegaste kjende måleri – og Musical Company (1626) som avslører kor raskt han utvikla seg både teknisk og formmessig. 

    (F)

  • Dag 3: Fredag 8. oktober - Den grandiose og forteljande Rembrandt (Haag)

    I Mauritshuis møter vi den store historieforteljaren: The Anatomy Lesson of Dr. Nicolaes Tulp (1632) og forteljande, psykologisk sterke verk som Andromeda og Simeon in the Temple. 
    Her ser vi Rembrandt tre inn i sin tidlege meisterfase – ein kunstnar med kraft, dramatikk og full kontroll på lyset. 
    Dagen inkluderer også det siste sjølvportrettet (1669), eit av livsverkets høgdepunkt. 

    Om kvelden samlast gruppa til ei lukka og intim oppleving i den anerkjende øl‑ og vinrestauranten In de Wildeman i Amsterdam. Her får vi servert ei nøye utvald klosterøl: Westmalle Tripel, ein autentisk belgisk trappist brygga av munkar etter prinsipp om disiplin, stillheit og langsam modning. Ølet vert akkompagnert av utvalde lagra ostar og handverksbrød, presist valt for kvalitet og samspel i smak. Klosterøltradisjonen deler sentrale verdiar med Rembrandts kunstproduksjon: respekt for handverket, tid framfor tempo, fordjuping framfor effekt, og ei tru på at djupne veks fram gjennom tålmodig arbeid over år. 

    (F,M)

  • Dag 4: Laurdag 9. oktober - Den modne og sårbare Rembrandt (Amsterdam)

    I Rembrandts hus og på Rijksmuseum møter vi den eldre kunstnaren: meir røff, meir direkte, meir menneskeleg. 
    Her ser vi m.a. Self‑Portrait as the Apostle Paul (1661), The Jewish Bride (1665–69) og The Syndics (1662). 
    Den seine stilen er prega av tjukke strøk, varme, sårbarheit og stor kunstnarleg fridom. 

    Om kvelden er det duka for avslutning. Vi får turens siste foredrag ved Öde og Einar som vil fokusere på kvifor desse bilda framleis held stand i møte med vår eiga tid. I tillegg får vi ein gjennomført og kuratert middag som speglar den seine Rembrandt; færre verkemiddel, større nærvær. Eksklusiviteten ligg ikkje i overflod, men i presise val og kvalitet i utføringa. Dette er ein kveld for å samle trådane frå dagane bak oss i ei uanstrengt atmosfære. 

     (F,M) 

  • Dag 5: Søndag 10. oktober - Heimreise

    Me set snuten mot Noreg att.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/10OsloLeidenMeir enn 829 990,-BestillMer informasjon
6/10Utan flyreiseLeidenMeir enn 829 990,-BestillMer informasjon