Skip to main content

Rocking London

28. september - 2. oktober 2022.
Med Bård Ose.

Dette er den ultimate turen for alle som er interesserte i 60- og 70-talsmusikk. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om The Rolling Stones, The Beatles, The Kinks, The Who, Pink Floyd, Jimi Hendrix, David Bowie, Bob Dylan og fleire av dei mange musikarane som har budd i London. Vi besøkjer sjølvsagt Abbey Road med den berømte fotgjengarovergangen, og får oppleve stemninga i Soho og Denmark Street. Det blir lunsj både på Hard Rock Cafe og på Bill Wyman’s Sticky Fingers i tillegg til omvising på Royal Albert Hall og Handel & Hendrix House.

Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske The Troubadour, der fleire store stjerner frå 60- og 70-talet har spelt, og her skal vi få med oss ein konsert eller to. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 28. september – Til London og rundtur med «The Swinging 60’s Bus»

    Avreise frå Oslo og Bergen. I London køyrer bussen vår oss til hotellet vi skal bu på. Der set vi frå oss bagasjen og tek lunsj på eiga hand.

    Etter lunsjtid skal vi ut på tur med «The Swinging 60’s Bus». Dette er ein ekte, raud dobbeldekkar frå 60-talet med stor stemning og tidstypisk musikk på høgtalarane. På turen har vi med oss den lokale musikkguiden vår. Han har vore musikkguide i London i mange år og krydrar guidinga med små historier og anekdotar. Kanskje tek han også med gitaren og spelar litt for oss. På denne rundturen køyrer vi forbi fleire kjende stader for 60- og 70-talsrocken, og vi skal blant anna besøkje The Old Station Hotel i Richmond, der The Rolling Stones starta.

    Etter rundturen køyrer vi tilbake til hotellet for innsjekking. Det er tid for litt avslapping før Bård Ose skal halde det første kåseriet sitt på turen. Han skal fortelje om bakgrunnen for London-musikken på 60- og 70-talet, og om kvifor byen er like viktig for utviklinga av rocken som musikkbyane i USA.

    Bård har blant anna skrive bøker om VinskvettenThe BeatlesThe Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, og i tillegg programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.

    Etter kåseriet har vi reservert plass til alle på hotellrestauranten, og ein bestiller det ein vil frå a la carte-menyen (ikkje inkludert). Vi bur midt i sentrum med mange kafear og pubar i gangavstand frå hotellet, så vi legg opp til at ein kan bli med reiseleiarane på ein typisk engelsk pub etter middag, viss ein har lyst til det.

  • Dag 2: Dag 2 - Torsdag 29. september – Royal Albert Hall og Abbey Road

    Vi startar dagen med frukost på hotellet. Etterpå møtest vi i konferanserommet for å høyre dagens kåseri frå Bård Ose. Her gjev han oss bakgrunnen og historia til det vi skal sjå på den guida turen seinare på dagen. Dei som har vore med på Beatles-turen til Bård, veit at han er ein fantastisk forteljar, og at latteren sit laust under desse morgonkåseria. Avreise med buss frå hotellet rett etterpå, og den eminente musikkguiden vår  er med oss heile dagen.

    Bussen tek oss med på ein humørfull rundtur i sentrale London, og første stopp blir legendariske Royal Albert Hall, der vi får ei privat omvising med fokus på 60-talsmusikken.

    Neste stopp på bussturen blir legendariske Abbey Road Studio med fotgjengarfeltet utanfor som The Beatles gjorde verdsberømt med coverbildet på den siste studioplata si. Turen går vidare til Denmark Street som var sentral i britisk populærmusikk i mange tiår med både musikkforlag, studio, musikkforretningar og musikklubbar. Mange av Londons mest kjende musikarar øvde og gjorde sine første innspelingar her som The Kinks, The Rolling Stones, The Small Faces, David Bowie (som til og med budde her i ein campingbil ei stund) og The Sex Pistols. Både Eric Clapton, Jeff Beck and Pete Townshend kjøpte gitarane sine frå musikkforretninga Rhodes Music. På vegen vidare frå Denmark Street køyrer vi forbi mange av London sine store attraksjonar, og vi tek ein kort stopp ved Houses of Parliament.

    Det vert felleslunsj på Hard Rock Café, der vi får ei privat omvising i «The Vault», museet deira, med utstilling av gjenstandar frå rockens historie. Dette er den første, originale Hard Rock Café-en, og den aller første gjenstanden i den utruleg store samlinga deira heng framleis her: Ein Red Fender Lead II-gitar som Eric Clapton donerte i 1979.

    Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiar til ein koseleg restaurant. Etter middag kan ein bli med reiseleiar ut på byen til ein stad med god livemusikk.
    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 30. september – Sticky Fingers, Hendrix-museet og The Troubadour

    Etter ein god frukost møtest vi i konferanserommet på hotellet og høyrer Bård Ose fortelje anekdotar om band og musikarar frå 60- og 70-talets London. Han har store kunnskapar og tek gjerne imot ønske frå salen om kva han skal fortelje om. Denne dagen kan ein velje å bli med på rundtur med The Swinging 60’s Bus (ikkje inkludert, bookast som tillegg for kr. 950,- ved bestilling; inkluderer buss, guiding, billettar til Handel & Hendrix-museet, lunsj på Sticky Fingers og konsert på The Troubadour), eller ta seg ein fridag til å utforske London på eiga hand. Vi anbefaler alle å velje dette tillegget til turen. Bussen hentar oss på hotellet etter kåseriet og tek oss med til bydelen Soho som er svært viktig for musikkscenen i London. Det var i denne delen av byen ein fann det som vart kalla Europas første rockeklubb: The 2i’s Coffee Bar. Kafeen vart opna i 1956, og det var her skiffle-musikken fekk sitt gjennombrot i England. Skiffle kan seiast å vere ein forløpar til rockemusikken, og på denne vesle kafeen slo både Tommy Steele og Cliff Richard gjennom.

    Ein annan sentral plass vi får høyre om på guidinga i Soho er The Marquee Club der The Rolling Stones, Led Zeppelin, The Who, Yes, Jethro Tull, Pink Floyd, David Bowie, Fleetwood Mac og Jimmy Hendrix spelte. Vi går også innom verdsberømte Ronnie Scott’s Jazz Club og Trident Studios der The Beatles, Queen, Elton John og mange av dei andre har spelt inn musikk.

    Det blir så felleslunsj på Bill Wyman’s Sticky Fingers.

    Deretter går turen til Handel & Hendrix-museet før bussen tek oss vidare forbi Kings Road med sine berømte platestudio som Swan Song Records, eigd av Led Zeppelin. Vi kjem så til The Troubadour, ein av dei siste sentrale musikk-kaféane i det som vart kalla  The British Folk Revival. Her spelte Bob Dylan, Paul Simon, Joni Mitchell, Jimmy Page, Robert Plant og ein haug andre av dei store. Det som er utruleg med denne konsertstaden, er at det meste av interiøret er uendra, så her kan ein verkeleg drøyme seg tilbake til Swinging London på 60- og 70-talet. Etter konserten kan dei som vil, ete middag på The Troubadour og få med seg neste band som spelar.
    (F)

  • Dag 4: Laurdag 1. oktober – Fritid

    Vi startar dagen med frukost og etterpå blir det kåseri med Bård Ose i konferanserommet om London-musikken.

    Denne formiddagen kan ein velje sjølv kva ein vil gjere. Mange vil nok kanskje handle litt på Oxford Street eller i Regent Street. Viss veret er fint, kan vi også anbefale ein rusletur i Hyde Park som ligg like ved hotellet. Hop-on-hop-off-bussane som går gjennom heile London sentrum kan også vere eit alternativ. Elles har byen noko for ei kvar interesse, og reiseleiarane hjelper til med mogelege aktivitetar dersom det er ønskjeleg.

    Reiseleiarane kan også hjelpe til med billettar til musikalar eller liknande viss nokon er interesserte i det.

    Før middag møtest vi i hotellbaren for ein kopp kaffi eller ein pint. Vi har reservert plass på hotellrestauranten, og alle bestiller det dei vil frå a la carte-menyen (ikkje inkludert).
    Vi sjekkar også om det er noko bra livemusikk på ein av pubane ved hotellet.
    (F)

  • Dag 5: Dag 5 - Søndag

    Etter frukost har vi god tid til å nyte formiddagen i London. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til lunsj på ein koseleg restaurant ved hotellet.

    Avreise frå hotellet til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
28/9BergenLondonMeir enn 816 950,-BestillMer informasjon
28/9OsloLondonMeir enn 816 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo