Avreise med fly frå Oslo til Roma om morgonen. På bussturen frå flyplassen til hotellet får vi informasjon om Roma, og kva vi kan forvente dei neste dagane.
Vi sjekkar inn på det 4-stjerners hotellet vårt og får tid til å rusle rundt i nabolaget for å gjere oss kjende. Rundt hotellet finst mange trivelege kaféar og restaurantar der vi kan kjøpe oss lunsj på eiga hand. Hotellet ligg tett på det fargerike og stemningsfulle området Trastevere, ein del av Roma med smale gater, gode trattoriaer (restaurantar), små pubar og butikkar. På ettermiddag og kveld finn du gjerne musikk i gatene.
På kvelden vert det velkomstmiddag.
(M)
Etter ein lang og god frukost legg vi opp til ei Tosca-vandring i sentrum av Roma, der fokuset er på stader der handlinga i operaen Tosca utspelar seg. Plottet er lagt til Napoleon si erobring av Italia hundre år tidlegare. Tematikken er likevel tidlaus: Makt og erotikk, og kor langt menneska er villige til å strekke seg for dette. Operaen inneheld nokre av dei finaste ariane i musikkhistoria.
Det som er så fantastisk med Tosca, er at kvar av aktene går føre seg på verkelege stader i Roma. Då Puccini jobba med operaen, målte han for eksempel den eksakte lyden av tårnklokkene i Castel Sant'Angelo for å kunne skape dei att perfekt. På vandreturen følgjer vi i fotefara til Puccini i Roma sentrum. Vi skal blant anna sjå kyrkja Santa Andrea della Valle, renessanseplassen Palazzo Farnese og nettopp Castel Sant'Angelo, eller Engleborga på norsk. Til slutt endar vi opp på Piazza Navona med dei vakre fontenene og den egyptiske obelisken. Piazza Navona er rekna som Roma si storstove med yrande folkeliv heile dagen. Dette er også helga der den tradisjonelle «Mercato della Befana» (heksas marknad eller julemarknad om ein vil) opnar akkurat her, på Piazza Navona.
Etter vandreturen får vi servert lunsj på ein koseleg restaurant. Vidare tek vi oss tid til å sjå på folkelivet, kosar oss og slappar av med ein kopp kaffi eller noko godt i glaset. Dette kan også vere ein ettermiddag for shopping, om ein ønskjer det.
Vi rår alle til å undersøkje behovet for å tinge billettar på førehand til attraksjonar ein vil vitje medan ein er i Roma. Ettermiddagen og kvelden til eigen disposisjon. Reiseleiar kjem gjerne med tips til attraksjonar og restaurantar.
(F, L)
Etter frukost denne dagen er det opp til kvar og ein å nytte dagen i Roma på eiga hand. Byen er som eit levande museum, så her er det mykje å velje mellom. Alle står fritt til å sjå det dei sjølve ønskjer å få med seg når vi først er i Roma.
Fleire vil gjerne besøkje Peterskyrkja og oppleve magien der. Vi kan også anbefale kunstmuseet Galleria Borghese, som husar verk frå fleire av Italia sine mange kunstnarar. Her finn du verk frå både Leonardo da Vinci, Caravaggio og Bernini med fleire.
Dei som ønskjer det, kan slå følgje med reiseleiaren denne dagen på ein vandretur. Vi får med oss den berømte Spansketrappa, og besøkjer verdskjende Fontana di Trevi, aller mest kjend frå badescena med Anita Ekberg i Frederico Fellinis film “La dolce vita”. Det er vidare kort veg til storslegne Pantheon frå ca. år 125. Bygninga vart først bygd som tempel, men etter innføringa av kristendommen har den vore nytta som gudshus. Pantheon, tyder alle gudars sitt tempel, og blir rekna som eitt av verda sine store underverk. Lunsj på eiga hand denne dagen.
Om kvelden vi gjer oss klare for eit av turens høgdepunkt, operaen Tosca, i ærverdige Teatro del Opera.
(F)
Etter frukost sjekkar vi ut frå romma og blir henta med buss. Bussen køyrer oss til flyplassen, og vi tek fly til Oslo.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
7/12 | Oslo | Roma | Fullbooka, venteliste | 16 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |