Skip to main content

Roy Jacobsens Helgeland

Fotograf - Therese Jægtvik
Fotograf - Olav Breen

19. - 23. august 2021.

I Roy Jacobsen sine bøker finn vi fantastiske skildringar av det harde livet på den vakre Helgelandskysten. No kan du bli med forfattaren til landsdelen som gav han inspirasjonen til dei mange romanane som har toppa bestseljarlistene. Vi bur ved foten av dei Sju søstre, i Sandnessjøen, mens vi utforskar dei unike øysamfunna saman med forfattaren.

Roy Jacobsen debuterte som forfattar i 1982 med novellesamlinga Fangeliv, ei bok han mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for. Det verkelege gjennombrotet hans kom i 1991 med romanen Seierherrene, som gav han nominasjon til Nordisk råds litteraturpris. Som karakterane i denne romanen voks Jacobsen opp i Groruddalen i Oslo, med ei mor frå Helgeland. Jacobsen sjølv har vore mykje på heimplassen hennar på Solfjellsjøen på Dønna. Med serien om livet på Barrøy var forfattaren tilbake til Helgelandskysten med romanane De usynlige, Hvitt hav og Rigels øyne. Hausten 2020 kom fjerde bok i serien, Bare en mor, og med desse bøkene har han forsterka sin posisjon som ein av vore fremste forfattarar.

Gjennom daglege foredrag og guiding av Roy Jacobsen vil vi kome nærmare romanane hans med motiv frå den naturskjønne og nådelause Helgelandskysten.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 19. august – Velkommen til Helgelandskysten

    Reisa til Sandnessjøen ordnast på eiga hand. Transportvegane kan vere Hurtigruta, tog til Mosjøen og buss vidare, fly til Sandessjøen eller eigen bil. Hotellet vårt, Scandic Sju Søstre, og byen Sandnessjøen er vårt faste haldepunkt på turen. Sandessjøen er administrasjonssenteret i Alstahaug kommune. I denne kommunen ligg attraksjonane Petter Dass-museet, Helgelandsbrua og den vakre fjellkjeda Sju søstre. Byen har lenge vore viktig for handel og sjøfart, og var bustaden for vikinghøvdingen Torolv Kveldulvsson.

    Innsjekking på hotellet om ettermiddagen, og reiseleiar frå Fotefar tek i mot dei reisande i resepsjonen. Hotellet ligg med nydeleg utsikt utover sjøen til holmar og skjær. Vegg i vegg finn ein Kulturbadet med kinosalar og basseng. Det er også mogleg med shopping, då gågata startar ved hotellhjørnet.

    Turprogrammet startar med forelesing av Roy Jacobsen kl. 17:00, og etterpå blir det middag og bli-kjend-kveld på hotellet vårt.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 20. august – Dønna, Roy Jacobsens land

    Etter frukost får vi ei ny forelesing av Roy om mor hans sin heimstad på Dønna og den nye boka, Bare en mor.

    Med ferje dreg vi over til Dønna, kor vi køyrer vidare til Snekkevik skole. Denne skulen minner om skulen skildra i Barrøy-trilogien. Roy Jacobsen låser oss inn og fortel om skulen i øysamfunnet frå bøkene sine. Vi dreg så til Dønnes gard, trygt plassert ved foten av Dønnesfjellet. Under garden finn vi ei av dei tre kjende steinkyrkjene på Helgeland og Norges største og best bevarte gravkammer. Vi får omvising på garden, i kyrka og i mausoleet. Kyrkja er smykka med tittelen: Nordlands vakraste steinkyrkje. Den er absolutt verd eit besøk.

    Etterpå dreg vi opp på Dønnesfjellet og får ei flott utsikt til den vakre Helgelandskysten med Rødøy, Dei sju søstre, Lovund og Vega verdsarvområde. Her oppe ligg også ein radarstasjon og restane av ei tysk forlegning frå andre verdskrig. Under krigen var mange russiske krigsfangar stasjonerte i Nord-Norge for å gjere arbeid for tyskarane. Roy guidar oss igjennom desse opplevingane.

    Vidare køyrer vi gjennom det storslegne landskapet på Helgeland, over bruer til øyer og skjær som ligg bada i det grunne havet. Vi ser sjøfuglar segle på frisk sjøbris når bussen tek oss bort frå Dønna på veg til Herøy. Då er det på tide å ete lunsj (ikkje inkludert), og vi stoppar på Augustbrygga. Vi anbefaler eit besøk på visingsrommet dei nyleg har bygd her. Det illustrerer historia for laksefiske, som har vore viktig for denne handelsstaden.

    Neste på programmet er eit besøk på Herøy kyrkje og bygdemuseum. Her står søsterkyrkja til Dønnes. Styraren ved museet gjev meir informasjon om staden før vi ser oss om på eiga hand.

    Til slutt tek vi ferga frå Herøy til Søvik og køyrer tilbake til Sandnessjøen. Denne kvelden kan dei som vil, ete middag på eiga hand eller saman med reiseleiar på hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 21. august – Alstahaug og Tjøtta

    Etter frukost startar vi med forelesing av Roy Jacobsen.

    Denne dagen går turen først til Alstahaug for å besøkje Petter Dass-museet. Petter Dass var diktarprest og har spelt ei sentral rolle i vår kulturhistorie, med verk som Norlands Trompet og salma Herre Gud, ditt dyre namn og ære. På Alstahaug går vi inn i tusenårsstaden, teikna av arkitektfirmaet Snøhetta, og ser filmen om Petter Dass. Vi får så omvising i kyrkja og på minnesmerket. Etter omvisinga kjøper vi oss lunsj (ikkje inkludert) i den koselege kaféen med utsikt til havet. Det blir så tid til å gå rundt i utstillingane på eiga hand.

    Etter Alstahaug dreg vi til den russiske krigskyrkjegarden og minnesmerket til M/S Rigel. Her vil Roy Jacobsen fortelje om den vonde lagnaden til krigsfangane og det tragiske havariet til skipet. Det vart bomba av engelskmennene og om lag 2570 personar mista livet. Dei fleste var krigsfangar frå Aust-Europa. Det var og ein god del tyske soldatar, samt sju nordmenn. Det er sagt at 415 personar vart redda ved at den tyske kapteinen styrde skipet inn på ei grunne ved Sør-Rosøya. Dette var den største enkelttragedien i Norge under andre verdskrig og ein av dei største i Norges historie. Nord-Norges krigshistorie er elles sentral i forteljinga om Ingrid Barrøy i bøkene til Jacobsen.

    Vidare tek vi turen til Tjøtta gods, som skal ha vore høvdingsetet til Hårek på Tjøtta. Her skal det ha vorte bygd ei kyrkje rundt år 1000. Det skal ha skjedd etter at Hårek let seg døype på garden. Diverre er det ikkje originalkyrkja som står her i dag, då den har brunne to gonger. Etter den andre brannen vart kyrkja reve. I dag står dei ei kyrkje frå 1851 på godset. Vi går inn i denne kyrkja og set oss på kyrkjebenkane. Roy fortel så om kva slags maktsentrum Tjøtta var frå mellomalderen. Jacobsen er spesielt interessert i sagalitteratur og vikinghistorie.

    På tilbaketuren køyrer vi til langhuset Torolvstein og får med oss eit skikkeleg vikinggilde. Dei som vil, kan kle seg i vikingdrakter for middagsfesten og delta i kappestrid før vi set oss til bords. Roy fortel om Egil Skallagrimsson med slektskap frå Sandnessjøen.

    Etter ein hyggeleg middag og kveld køyrer vi tilbake til hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 22. august – Ein dag til havs

    Etter frukost går vi ned den korte vegen til kaia i Sandnessjøen og om bord i båten vår, som denne dagen fører oss til havs.

    Første stopp er på Sandsundsvær som vinteren 1901 vart utsett for ein naturkatastrofe. Kombinasjon av springflo og orkan enda med at 34 personar miste livet, og åtte av desse vart aldri funne att. Vi går i land i været, og Roy fortel meir om denne grufulle hendinga.

    Båten vår tek oss vidare til Skibbåtsvær, eit fiskevær som no er fråflytta. Bestefar til Jacobsen dreiv i si tid fiske ved ein holme her, med namn Moholmen. Vi får høyre historier frå livet som fiskar på sjøen. Tilbake i båten køyrer vi forbi Gåsvær, der det budde fiskarar heilt til 60-åra. Vidare ser vi Åsvær med det 18 meter høge fyret før vi set kursen tilbake til Sandnessjøen. På vegen dit held Roy Jacobsen eit nytt foredrag.

    Sandnessjøen har fleire kafear og restaurantar. Denne kvelden blir det middag på eiga hand. Dette er eit godt høve til å bli kjend med lokalbefolkninga.
    (F, L)

  • Dag 5: Måndag 23. august - Avreise

    Vi et frukost og får siste forelesing med Roy Jacobsen, der han summerer opp dagane og foredraga vi har hatt saman. Det vil også vere ei runde med spørsmål og svar om det er noko meir ein måtte ønskje å vite om forfattaren og romanane hans.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
19/8Scandic Syv SøstreFullbooka, venteliste14 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo