Skip to main content

Sagaøya Island med Kirsti MacDonald Jareg

14. - 19. september 2023.

Vi har med oss forfattar Kirsti MacDonald Jareg når vi besøker Island for å lære meir om livet på sagaøya.

Det blir seks spennande dagar med historie, kultur og sagaer i tillegg til fantastiske naturattraksjonar. Turen startar i Reykjavik der vi ser oss om og vert betre kjend med byen. Det blir utflukter til blant anna ein av heimane til Snorre Sturlason på Røykholt. Sjølvsagt skal vi kike på dei verdskjende attraksjonane Thingvellir, Geysir og Gullfoss. Bli gjerne med til Heimaey i Vestmannaeyjar der vulkanutbrotet til Eldfjell skaka øysamfunnet i 1973. Du får også med deg dei store sandørkenane og lavafelta til vulkanen Katla i aust medan vi besøker Vik og brearmen Solheimsjøkulln.

Kirsti MacDonald Jareg er vår dyktige guide på øya. Reiseskildringa hennar frå Island er den tredje boka ho skreiv om atlantiske øyar. I boka svingar ho lett mellom sagaene, skildringar av ver og landskap og portrett av islendingar ho møtte på reisa si. No kan du bli med henne på ny oppdagingsferd til dette spennande landet.

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 14. september – Velkommen til Island

    Utreise frå Bergen og Oslo. Vi kjem fram til Island tidleg på føremiddagen. Frå flyplassen og på veg til Reykjavik besøker vi den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønsker det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra med tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk ved bassenget. Dette er eit val du kan legge til ved bestilling, mot eit tillegg i pris.

    Bussen køyrer oss vidare til Reykjavik og hotellet vårt. Om kvelden møtest vi til velkomstmiddag i restauranten på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 15. september – Reykholt og Reykjavik

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og i hamna for å sjå på folkelivet. I dag kan ein også velje å vere med på ei utflukt (må forhandsbestillast mot tillegg i pris) nordover frå Reykjavik.

    Utflukta denne morgonen startar med buss frå hotellet. Den tek oss langs kysten til vi kjem til Borgarnes, der vi følgjer Reykholtdalen til Reykholt, den gjævaste av Snorre Sturlason sine mange gardar. Der skreiv han Heimskringla, soga om dei norske kongane. I dag kan vi sjå omrisset av kvar av bygningane låg, og framleis stig det damp frå Snorres varme bad, Snorralaug. Det var også her han blei myrda i 1241, og familiegrava ligg berre eit steinkast unna. Vi besøker det interessante museet Snorrastofa, som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held Geir Waage eit interessant kåseri for gruppa vår. Han har vore prest på Reykholt sidan 1978 og er ein svært kunnskapsrik formidlar av Snorres liv og historia til staden. Dei som har lese reiseskildringa til Kirsti frå Island, vil hugse eit intervju ho hadde med Geir Waage.

    Vi dreg vidare nordover til ein av Island sine vakre naturattraksjonar og segnomtalte stader. På Hraunfossar ser vi korleis vatn har funne vegen mellom laga av lava frå forskjellige utbrot. Kirsti fortel oss soga om Barnafossar medan vi et lunsj (inkludert i prisen for utflukta).

    Etter besøket til fossane, tek bussen oss tilbake til Reykjavik. Dei som har vore på utflukt kan ta ein strekk på romma, før vi er klare for ei byvandring med Kirsti som guide.

    Vi startar med kort vandring til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leiv Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå går vi til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa. Vi dreg vidare til landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2; Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar. I Reykjavik 871 +/- 2 finst det spor av busetjingar frå både før og etter utbrotet. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser illustrasjonane som viser korleis tilhøva var for dei først som slo seg ned på øya.

    I kveld et vi middag på eiga hand. Reiseleiaren kjem med råd om gode restaurantar, og fleire kan gjerne gå saman. Om kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 16. september – Geysir, Gullfoss, Skálholt og Kerið

    Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til det imponerande fossefallet Gullfoss. Turen går så til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir. Vi tek oss god tid her, slik at vi får sjå dei imponerande vassøylene sprute høgt over bakken. Her kjøper vi oss lunsj på eiga hand.

    Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt, som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Vi gå igjennom det vesle museet under kyrkja og lærer vi om historia om biskopane og om kyrkjene som har stått på Skálholt. Siste stopp denne dagen er den vulkanske kratersjøen Kerið. Krateret er ca. 3000 år gamalt, og vart til da vulkanen kollapsa ned i sitt eige magmakammer. I ettertid har grunnvatn funne vegen inn i krateret og dannar no eit lite rundt vatn.

    Vi endar dagen i Selfoss og sjekkar inn på hotellet vårt. Selfoss er ein tettstad i stor vekst, spesielt etter pandemien då fleire bestemde seg for å flytte ut av Reykjavik. Rundt hotellet finn vi fleire trivelege restaurantar med god mat. Eit godt alternativ er å ta turen til mathallen Mjólkurbúið.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 17. september – Vestmannaeyjar, «Nordens Pompeii» eller varme kjelder i Hveragerdi

    Dette blir ein dag med mykje fleksibilitet. Vel mellom ei utflukt til Vestmannaeyjar, tid til eigen utforsking eller hesteriding i Hveragerdi.

    Program for utflukt til Vestmannaeyjar
    Etter frukost køyrer bussen oss i retning ferjeleiet til Vestmannaeyjar. Er vi heldige med vêret, får vi ei storslagen utsikt mot fastlandet og Sør-Islands jøklar (Isbrear) frå ferjedekket.

    Innseglinga til Heimaey, som er den einaste busette øya på Vestmanneyjar, går gjennom eit trongt sund. På eine sida er det svarte lavarestar, og på andre sida er det loddrette havklipper som ruver over ferga. Vi går til hotellet, set frå oss bagasjen og vandrar opp til museet Eldheimar. Dette er eit godt namn på museet for vulkanutbrotet til Eldfell i 1973, som dekte fleire heimar i oske og lava. På museet ser vi eit av husa, som er grave ut av det tjukke oskelaget.

    Etterpå får vi fritid. Mange vil nok ete lunsj på museet før dei går ein tur på lavamassane eller i retning dei mange klippene som er heimen til lundefuglane om sumaren.

    I kveld blir det felles middag på hotellet. Vi får selskap av den førre eigaren av hotellet, Magnus Bragason, som Kirsti har skrive om i boka si. Han var 6 år då Eldfell braut ut og hugsar den grufulle natta, men også sumarferien i Norge medan dei var evakuerte frå øya. Han fortel også om livet med lundefuglane. (Utflukta til Vestmannaeyjar inkluderer buss til ferjeleiet, ferje t/r Vestmannaeyjar, inngang til Eldheimar museum, middag på hotellet med Magnus Bragason og hotellovernatting).

    Dei som vel å bli att på fastlandet, vil kunne kose seg med ein lang frukost denne dagen. Bussen hentar dykk på hotellet og køyrer til Hveragerdi som er nabobyen til Selfoss. På vegen dit kan ein gå av hjå Eldhestar, og her blir det ridetur (aktiviteten kjem mot tillegg i pris). Dei som er med bussen vidare får tid til å utforske Hveragerdi på eiga hand.

    Hveragerdi er ein spennande liten by på Sør-Island. Her er det mykje seismisk aktivitet, og med jamne mellomrom kan ein kjenne jordskjelv. Byen er også heimen til gartnarskulen på Island. Det er mange drivhus for både blomster, hagevekstar og grønsaker rundt om i byen. Her finst det ikkje sesong-grønsaker, då varmt grunnvatn blir pumpa i røyr rundt om i drivhusa slik at temperaturen blir halden oppe heile året. At det er varme i bakken her, er ikkje vanskeleg å sjå, kvit røyk frå varme kjelder stig opp rundt heile byen.
    (F)

  • Dag 5: Måndag 18. september – Skogafoss, svarte sandstrender, Vik og Solheimsjøkulln

    Det blir tidleg morgon både for dei på fastlandet og på Vestmannaeyjar. Vi møtest att på ferjeleiet når ferja frå Vestmannaeyjar kjem i land, og vi får ein lang dag med fantastiske naturopplevingar. Det første vi ser er Skogafoss, eit kolossalt fossefall som ein nærmast kan gå inn i. Bak fossen ligger Eyjafjallajökull som lamma Europa med det spektakulære vulkanutbrotet i 2010. Her blir det tid til å gå tur langs elva oppover i fjellet eller ein kopp med kaffi på eit hotell og museumsbesøk.

    Bussen tek oss til Dyrhólaey og Vik. Den svarte lavastranda i Vík er like lunefull som ho er mektig. Ute i havet stikk Reynisdrangar opp frå det urolege havet. Dei er svarte og forvridde pilarar som ein gong var ein del av landet, men som havet har erodert til einslege stabbar ute i bølgjene. Soga meiner at sjøklippene var gamle troll som vart til stein då lyset tok dei. I det vi passerer gjennom sandørkenar, eller sandur som islendingane kallar dei, viser Island sin dramatiske natur seg frå si beste side. No ventar innbyggarane her i området på neste store utbrot frå vulkanen Katla som ligger under den mektige breen Mýrdalsjökull. Under førre store utbrot i 1918 vart kystlinja utvida med fem kilometer.

    Vi køyrer ein liten tur forbi Vik for å sjå dei kolossale slettene med svart «ørken» som blir skapt av sjokkfloder av smelta isbre under vulkanutbrot. Det er sannleg som å vere eit ingenmannsland når ein ser utover desse landmassane utan vegetasjon. Berre svart sand med ein bekk eller ei elv her og der. Det er ingen som bur akkurat i desse områda.

    I Vik tek vi oss god tid på eiga hand. Her kan ein velje mellom fleire stader å ete lunsj.

    På returen besøker vi Solheimsjøkulln. Her ser vi den kolossale isveggen smelte inn i eit lite vatn. På breen kan vi skimte mange fargerike, turkledde turistar vandre i rekke med isbroddar på føtene på ein av brearmane til Myrdalsjøkulln.

    Vi tek turen innom Eyjafjallajökull Info stop, som den siste stoppen før vi er framme på hotellet. På den andre sida av vegen ligg garden Thorvaldseyri som blei verdskjend då Eyjafjallas vulkanutbrot flimra over TV-skjermar i 2010. Bak garden velta svarte skyer seg opp mot himmelen og regna oske ned over husa og jordbrukslandet til alt var dekt av eit tjukt okselag.

    Framme i Hveragerdi sjekkar dei som kjem frå Vestmannaeyjar inn på hotellet. I kveld samlast vi i restauranten på hotellet til ein god avsluttingsmiddag.
    (F, M)

  • Dag 6: Tysdag 19. september – Sørvegen til flyplassen og heimreise

    Vi et frukost saman før bussen tek oss til flyplassen. Vi køyrer sørsida av Reykjavikneset på veg til Keflavik. Her passera vi mosekledd landskap, fuglefjell, vi kan få auge på ny lava frå vulkanutbrotet i 2021 og røken til den Blå Lagune.

    Framme på Keflavik går flyet til Oslo og vidare til Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
14/9BergenIsland625 950,-BestillMer informasjon
14/9OsloIslandMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo