Skip to main content

Shetland med Dag Lindebjerg

 

5. - 8. august 2023.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med TV-profilen og “vesterleds-entusiasten” Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til dette spennande området, og han vart reiseleiar dit. Mange har hatt glede av å vere med han, og no kan det vere din tur til å få ei eventyrreise vest i havet.

Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket på øyane i vest. Ein tur til  Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal vitje mange historiske attraksjonar. På heile turen nyt vi god mat og møter eit gjestfritt folk i vakre omgjevnader.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 5. august - Bergen til Shetland

    Avreise med fly frå Bergen Flesland til Shetland Sumburgh.

    Framme i på Sumburgh byrjar Dag Lindebjerg formidlinga si allereie på flyplassen. Der blir vi henta av tilsette på Sumburgh Hotelder vi skal bu.

    I området rundt hotellet driv dei framleis på med spennande utgravingar etter gamal busetnad, og vi vil gjere oss kjende med desse under opphaldet vårt. Sumburgh ligg vakkert til her på sørspissen av Shetland, med strender, klipper og åsar. Her vil det verte høve til fleire fine rusleturar i nærområdet dei neste dagane.

    På ettermiddagen køyrer bussen oss til byen Lerwick, som er hovudstaden på Shetland. Vi skal først ta ferja over til Bressay, der vi ruslar opp bakkane til Maryfield House Hotel, som skal servere oss middag.  

    Utpå kvelden, etter ein god middag, går vi ned til kaia igjen for å ta ferja tilbake til Lerwick. Der rekker vi ein liter tur oppom på The Lounge, før vi vert henta av bussen og køyrt tilbake til hotellet. The Lounge er kjend for god stemning og live Shetland-musikk.

    Gjennom dei neste dagane skal vi bli kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Heilt sidan dei norske vikingane regjerte her, har det vore sterke band mellom Shetland og Norge. Under andre verdskrig vart desse banda knytt endå tettare saman, og framleis er vi nordmenn populære gjester på øyriket i vest.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 6. august - Rundtur på Mainland

    Etter ein god frukost skal vi bruke dagen på den store øya Mainland. Første går turen nord til Lunna, staden der Shetlands-Larsen og gjengen hans hadde basen sin i starten av krigen. Huset dei held til i, ligg her tett inntil ei vakker, lita, kvit steinkyrkje, og vi skal ned på kaia for å sjå der dei norske båtane la til.  Her har folka i huset venta mang ein gong på å sjå båtane komme seg over frå Norge.

    Etter Lunna køyrer vi sørover i retning Scalloway, byen som vart hovudbasen til Shetlands-Larsen og dei norske som kryssa over frå Norge. Her fekk dei leige seg ein slipp, og vedlikehaldet på båtane vart enklare. Scalloway vart nesten rekna som ein norsk by under krigen. Folket her verna godt om motstandsfolka og båtane som kom frå Norge. Etter kvart samla det seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Shetlands-Larsen, var skipper på 52 av dei. Lunsj undervegs denne dagen.

    I Scalloway stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Vi skal også kikke på slippen som dei norske båtane nytta, Prince Olav Slipway, og vi skal innom Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrig. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

    Om ettermiddagen fortset vi turen sørover på øya igjen, men før vi kjem fram til hotellet vårt,  skal vi stoppe ved vakre øya St. Ninian. Denne øya vart knytt saman med Mainland av ei strand, ein såkalla tombolos, som har sjø på begge sider. På øya finn vi ein gamal ruin av eit kapell. Bussen vår kan ikkje køyre like ned til St. Ninian, så her får vi ein gåtur på knapt ein kilometer ned til stranda. For dei som vil ut på øya, vert avstanden noko større.

    Tilbake på hotellet vert det felles middag.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Måndag 7. august - Lerwick og Sumburgh Head

    Etter frukost dreg vi inn til Lerwick for å bli betre kjende med hovudstaden på Shetland. Her bur det om lag 7500- innbyggjarar. Vi ruslar frå gamlebyen til Shetland Museum, der store delar av historia til Shetland er samla.

    Shetland Museum inkluderer både historie, geologi, busetnad opp gjennom tidene heilt frå steinalder, jordbruk og levemåte, handarbeid og maritim historie. Felles lunsj denne dagen.

    Frå Shetland Museum ruslar vi tilbake mot gamlebyen og passerer både Town Hall og Fort Charlotte.  Fortet som ligg strategisk til med utsyn over Sound of Bressay vart bygt opp frå midten av 1600-talet. Etter ei runde saman med Dag Lindebjerg vil det bli høve til litt tid på eiga hand før vi blir henta av bussen for å komme oss sørover igjen. På vegen ut av byen stoppar vi ved Clickimin Broch, og desse ruinane kan daterast heilt tilbake til 1000 før Kr. Busetnaden her var truleg i bruk frå den tida og fram til om lag 500 etter Kr. 

    På tilbakevegen køyrer vi først forbi hotellet vårt til Sumburgh Head, som er det sørlegaste punktet på Shetland. Fyret ligg flott til med klipper på begge sider. Her går vi ein tur opp til fyret. Ha gjerne med deg kikkerten i sekken på denne turen. Etter stoppen her kan ein velje å rusle til hotellet eller sitje på med bussen.

    Om kvelden felles middag på hotellet, der også den lokale puben ligg.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 8. august - Retur til Norge

    Etter ein god og lang frukost, kan ein nytte dei siste timane på hotellet og i nærområdet.

    Om ein ikkje har vitja den prehistoriske busetnaden Jarshof tidlegare under opphaldet, er dette dagen for å gjere det. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

    Utpå føremiddagen blir vi frakta til flyplassen Sumburgh for fly heim til Bergen.
    (F)

Reisekalender
26/4Blomstercruise på kanalar i Nederland og BelgiaFrå 14 950,-
26/4Blomstercruise på kanalar i Nederland og BelgiaFrå 11 950,-
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo