Skip to main content

Shetland med Dag Lindebjerg

2. - 6. august 2022.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med TV-profil og vesterleds-entusiast Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til alle øyane. Han vart reiseleiar dit, og mange har hatt glede av å vere med han. No kan det vere din tur! 

Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket på øyane i vest. Ei reise på Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Noreg og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal vitje mange historiske attraksjonar. På heile turen nyt vi god mat og møter ei gjestfri folkeferd i vakre omgjevnader.

Vi inviterer deg med på ei eventyrreise i til øyane vest i havet.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 2. august - Bergen til Shetland

    Avreise med fly frå Bergen Flesland til Shetland Sumburgh.

    Gjennom dei neste dagane skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som først døydde ut på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar, dreiv dei plyndringsferder mot Skottland og så attende til Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 nådde skipa hans det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst. Med denne flåten annekterte Harald både Orknøyane og Hjaltland. Framleis er her spor etter vikingane. 

    Framme i Lerwick sjekkar vi inn på hotellet vårt.

    Felles middag på kvelden.

     (M)

  • Dag 2: Onsdag 3. august - Lerwick

    Etter ein god frukost skal vi i dag bli betre kjent med «hovudstaden» Lerwick. Vi tek ein felles tur i sentrum der gamlebyen, Town Hall og Fort Charlotte er først på agenda. Lunsj på eiga hand, og reiseleiaren kjem gjerne med tips her. På ettermiddagen treffest vi for ein tur på Shetlandmuseet, som vil gje oss eit godt grunnlag for dagane på Shetland.  

    For dei som er ekstra interessert i ull og strikketøy, vil reiseleiaren vise kvar ein skal gå for å komme til Jamieson and Smith sitt utsal.

    Felles middag.
    (F, M)

  • Dag 3: Torsdag 4. august - Rundtur nord på Shetland

    Etter tidleg frukost starar vi dagen si utflukt nordover til øya Unst og byen Haraldsvik. På dagens rundtur tek vi ferje til øyane Yell og Unst og får høve til å nyte den vakre naturen frå sjøsida. Haraldsvik har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit i år 875. Haraldsvik vart den første staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge.

    Vi får høve til å vitje Båthuset i Haraldsvik. I tillegg skal vi ein tur til fjells dersom veret tillèt det og få flott utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga. Dette er det nordlegaste punktet i Storbritannia.

    På veg tilbake til Lerwick køyrer vi ein liten omveg  til staden der Lunna House ligg. Lunna var den første basen for Leif Larsen og Shetlandsgjengen under 2. verdskrig. I hagen der heng det ein plakett til minne om Shetlandsgjengen. Lunna House er i dag eit privathus.

    Felles lunsj undervegs. På kvelden vert det felles middag i Lerwick.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 5. august - Rundtur sør på Shetland st Rundtur sør på Shetland Rundtur sør på Shetland

    Etter frukost reiser vi heilt sør til Sumburgh Head (området der flyplassen ligg). Vi får sjå fyret som ligg flott til med klipper på begge sider. Vi skal også vitje ruinbyen Jarshof, med restar av hus frå både steinalder og vikingtid. Etter lunsj tek vi ein tur til den vakre øya St. Ninian, øya med den kvite sandstranda som bind saman St. Ninian med fastlandet.

    På ettermiddagen køyrer vi over til den «norske» byen Scalloway, byen som vart hovudbasen for Shetlandsgjengen etter at Lunna House vart for lite. Her var det også betre fasilitetar for reperasjon av båtane, og det vart dedikert ein eigen slipp til den norske trafikken. Scalloway Museum har også ei eiga avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

    Lunsj undervegs og felles middag i Lerwick på kvelden.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Laurdag 6. august - Retur til Norge

    Etter frukost køyrer bussen oss til flyplassen Sumburgh for fly heim til Bergen.

    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/8BergenLerwickMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo